Hopp til innhald
Fagartikkel

Data, statistikk og grafiske framstillingar

For å forstå verda rundt oss treng vi å samle data om verda i statistikk, som vi set opp i diagram og tabellar. Når vi skal tolke desse grafiske framstillingane, er det fleire ting vi bør sjå etter.
På denne sida skal du lære om grafiske framstillingar, og fleire visuelle figurar blir brukte som døme. Alle vil likevel ha nytte av teksten.

Kort oppsummert

  • Data er faktaopplysningar vi kan måle og kategorisere, og statistikk er metodar vi bruker for å samle inn og tolke desse dataa.

  • Grafiske framstillingar gjer dataa og statistikken enklare å tolke.

  • Tittel, kjelde, nøkkel, aksar og skalaer og data er fem ting det er nyttig å sjå etter når du skal tolke ei grafisk framstilling.

Data og statistikk

Data er faktaopplysningar vi kan måle eller kategorisere. Dette kan vere alt frå tal over innvandring og utvandring, som i tabellen på biletet, og klimadata til kor stort forbruk ungdommar i Noreg har.

Statistikk er metodar vi bruker for å samle inn og tolke dataa. Statistikk blir gjerne lagra i tabellar. Ved hjelp av statistikk kan vi forstå og finne mønster i store mengder data. Viss du måler nedbør og temperatur ved huset ditt kvar dag i eit år, samlar du inn ein del data. Lagrar du dette i eit rekneark, får du statistikk som kan seie noko om klimaet der du bur. Statistikk kan òg brukast til å undersøke samanhengar og til å lage prognosar for kva som kan skje i framtida.

Korleis gjere statistikken enklare å forstå?

Tabellen over innvandring og utvandring i Noreg frå 1953 til 1971 inneheld mange tal. Desse tala er ikkje nødvendigvis så enkle å tolke.

Grafen over innvandring og utvandring er laga med den same statistikken, men her er dataa heilt fram til 2023 tekne med. Dette er ein meir visuell måte å vise dataa på. Slike visualiseringar blir kalla grafiske framstillingar og gjer det ofte enklare å tolke dataa og sjå utvikling over tid.

Viss vi skal finne konkrete detaljar, som den nøyaktige utvandringa eit bestemt år, er tabellen best. Men viss vi vil sjå utvikling eller mønster over lengre tid, kan meir visuelle framstillingar vere betre.

Kvantitative og kvalitative data

Vi deler data inn i to typar: kvantitative og kvalitative data.

Kvantitative data er ting som kan målast presist. Det kan til dømes vere nedbørsmengde, befolkningstettleik eller kor mykje ein isbre har krympa. Kvalitative data kan ein samle inn ved å telje eller måle noko.

Kvalitative data kan ikkje målast presist på same måte, men beskriv eigenskapar og kvalitetar ved noko. Det kan til dømes vere kvifor folk set pris på eit bestemt landskap. Kvalitative data kan samlast inn gjennom observasjon eller intervju.

Statistikk handlar som regel om å tolke store mengder kvantitative data.

Ulike typar grafiske framstillingar

Viss du får presentert fordelinga av pattedyr på jorda i form av tal og prosent, kan det vere vanskeleg å forstå dataa. Men viss du får alt presentert grafisk med fargar og symbol, blir det enklare å tolke informasjonen. I figuren på biletet representerer kvar rute 1 prosent av alle pattedyra på jorda.

Det finst ulike typar grafiske framstillingar. Det kan til dømes vere stolpediagram, linjediagram, , venn-diagram eller temakart.

Kart er ein viktig type grafisk framstilling i geografi, og det kan du lære meir om i artikkelen "Kart – eit nyttig verktøy".

Korleis skal vi lese grafiske framstillingar?

Grafiske framstillingar blir ofte brukte når informasjon skal delast i nyheitsmedium, sosiale medium og i andre kanalar. Vi må vere klar over kva det eigentleg er vi ser, og kvar informasjonen kjem frå. Når du skal tolke innhaldet, er det spesielt fem ting du bør sjå etter. Ikkje alle grafiske framstillingar har alle desse fem tinga, men alle har nokon av dei.

Fem punkt som hjelper oss å tolke grafiske framstillingar

Tittel
Namnet på figuren gir ofte viktig informasjon om kva han viser, og kva han ikkje viser. Ofte kan det vere lurt å lese tittelen to gonger for å vere sikker på at du forstår kva figuren faktisk viser.
Kjelde
Kvar kjem informasjonen frå? Er du usikker på om det figuren viser, stemmer, kan det vere lurt å undersøke kjeldene.
Nøkkel
Nøkkelen forklarer kva fargar og symbol betyr. Det er det same som teiknforklaringa på eit kart.
Aksar og skalaer
Mange visuelle framstillingar har aksar og skalaer. Du må sjå nøye på desse for å tolke framstillinga rett. Kva viser aksa og kva startar dei på, og kor mykje er dette forminska i forhold til verkelegheita?
Data
Innholdet i statistikken som blir visualisert, blir kalla data eller datagrunnlaget. Det er dette vi prøver å vise ved hjelp av ulike typar grafar og diagram.

Undersøk dømet

Her er eit interaktivt døme på ei grafisk framstilling. Bruk dei fem punkta til å tolke kva dette diagrammet eigentleg viser. Trykk på ikona, så ser du kva som er kva av dei fem punkta.

Viss du vil øve deg på å tolke grafiske framstillingar, finn du mange døme på oppgåvesida "Lese statistikk og grafiske framstillingar i geografi".


Test deg sjølv

Kjelde

Rød, J. K. (2009). Verktøy for å beskrive verden. Tapir Akademisk Forlag.