Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Feltarbeid: Er nærmiljøet mitt globalisert?

Kva døme på globalisering kan du finne i nærmiljøet? Kan du òg finne døme på lokale særtrekk som gjer staden unik?

1. Førebuing

Gå saman i mindre grupper eller jobb individuelt. Få ei forståing av fagomgrep som globalisering, fråkopling, tid-rom-kompresjon, standardisering, akselerasjon, samanveving, lokale særtrekk og stadidentitet.

Dette finn du meir om i fagartikkelen "Globalisering: ei mindre og meir lik verda?".

2. Gå ut og finn døme

Dra ut i felt. Avklar feltområde med læraren. Ta med kamera (mobil) og/eller notatblokk.

  • Finn fem døme på globalisering.

  • Finn fem døme på lokale særtrekk og stadidentitet.

Ta bilete av kvart døme og skriv ei forklaring på kvifor dette er eit godt døme.

3. Etterarbeid

Alle skal dele eit døme frå felt i klassen. Forklar dømet og kvifor dette er eit godt døme på globalisering eller lokale særtrekk og stadidentitet.

Skrive av Hans Græsli.
Sist oppdatert 02.11.2025