Hopp til innhald
Øving

Få geografisk oversikt

Det er artigare å jobbe med geografifaget om du veit omtrent kvar Nilen renn, kvar Himalaya er, og kvar Beijing er hovudstad. Denne oppgåva kan du bruke til å få litt geografisk oversikt over verda.

Mål med oppgåva

På denne sida finn du ulike ressursar du kan bruke for å få geografisk oversikt over verda. Målet er at du skal lære deg

  • nokre viktige land og kvar dei ligg

  • kva som er hovudstadene i nokre sentrale land

  • kvar dei største fjellkjedene, hava og elvene i verda ligg

Innhaldet er visuelt.

Få oversikt over verda

Treng du å bli litt betre kjend med verda før du vil teste deg? Under finn du eit verdskart med land, byar, elver og fjell, som du kan zoome inn og ut i. Dersom du vil sjå på kartet i fullskjermmodus, finn du kartet på NDLAs ArcGIS-side.

1. Land i Europa

Klarer du å plassere alle landa i Europa på kartet? Først skal du plassere landa nord i Europa. På dei neste sidene skal du plassere landa sør i Europa. Du kan dra landa til rett boks, eller du kan trykke på namnet på eit land og deretter trykke på boksen du vil plassere det i.

2. Nokre sentrale land i verda

I denne oppgåva skal du sjå om du kjenner igjen nokre sentrale land i verda på eit kart.

3. Hovudstader

I denne oppgåva kan du sjekke om du har kontroll på nokre viktige hovudstader i verda. Du skal svare på totalt 15 spørsmål.

4. Hav, fjell og elver

I denne oppgåva skal du bla deg gjennom tre sider der du skal plassere nokre viktige hav, fjellkjeder og elver på verdskartet.

5. Geografiske nøtter

Under kan du prøve deg på nokre geografiske nøtter om fjelltoppar, strete, kanalar og øyer. Oppgåva har seks sider.