Hopp til innhald
Oppgåve

Introduksjon til verktøy og metodar

Geografifaget handlar om å forstå "Kvifor er det slik akkurat her?". I emnet Verktøy og metodar for geografen skal vi prøve å forstå "Kva verktøy og metodar treng vi for å beskrive kvifor det er slik akkurat her?". Kva kan de om kart, statistikk, feltarbeid og geografisk oversikt frå før?

Mål med oppgåva

Måla med filmen og oppgåvene er at du skal

  • få eit innblikk i sentrale verktøy og metodar i faget

  • bli meir klar over kva du kan frå før om verktøya og metodane til geografen, og kva du ønsker å lære meir om

1. Kva verktøy og metodar er viktige i geografi?

A. Aktiver forkunnskapane dine

Diskuter kort i mindre grupper eller felles i klassen før de ser videoen:

  • Kva meiner vi med verktøy og metodar?

  • Kva verktøy og metodar trur du er sentrale i geografifaget?

B. Sjå film

Sjå filmen Kva verktøy og metodar treng geografen?. Han varer i 1,51 minutt.

Video: Christina Svien / CC BY-ND 4.0

C. Diskuter spørsmåla

Reflekter rundt spørsmåla under åleine i to–tre minutt. Gå deretter saman i grupper og diskuter spørsmåla. Til slutt styrer læraren ein klassesamtale om kva de tenker, om de var ueinige om noko i gruppene, og om de har fått nokre nye idéar etter å ha sett videoen.

  • Kva er eit kart?

  • Kva er observasjon, og kva betyr det å "sjå geografisk"?

  • Korleis kan statistikk hjelpe oss til å forstå verda?

  • Synest du vi treng å vite kor ulike hav, fylke, land, fjellkjeder og byar er? Kvifor eller kvifor ikkje?

Øvinga er visuell.

2. Kor godt kjenner du verda?

  1. Alle saman får eit blankt ark, gjerne i A3-storleik.

  2. Start nedteljing på ei klokke med alarm på fem minutt.

  3. Teikn eit verdskart med så mange detaljar som mogleg før klokka ringer. Prøv å tenk på storleikane på kontinenta i forhold til kvarandre, og kvar dei ligg i forhold til kvarandre.

  4. Diskuter kartet med sidemannen. Kva detaljar fekk dykk med? Var det vanskelegare enn de trudde? Er det nokre område av verda de har betre kontroll på enn andre?

  5. Sjå på nokre av karta i fellesskap til slutt.

Tips til læraren

Den siste oppgåva her passar godt som introduksjon til artikkelen "Kan eit kart lyge?".

Det går òg an å utvide den siste oppgåva ved å la elevane setje eit personleg preg på kartet. Dei kan til dømes fargelegge etter eit valfritt tema:

  • område dei har vore

  • område dei ønsker å dra til

  • rike og fattige land

  • befolkningsmengde

  • klima

  • levealder

  • økologisk fotavtrykk