Hopp til innhald
Fagartikkel

Kan eit kart lyge?

Det er lett å tenke at eit kart er ei objektiv og korrekt attgiving av verkelegheita. Men er det eigentleg slik?

Kort oppsummering

  • Kart er ikkje nøytrale eller objektive.

  • Ein kartograf gjer mange val, og desse vala påverkar korleis vi forstår verda.

  • Alle kart inneheld feil sidan det ikkje er mogleg å gjere ein rund jordklode til eit flatt kart.

Kart er ikkje nøytrale og objektive

Opplever du òg at kartet over er litt feil? Kart er ikkje ein nøytral og måte å presentere verkelegheita på. Sidan kart er ei forenkling av verkelegheita, vel kartografen kva som skal vere med i kartet, og korleis det skal givast att. Dette har mykje å seie for korleis vi oppfattar kartet.

Framstillinga av verkelegheita i kart påverkar oss og synet vårt på verda. Det er enklare for oss å tenke at Europa er sentralt i verda når vi alltid har sett Europa midt på kartet.

Kartografen gjer mange val

Bla mellom dei to karta under. Begge karta viser befolkningstettleik, men på heilt ulike måtar. Kva er fordelane og ulempene med desse to ulike løysingane?

Kartografen vel

  • området som blir teke med

  • farge- og symbolbruk

  • data som er grunnlaget for kartet

  • kategoriane dataa blir delte i

Desse vala påverkar korleis vi oppfattar informasjonen kartet viser. Viss noko blir framstilt med ein sterk raudfarge, kan vi tenke at det er noko farleg eller negativt, mens det som er grønt, er bra og positivt.

På dette kartet varierer intervalla i kvar kategori. Første kategori går frå 1–9 innbyggarar per kvadratkilometer, deretter 10–19, 20–99, 100–499, 500–1999, 2000–4999 og til slutt 5000 eller fleire. Kvifor har kartteiknaren gjort det på denne måten, trur du?

Tenk etter

Kvifor og når er det viktig å vere klar over at kart ikkje er objektive og nøytrale framstillingar av verkelegheita?

Alle kart lyg – om projeksjonar

Kartprojeksjonar er måten vi vel å vise den runde jordkloden på eit flatt kart på. Sidan jordkloden er tredimensjonal og kartet er todimensjonalt, er det ikkje mogleg å lage eit kart som er heilt rett. Vi kan derfor seie at alle kart lyg.

Nokre kart viser vinklane mellom landområde riktig. Då kan vi bruke kartet til å finne rett kurs om vi til dømes skal segle frå Bergen til Island. Andre kart viser storleiksforholda mellom landområda ganske riktig, men ingen kart kan bevare både riktig form, storleik, avstand og vinklar samtidig.

Under er eit lyst bakgrunnskart laga etter den såkalla Mercator-projeksjonen. Då er vinklane mellom landområda riktig, men områda langt nord og sør for ekvator er dregne ut og ser dermed mykje større ut enn dei er i verkelegheita. Oppå bakgrunnskartet er dei ulike landområda lagde på i lilla farge. Desse viser den rett storleiken på landområda. På bakgrunnskartet er Grønland nesten like stort som Afrika, men Afrika er i verkelegheita omtrent 14 gonger større enn Grønland.

Kva projeksjon som blir brukt, avheng av kva område som skal avbildast, og kva karta skal brukast til. Ofte blir det likevel brukt ein Mercator-projeksjon, sannsynlegvis fordi dette er det kartet vi er mest vande til. Derfor kan mange av oss ha eit heilt feil bilete av storleiken på landområda i forhold til kvarandre.

Ulike typar projeksjonar

Vi deler i tre hovudtypar projeksjonar: planprojeksjon, kjegleprojeksjon og sylinderprojeksjon. Dei fleste verdskarta har ein sylinderprojeksjon.

Internt i desse tre hovudtypane er det ulike typar projeksjonar. Nokre viser vinklane rett, slik Mercator-projeksjonen gjer, mens andre viser storleiken på områda likt i forhold til kvarandre.

Sylinderprojeksjonar

Her er det ein strek, til dømes langs ekvator, som blir framstilt rett. Jo lenger nord eller sør for denne streket, jo mindre korrekt blir framstillinga. I nokre sylinderprojeksjonar er det prøvd å vege opp for dette med avrunda sider.

Mercator-projeksjon

Dette er ein mykje brukt sylinderprojeksjon der vinklane er rette. Områda langs ekvator blir riktig framstilte, men jo lenger nord og sør vi er frå ekvator, jo meir dregne ut blir landområda. Afrika er eigentleg 14 gonger større enn Grønland, men på eit kart med Mercator-projeksjon blir Grønland større enn Afrika.

Ecker IV-projeksjon

Dette er ein sylinderprojeksjon der sidene er avrunda. Her er storleiken på areala rett i forhold til kvarandre.

Gall-Peters projeksjon

Dette er òg ein sylinderprojeksjon der storleiken på areala i forhold til kvarandre er rett.

Planprojeksjonar

Her er det eit punkt som er korrekt framstilt, og jo lenger ut frå punktet vi kjem, jo større feil får vi. Planprojeksjonar blir ofte brukte for kart over polpunkta. Her er eit kart over Nordpolen.

Kjegleprojeksjonar

Her er det ein strek eller sirkel som er korrekt framstilt, og jo lenger nord eller sør vi kjem for denne, jo meir dregne blir områda. Kjegleprojeksjon passar viss vi skal vise eit land som strekker seg frå aust til vest.

Test deg sjølv

Tips til fordjuping

Viss du synest dette med kart og kartprojeksjonar er spennande, kan du sjekke ut desse nettsidene:

The True Size: Her kan du samanlikne og sjå korleis ulike land blir påverka av projeksjonen.

DigitalAtlasProject: Dette er ei samleside med mange lenker og ressursar knytte til geografifaget, mellom anna om kart og projeksjonar.

Kjelder

Eidsvik, E., Kolstad, E. W., Nielsen, P. R. & Vågenes, V. (2019). Verda og vi: Innføring i geografi. Det Norske Samlaget.

Rød, J. K. (2009). Verktøy for å beskrive verden. Tapir Akademisk Forlag.

Ørstavik, E. (2024, 2. oktober). Kartprojeksjon. I Store norske leksikon. https://snl.no/kartprojeksjon