Lokalisering og næringsliv

Kva er lokalisering?
Kvar ville du plassert butikken din om du skal selje bilar? Eller kvar vil du få kleda sydd om du skal selje T-skjorter? Lokalisering handlar om kvar næringslivet vil plassere butikkane, fabrikkane og kontora sine.
Det dreier seg ofte om pengar. Om du startar opp med eit nytt klesmerke, må du gjere mange val knytte til lokalisering. Er det mest lønnsamt å sy kleda i Noreg, eller er det smartare å bruke billig arbeidskraft i Vietnam? Kvar finn du gode designarar? Kva materiale skal du lage kleda av, og kvar skal du skaffe det frå? Kvar vil du selje kleda dine?
Ulike typar næringar treng ulike lokaliseringar til ulike delar av bedrifta. Nokre er avhengige av bestemde råstoff, andre treng ein bestemd type kunnskap, og atter andre treng mykje og billig arbeidskraft.
Når ei bedrift avgjer kvar dei skal plassere butikkar, kontor og fabrikkar, samanliknar dei og vurderer forskjellige lokaliseringsfaktorar.
Lokaliseringsfaktorar
Film: Lokaliseringsfaktorar
Filmen (lengde 6:51) forklarer kvifor lokaliseringsfaktorar er viktige i samfunnsutviklinga, og viser døme på lokaliseringsfaktorar.
Kva er lokaliseringsfaktorar?
Lokaliseringsfaktorar er dei tinga som avgjer kvar fabrikkar, kontor og butikkar blir plasserte. Ulike lokaliseringsfaktorar blir vurderte opp imot kvarandre, ofte med mål om størst mogleg økonomisk gevinst.
Kva lokaliseringsfaktorar som er viktigast, avheng av kva del av verdikjeda som skal lokaliserast. Det kan du lese meir om i artikkelen "Globale verdikjeder og multinasjonale selskap".
Her er nokre av dei viktigaste lokaliseringsfaktorane:
Lokaliseringsfaktorar i Noreg
På kva område skårar Noreg høgt? Kva lokaliseringsfaktorar kan vi freiste med i ei global verd?
Noreg er eit samfunn med høg tillit og stabile politiske forhold. Det gjer det mindre risikabelt å lokalisere delar av verksemda i Noreg. Vi har ei høgt utdanna befolkning og mykje kompetanse innan til dømes energisektoren og havbruksnæringa. Vi har òg rike førekomstar av fleire ulike typar råstoff og råvarer og har spesielt mange energiressursar som vasskraft og olje og gass.
Du kan lese meir om kva naturressursar og råstoff vi har mykje av i Noreg, i artikkelen "Naturressursar – livsgrunnlaget vårt".

Lokalisering og berekraft
Store multinasjonale selskap har mykje makt over verdikjedene og kan utnytte lokaliseringsfaktorar rundt omkring i verda. Kvar er det mest lønnsamt å lokalisere fabrikken, hente råstoff, plassere kontora og selje varene?
Denne tankegangen har ført til at norsk laks vart send til Kina for å bli filetert og pakka, før han vart send tilbake til Noreg igjen for å bli selt i butikken (Rapp, 2011). Viss berekraft var hovudmålet, og ikkje økonomi, hadde ikkje dette skjedd.

Multinasjonale selskap kan òg utnytte svak miljølovgiving, billig arbeidskraft og dårlege rettar for arbeidarane forskjellige stader i verda. Det kan gå ut over den sosiale og økonomiske dimensjonen ved berekraft. Arbeidarar på klesfabrikkar i Bangladesh og gruvearbeidarar i Kongo kan både ha farlege arbeidsforhold og dårlege lønningar samanlikna med vestlege klesfabrikkar og gruver.
Ulike tiltak kan styrke berekrafta
Vi kan gjere tiltak for at både klima- og miljødimensjonen, den sosiale dimensjonen og den økonomiske dimensjonen ved berekraftig utvikling skal takast betre vare på. Her er nokre døme:
- Openheitslova
- Den norske openheitslova frå 2022 skal sikre at store selskap respekterer grunnleggande menneskerettar og sørger for gode arbeidsforhold i heile verdikjeda. Dette bidreg til at gode arbeidsforhold blir viktigare når lokaliseringa skal bestemmast.
- Miljøavgifter
- CO₂-avgift og andre miljøavgifter skal gjere det dyrare å forureine og dermed meir lønnsamt å lokalisere fabrikkar på stader med god klima- og miljøhandtering.
- Krav i offentlege anbod
- Det offentlege i Noreg kjøper mange produkt og tenester. Når dei gjer avtalar med leverandørar, kan dei ha strenge krav, til dømes til miljøpåverknad. Dette gjer det meir attraktivt for produsentar å lokalisere dei ulike ledda i verdikjeda på stader som tek miljøet på alvor.
- Støtteordningar
- Økonomisk støtte kan gjere det meir attraktivt å lokalisere ulike delar av verdikjeda på stader som òg bidreg til ei berekraftig utvikling.
Desse tiltaka kan på forskjellige måtar bidra til at lokaliseringa ikkje berre blir avgjord av økonomisk lønnsemd, men òg tek omsyn til kor berekraftig ho er. Dessverre har ein del store multinasjonale selskap så komplekse verdikjeder at det kan vere vanskeleg å finne ut kvar dei forskjellige råstoffa kjem frå, og kva forhold dei er produserte under.
Mange selskap kjøper til dømes kobolt direkte frå raffineri i Kina. Det meste av kobolt kjem frå DR Kongo og blir ofte vunne ut under kritikkverdige arbeidsforhold. Men sidan kobolten blir blanda på raffineriet i Kina, veit ein ikkje nøyaktig kvar kobolten ein kjøper, kjem frå. Slike komplekse og uoversiktlege verdikjeder gjer berekraftsarbeidet vanskeleg.
Test deg sjølv
Relatert innhald
Her lærer du om grønvasking og grønvaskingsplakaten.
I denne artikkelen lærer du om FNs berekraftsmål og korleis vi kan følge med på utviklinga mot dei ulike måla.







