Lese statistikk og grafiske framstillingar i geografi
1. Ulike måtar å framstille statistikk på
Undersøk utviklinga i CO2-utslepp per innbyggar i Brasil, Kina, Kenya, Noreg og USA frå 1950 til 2022. Korleis blir dette framstilt best mogleg?
Gå saman i små grupper tre–fem elevar
Dei tre framstillingane under viser dei same dataa. Når kan tabell vere mest formålstenleg, når er linjediagram best, og når er kart med avspelingsmoglegheit det beste? Synest de ein av dei er betre enn dei to andre? Diskuter dette og noter ned stikkord.
Ha ein felles diskusjon i klassen.
2. Tolk ulike visuelle framstillingar av data
Vi må sjå etter fem ting når vi skal tolke ulike visuelle framstillingar: tittel, kjelde, nøkkel, aksar og skalaer og data. Du kan lese meir om dette i artikkelen "Data, statistikk og grafiske framstillingar".
No skal de få bruke dette til å tolke ulike grafiske framstillingar.
A. Individuelt: Jobb med éi grafisk framstilling
Gå saman i grupper på tre–fire personar. Fordel dei ulike grafiske framstillingane under slik at alle får ei framstilling dei skal sjå nærare på
Jobb individuelt med den grafiske framstillinga di. Sjå om du finn tittel, kjelde, nøkkel, aksar og skalaer og data. Noter ned kva du finn, og kva som ikkje er med.
Tolk den grafiske framstillinga: Kan du forklare kva ho viser? Er det noko du er overraska over?
B. Gruppediskusjon: Gå gjennom og diskuter saman
Gå gjennom alle dei grafiske framstillingane saman i gruppa. Den som jobba med framstillinga under det individuelle arbeidet, forklarer kort før gruppa diskuterer saman.
Kva er tittel, kjelde, nøkkel, aksar og skalaer og data i denne grafiske framstillinga? Var det noko som mangla?
Kva viser den grafiske framstillinga?
Likte de framstillinga? Kvifor eller kvifor ikkje?
C. I plenum: Samanfatt i klassen
Læraren samlar trådane i ein klassesamtale til slutt. Kva for nokre av dei fem elementa fann dykk i kvar grafiske framstilling? Forstod de kva dei ulike grafiske framstillingane viste? Kva framstilling likte dykk best? Var det noko dykk ikkje forstod?