Før, undervegs og etter at du har jobba med emnet Globalisering og lokalisering, kan du bruke denne sida til å teste deg sjølv. Kan du sentrale fakta? Har du forstått fagstoffet så du kan bruke det til noko? Klarer du å diskutere og drøfte spørsmål om ressursar og arealbruk?
Tips til læraren
Lær fagomgrep med praterobot
Viss du vil la elevane lære fagomgrep ved hjelp av praterobot, har vi laga ein eigen artikkel om dette. Der kan elevane finne systeminstruks og fagomgrep frå ulike kapittel som kan leggast inn i prateroboten.
Ønsker du å dele desse oppgåvene med elevane slik at dei kan notere i eit dokument på datamaskina si eller på læringsplattforma til skulen, kan du bruke denne fila:
I læreplanen står det at elevane skal lære å lære. Då må dei bli klar over sin eigen læringsprosess. Denne vurderingsressursen er laga med utgangspunkt i RAV-modellen. Han er knytt til Blooms taksonomi og er ein måte å dele inn læring på i tre nivå. Elevane kan bruke dette som eit verktøy for å bli klar over kva dei meistrar, og kva dei treng å trene på.
RAV (reproduksjon, anvending og vurdering)
I skulefaga skal eleven opparbeide seg kompetanse. For å ha kompetanse i noko må du både ha kunnskapar og ferdigheiter. I geografi skal elevane både lære faktakunnskap og ferdigheiter og tileigne seg evna til å diskutere og drøfte. For å hjelpe elevane å forstå kva dei skal kunne, kan vi dele dette inn i tre nivå: reproduksjon, anvending og vurdering. Denne inndelinga kallar vi RAV.
God kompetanse krev at elevane meistrar alle dei tre nivåa i RAV-modellen, og vurdering er det høgaste og vanskelegaste nivået. Likevel må vi ikkje ha ei for mekanisk tilnærming til dette. I nokre emne i faget kan til dømes god evne til attgiving gi høg måloppnåing, avhengig av kva målet er.
R = reproduksjon: Dette handlar om å kunne gi att og reprodusere fakta.
A = anvending: Dette handlar om å kunne bruke ferdigheiter, til dømes å lese informasjon frå eit kart eller ein graf, forklare korleis noko verkar, eller bruke det du har lært, i nye samanhengar.
V = vurdering: Dette handlar om å kunne analysere og drøfte. Då må du kunne gi att fakta, forklare korleis ting verkar, sjå ting i samanheng og vurdere dei ulike tinga og argumenta opp imot kvarandre.
Alle fagemna i geografifaget på NDLA har ein slik vurderingsressurs med oppgåver delt inn etter RAV-modellen.
Her kan du sjekke om du har fått med deg sentrale omgrep og viktig faktakunnskap om globalisering og lokalisering. Du kan bruke lista, den interaktive oppgåva eller praterobot, vel det som passar best for deg.
Liste: Sentrale fagomgrep og fakta
lokalisering
handlar om kvar næringslivet plasserer butikkane, fabrikkane og kontora sine
næringsliv
personar, bedrifter og organisasjonar som produserer varer og tenester for å tene pengar
lokaliseringsfaktorar
ulike faktorar næringslivet må vurdere når dei skal lokalisere ulike delar av bedrifta, til dømes tilgang på naturressursar, korleis infrastrukturen er, tilgang på arbeidskraft og nærleik til marknaden
globalisering
alt som gjer at verda er meir samanvoven og tettare knytt saman både teknologisk, kulturelt, politisk og økonomisk
fråkopling
når alle er på internett og er tilgjengelege for kvarandre heile tida, og tid og stad ikkje blir like viktig som før
standardisering
når ting blir gjort likt overalt
akselerasjon
det at alt har auka i fart i ei global verd; både teknologisk, sosialt og kulturelt skjer endringar stadig raskare
samanveving
handlar om at vi er tett knytte saman i ei global verd, og at ei hending som skjer på den andre sida av jorda, påverkar oss òg
stadidentitet
når ein dyrkar det som er spesielt ved ein stad og skil det frå andre stader i verda
lokale særtrekk
dei konkrete særtrekka som skil ein stad frå ein annan, til dømes Bryggen i Bergen, Operaen i Oslo og Nidarosdomen i Trondheim
globale varekjeder
alle ledda ei vare går gjennom, frå råstoff ulike stader i verda via omarbeiding og til ferdige produkt
globale verdikjeder
alle stega som gir ei vare eller teneste verdi, frå idéar, råstoff og design til ferdig produkt, der òg dei immaterielle stega blir rekna med
multinasjonale selskap
som regel store internasjonale selskap med verksemd i mange land og med globale verdikjeder
Wallersteins teori
handlar om at verda er delt i kjerne, semiperiferi og periferi, og at land i kjernen utnyttar land i periferien og sit igjen med overskotet
utkontraktering
når ein lar andre selskap, ofte utanlandske, ta seg av delar av produksjonen for å gjere det meir lønnsamt og mindre risikabelt
proteksjonisme
politiske tiltak som bidreg til at produkt og tenester skapt i landet sel betre for å sikre produksjon
teknologi
reiskapar og kunnskap som gjer ting enklare for oss
rekyleffekten
når den forventa miljøgevinsten av ny teknologi forsvinn fordi den nye teknologien òg fører til auka bruk
synergiar
når noko som bidreg positivt på eit berekraftsområde òg kan ha positive effektar på andre berekraftsområde
målkonfliktar
når positiv utvikling på eit berekraftsområde skaper negativ effekt på eit anna berekraftsområde
Gå gjennom oppgåvene under. Klarer du å bruke kompetansen din til å svare godt og løyse oppgåvene? Eller er det nokon ting du treng å jobbe meir med for å forstå?
Spørsmåla er utan løysingsforslag slik at du sjølv må vurdere om du har kompetanse til å svare godt på dei.
Det å kunne diskutere, drøfte og vurdere er komplisert og utfordrande. Du må både forstå ein del fagomgrep, du må kunne forklare korleis ting fungerer, og så må du bruke alt dette til å vurdere ulike svar, argument og løysingar opp imot kvarandre.
Diskuter fordelar og ulemper med globalisering og globale verdikjeder med tanke på teknologi, næringsliv og tilgangen vi har til ulike varer og tenester.
Diskuter fordelar og ulemper med teknologi og teknologisk utvikling.
Kva faktorar påverkar lokaliseringa til næringslivet av til dømes fabrikkar og butikkar? Er det nokon utfordringar ved lokalisering knytte til berekraft?