Bruk av digitale kartverktøy
Det finst mange kartverktøy, men desse fire er spesielt relevante i geografifaget:
Kart i skolen
Norgeskart
Levende Atlas
Norge i bilder
Meistrar du desse, har du forstått grunnprinsippa og kan enkelt ta i bruk andre digitale kartverktøy.
1. Kart i skolen
Kart i skolen er eit digitalt kartverktøy laga for bruk i skulen. Her finn du mange ulike kartlag over Noreg. Du kan òg teikne i kartet, lage eigne kartlag og justere gjennomsiktigheita i dei ulike laga. Dei fleste vala ligg under "Vis meny".
Trykk og bli kjend med Kart i skolen
I det interaktive biletet under kan du trykke på informasjonsteikna og bli betre kjend med dei viktigaste funksjonane i Kart i skolen.
Prøv Kart i skolen sjølv
Under kan du prøve Kart i skolen sjølv. Viss du vil bruke kartet i fullskjermmodus, kan du gå til Kart i skolen.
2. Norgeskart
Norgeskart er ei populær teneste frå Kartverket. Her finst informasjon om eigedommar, turar, sjøkart, stadnamn, stiar, sykkelturar og meir. I geografifaget er det spesielt teiknefunksjonen som er nyttig, fordi vi enkelt kan dele og lage pdf-filer med kartlag vi har teikna sjølve.
Trykk og bli kjend med Norgeskart
I det interaktive biletet under kan du trykke på informasjonsteikna og bli betre kjend med dei viktigaste funksjonane i Norgeskart.
Prøv Norgeskart sjølv
Under kan du prøve Norgeskart sjølv. Viss du vil bruke kartet i fullskjermmodus, kan du gå til Norgeskart.
3. Levende Atlas
Levende Atlas er utvikla for skulen og har fleire spennande kartlag for heile verda.
Trykk og bli kjend med Levende Atlas
I det interaktive biletet under kan du trykke på informasjonsteikna og bli betre kjend med dei viktigaste funksjonane i Levende Atlas.
Prøv Levende Atlas sjølv
Under kan du prøve Levende Atlas sjølv. Viss du vil bruke kartet i fullskjermmodus, kan du gå til Levende Atlas.
4. Norge i bilder
Norge i bilder er eit samarbeid mellom mange ulike offentlege aktørar. Her kan du finne flyfoto frå heile Noreg i god kvalitet, og du kan velje 3D-visning. Då kan du undersøke ulike landskap nærare og sjå utviklinga i eit område over tid.
Trykk og bli kjent med Norge i bilder
I det interaktive biletet under kan du trykke på informasjonsteikna og bli betre kjend med dei viktigaste funksjonane i Norge i bilder.
Vil du prøve sjølv, kan du gå til Norge i bilder.