Forslag til feltarbeid i geografi
Feltarbeid er ein viktig metode i geografifaget, og i tråd med læreplanen skal alle elevar gjennomføre det. Her får du oversikt over forslaga våre til feltarbeid.

Kvifor gjennomføre feltarbeid?
Geografifaget handlar om å bruke det geografiske blikket på verda rundt oss. Alt du lærer om i faget, kan du knyte til nærområdet ditt. Målet med faget er at du skal kunne svare på spørsmålet "Kvifor er det slik akkurat her?". For å kunne svare godt på det bør du komme seg ut av klasserommet og øve seg på å knyte fagstoffet til nærmiljøet. Derfor har vi laga eit feltarbeid til kvart emne i faget, nokre store og nokre små. På den måten håper vi å bidra til at det blir enklare å komme seg ut av klasserommet og trene det geografiske blikket.
Du kan lese meir om kva feltarbeid er, i artikkelen "Feltarbeid i geografi".
Feltarbeid i alle fagemne
Berekraftig utvikling
Undersøk kor mykje nærmiljøet er forma om av menneske, i oppgåva "Antropocen i nærmiljøet ditt?".
Indre krefter
Finn ut meir om bergartane rundt deg i oppgåva "Feltarbeid: Undersøk berggrunnen i nærområdet".
Ytre krefter
Finn ut korleis naturen har skapt landskapet rundt deg, i oppgåva "Feltarbeid: Kva ytre krefter har forma nærområdet?".
Vi har òg eit digitalt feltarbeid laga som eit kodekammer. Her får du god trening i å tolke landskapet. Dette finn du i oppgåva oppgåva "Digitalt feltarbeid: Kodekammer Bondhusdalen".
Demografi og levekår
Undersøk om det er nokon teikn på ulikskap i levekår i oppgåva "Feltarbeid: Er det levekårsforskjellar i nærmiljøet ditt?".
Ressursar og arealbruk
Finn ut meir om arealbruken rundt deg i oppgåva "Feltarbeid: Ulike typar arealbruk i nærmiljøet".
Klima
Lær meir om klimatilpassing ved å undersøke nærmiljøet i oppgåva "Feltarbeid: Klimatilpassing i nærområdet".
Forbruk
Kanskje kan du lære meir om klede og forbruk ved å undersøke heime hos deg? Det skal du i alle fall i oppgåva "Feltarbeid: Klesskapet mitt".
Globalisering og lokalisering
Blir nærmiljøet ditt òg påverka av verda rundt oss på noko vis? Undersøk saka i oppgåva "Feltarbeid: Er nærmiljøet mitt globalisert?".