Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Interaktivt innhald

Klassediskusjon om teknologi og globalisering

Ta stilling til påstandar om globalisering, lokalisering, multinasjonale selskap, teknologi, urettferd og berekraft. Er de einige eller ueinige? Klarer de å dele ulike meiningar og lytte til kvarandre?

1. Gjer deg opp ei meining

  1. Heile klassen stiller seg midt i klasserommet. Den eine sida av klasserommet representerer "heilt einig". Den andre sida representerer "heilt ueinig". Resten av klasserommet er ein skala mellom desse ytterpunkta.

  2. Læraren les opp ein og ein av påstandane (sjå under).

  3. Når læraren har lese opp ein påstand, må kvar elev velje kvar hen vil stille seg på skalaen.

  4. Når alle har valt kvar dei vil stå, kan de gjerne reflektere litt rundt påstanden og korleis klassen valde å stille seg. Forsøk å få fram nokre av nyansane ved påstanden og kvar de har plassert dykk. Det bør òg vere lov å endre plassering når ein høyrer ulike argument.

Påstandar om lokalisering, globalisering, teknologi og berekraft

Liste med alle påstandane

  • Teknologisk utvikling gjer verda til ein betre stad.

  • Store internasjonale selskap bør kontrollerast strengare.

  • Store selskap utnyttar billig arbeidskraft og dårleg miljølovgiving ulike stader i verda.

  • Noreg bør utnytte det vi er gode på, og det vi har mykje av (lokaliseringsfaktorane våre), i større grad.

  • Staden eg har vakse opp, er unik og heilt ulik alle andre stader i verda.

  • Globalisering er ikkje berekraftig.

  • Vi må akseptere at nokre lever litt dårlegare, for at vi skal leve godt.

  • Vi burde produsere fleire av tinga våre i Noreg framfor å kjøpe "alt" frå utlandet.

  • Eg synest det er viktig å tenke over korleis tinga vi kjøper, er produserte.

  • Globalisering gjer livet mitt betre.

2. Diskusjon

Gå saman i grupper på tre–fire elevar. Vel to–fire av påstandane over. Diskuter ein og ein påstand. For kvar påstand de diskuterer, skal de gjere følgande:

  • Skriv ned stikkord til diskusjonen.

  • Prøv å sjå saka frå fleire sider. Kom med argument både for og imot eller ut frå flest mogleg ulike perspektiv.

  • Diskuter: Er det noko i påstanden som burde ha vore tydelegare avklart eller definert?

  • Til slutt skal de prøve å bli einige om ein felles konklusjon på påstanden. Klarer de å formulere ein konklusjon som alle på gruppa kan vere einige om?

Tips til læraren

Vi har valt å legge opp diskusjonane her på éin måte, men det finst mange ulike måtar å diskutere på. Her er nokre forslag som de òg kan bruke:

Det er mogleg å utvide denne oppgåva og la diskusjonen vere utgangspunktet for ei litt større vurdering der elevane går i djupna og undersøker ein av påstandane nærmare.

Skrive av Hans Græsli.
Sist oppdatert 27.04.2026