Introduksjon til Globalisering og lokalisering
1. Film med oppgåver
A. Aktiver forkunnskapane dine
Diskuter kort i mindre grupper eller felles i klassen før de ser filmen:
Kva betyr globalisering?
Kva handlar lokalisering om?
Kva er samanhengen mellom globalisering og lokalisering?
B. Sjå film
Sjå filmen Introduksjon til Globalisering og lokalisering (lengde 1:27).
C. Diskuter spørsmåla
Reflekter rundt spørsmåla under åleine i to–tre minutt. Gå deretter saman i grupper og diskuter spørsmåla:
Kvar blir eigentleg tinga du kjøper og bruker, produserte?
Kva har dette med globalisering og lokalisering å gjere?
Tenker de at teknologi er positivt eller negativt for berekraftig utvikling?
Til slutt styrer læraren ein klassesamtale om kva de tenker. Var de ueinige om noko i gruppene? Har de fått nokon nye idéar etter å ha sett videoen?
2. Elsparkesykkelen

Vi har det ganske greitt i dag. Når vi ønsker å kjøpe noko, kan vi gå til ein butikk, velje det vi ønsker, betale og ta det med oss heim. Eller kanskje vi berre skal bestille det på nettet? Uansett, vi slepp å samle alle delane og setje dei saman for å få den gjenstanden vi ønsker oss. Men kvar kjem eigentleg alle råstoffa i produkta frå? La oss sjå nærmare på elsparkesykkelen.
A. Utforsk kvar ulike delar kjem frå
I det interaktive kartet kan du trykke på ni ulike stader der råstoff i elsparkesyklar kan komme frå. Utforsk kartet og stadene. Bruk gjerne karta i fullskjermvisning.
B. Refleksjonsspørsmål
Skriv to–tre ting du tenkte på då du utforska det interaktive kartet over.
Kvar trur du dei ulike delane av elsparkesykkelen blir sette saman og produserte?
Kvar trur du det blir seld flest elsparkesyklar?
På kva måte kan vi seie at elsparkesykkelen er global?
Diskuter om elsparkesyklar er berekraftige eller ikkje.