Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Interaktivt innhald

Globalisering: ei mindre og meir lik verd?

Dei fleste menneske har tilgang på fleire varer, tenester og kulturelle inntrykk enn for berre nokre tiår sidan. Men er verda likevel blitt mindre og kjedelegare? Lær meir om globalisering og ulike sider ved ei global verd.

Kva er globalisering?

Globalisering er alt det som gjer verda mer samanvoven. Det kan definerast som alle dei forskjellige prosessane som knyt verda tettare saman.

Både nordmenn, japanarar og ugandarar følger med på engelsk fotball. Klesstilen til vanlege folk er ganske lik både på Oppdal, i Milano og i Brasilia. Når Russland angrip Ukraina, går det ut over prisen på olje og gass i Europa og i Indonesia. Og dersom du kjøper ein mobiltelefon, er det sannsynleg at han inneheld råstoff frå alle verdsdelar, og at ungdommar på den andre sida av kloden har akkurat lik telefon. Alt dette handlar om at verda er globalisert og tett knytt saman.

Globaliseringa og teknologi

Teknologi har vore avgjerande for at verda er blitt bunden saman tettare. Det gjeld spesielt innan kommunikasjon og transport. Før 1800-talet tok kommunikasjon mellom London og Sydney 70 dagar, mens no kan vi vite kva som har skjedd på den andre sida av jorda få sekund etter at det har skjedd (Eidsvik et al., 2019, s. 312).

Globalisering og kultur

Kulturelt har globalisering både gjort at vi lever meir mangfaldige liv med fleire kulturelle inntrykk, men òg at stader har blitt meir like og kanskje litt kjedelegare. I dei fleste norske byar kan vi ete italiensk pizza eller japansk sushi, og vi kan drikke amerikansk Coca-Cola eller dansk øl. Stader har dei same tilboda og er meir like, men folk flest har eit større utval enn dei hadde tidlegare.

Globalisering og politikk

Politisk har globaliseringa ført til meir samarbeid og større behov for samarbeid. I ei global verd vil hendingar langt borte kunne få store konsekvensar i ei bygd eller ein by i Noreg. Derfor er internasjonale samarbeidsorganisasjonar som FN viktig i ei globalisert verd.

Globalisering og økonomi

Globaliseringa har endra det økonomiske systemet vårt radikalt og har ført til at vi produserer varer, tenester og mat på ein heilt annleis måte enn tidlegare. No har vi globale verdikjeder, som betyr at mange varer blir sette saman av råvarer frå heile verda. Dette kan vere effektivt fordi ein kan utnytte råvarene og ekspertisen til dei ulike stadene. Men det kan òg bidra til å skape ulikskap og utnytte fattigare og mindre utvikla land.

Dette kan du lese meir om i artikkelen "Global handel og globale verdikjeder".

Forstå globalisering betre med fagomgrep

Nokre fagomgrep kan hjelpe oss til å forstå fleire sider ved og konsekvensar av globaliseringa (Eidsvik et al., 2019, s. 311, 325329).

Fråkopling handlar om at tid og stad ikkje lenger er like viktig (det kan òg kallast tid-rom-kompresjon). Vi kan ha venner på den andre sida av kloden, og norske bedrifter kan ha supportavdelinga si i India.

Standardisering gjer verda enklare og meir effektiv. Vi kan kommunisere med det same språket (engelsk), varer blir sende i heilt like konteinarar, og vi kan lade ulike einingar med same inngang (USB-C).

Akselerasjon betyr at kommunikasjon og transport har auka i hastigheit. Både teknologisk, sosialt og kulturelt skjer endringar raskare. Smarttelefonen trong berre nokre få år på å bli ein heilt sentral del av kvardagen til folk.

Samanveving handlar om at ulike samfunn og stader blir knytte tettare saman og meir avhengige av kvarandre. Derfor kan eit virus i Kina, eit skip i Suezkanalen eller eit vulkanutbrot på Island påverke heile verda.

Det lokale er viktig i ei global verd

Nokre har meint at globalisering fører til at geografifaget døyr fordi stader ikkje lenger betyr noko. Nærmiljøet ditt blir utan tvil påverka av globalisering, og staden du bur, ser sannsynlegvis veldig annleis ut i dag enn han gjorde for 50 år sidan. Likevel er det mykje som tyder på at påverknaden av globale trendar vil variere frå stad til stad, og at dei lokale særtrekka kanskje blir viktigare enn tidlegare.

Stadidentitet

I ei global verd der stader er blitt meir like, kan det ekte, autentiske og særeigne bli viktigare. Derfor blir det mange stader jobba med å skape og utvikle ein tydeleg stadidentitet der lokale særtrekk blir trekte fram.

Bilete og film av stader som trendar i sosiale medium, er som oftast ikkje ein standard McDonalds-restaurant. Det er heller det som er unikt, ekte eller spektakulært. Fleire stader i Noreg har klart å bli meir attraktive både for turistar og folk som ønsker å bu der, gjennom å spele på lokale særtrekk i ei global verd.

Kva gjer ein stad unik?

Prosjektet "Elvebyen Drammen" har bidrege til å gjere byen meir attraktiv. Då har ein brukt omgrepet elvebyen aktivt i marknadsføring og gjort elva meir tilgjengeleg med parkar og grøntområde. På den måten har Drammen blitt ein meir attraktivt stad.

På Inderøy blir lokal kultur og kulturlandskap framheva. Der har lokale bedrifter gått saman om konseptet "Den Gyldne Omvei", der turistar blir inviterte til å køyre ein omveg av E6 for å besøke lokale bedrifter og kunstnarar.

Folk reiser ikkje til Paris for å shoppe på Hennes & Mauritz, men for å oppleve det særeigne og spesielle med Paris. Derfor er Eiffeltårnet viktig, det skil Paris frå alle andre byar.

I Japan finst det mange slott og festningar, til dømes Himejiborga. Ho er bevart og blir trekt fram som noko av det unike ved Japan.

Test deg sjølv

Kjelder

Eidsvik, E., Kolstad, E. W., Nielsen, P. R. & Vågenes, V. (2019). Verda og vi: Innføring i geografi. Det Norske Samlaget.

Eriksen, T.H. (2008). Globalisering. Åtte nøkkelbegreper. Universitetsforlaget.

Sildnes, I.G. (2024). Forsker: – Drammen har fått det til. forskning.no. https://www.forskning.no/by-miljo-partner/forsker-drammen-har-fatt-det-til/2439548

Relatert innhald

Den store akselerasjonen

I denne artikkelen lærer du kvifor perioden frå midten av 1900-talet og utover blir kalla den store akselerasjonen .

Skrive av Hans Græsli.
Sist oppdatert 21.01.2026