Hopp til innhald
Oppgåve

Prøv deg som kartograf

No skal du få prøve deg som kartograf. Kva fargar, symbol og utsnitt gjer kartet best og tydelegast?
Oppgåvene går ut på å produsere visuelle framstillingar.

Mål med oppgåva

Måla med denne oppgåva er at du skal

  • bli meir bevisst på alle vala som blir gjorde før eit kart blir laga

  • bli meir kjeldebevisst og kjeldekritisk, òg til kart

Framgangsmåte

  1. Jobb individuelt eller gå saman i mindre grupper (to–tre elevar)

  2. Lag to kart med det same innhaldet, men bruk ulike fargar og symbol på dei to karta. Lag gjerne eit godt og tydeleg kart, og eit mindre godt kart. De kan velje om eit av karta eller begge skal lagast digitalt. I så fall kan de finne karttenester de kan bruke, i artikkelen "Bruk av digitale kartverktøy".

    Forslag til tema for karta:

    • bra stader å henge for ungdom

    • fine turar i nærområdet

    • landformer rundt skulen

    • område som kan bli ramma av naturfarar (ras, flaum, stormflod, skred)

  3. Presenter karta for resten av klassen.

  4. Til slutt kan de diskutere kva som gjer eit kart godt eller mindre godt. Her er nokre spørsmål de kan ta utgangspunkt i:

    • Kva kart likte dykk best? Kvifor?

    • Kva er viktig for at eit kart skal vere tydeleg og fungere?

    • Er det nokon fordelar med digitale kart?

    • Er det nokon fordelar med analoge kart?

Lenker til kartressursar

Desse ressursane kan vere lure å bruke når du skal jobbe med denne oppgåva: