Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Feltarbeid: Er det levekårsforskjellar i nærmiljøet ditt?

Forskjellar mellom fattige og rike finst i alle samfunn. I dette feltarbeidet skal du bruke nærmiljøet ditt til å sjå etter forskjellar på levekår. Kan ein sjå forskjell på dyre og rimelegare stader å bu?

1. Forarbeid: Bestem feltområde

  1. Bruk bustadmarknadstatistikken på FINN. Klikk deg så inn på staden du kjem frå. Her finn du oversikt over kor dyre husa som blir selde, har vore per kvadratmeter det siste året.

  2. Sjå om du finn to område i nærleiken av skulen din som har stor forskjell i kvadratmeterpris. Dette kan vere eit aktuelt område for feltarbeidet. Om det er vanskeleg å finne to område i nærleiken av kvarandre, kan du samarbeide med ein medelev: Ein av dykk undersøker eit dyrt område, og den andre undersøker eit rimeleg område.

  3. Lag ein hypotese knytt til kva du vil undersøke. Dette kan til dømes vere at det er fleire einebustader i område med høg kvadratmeterpris enn i låg.

Kva betyr bustadpris per kvadratmeter?

Ein måte å måle kor dyrt det er å bu i eit område, er å måle pris per kvadratmeter. Gitt at to hus på 100 kvadratmeter blir selde i to ulike delar av byen, det eine for 10 millionar og det andre for 5 millionar, vil huset til 10 millionar ha ein høgare kvadratmeterpris enn det til 5 millionar.

Om prisen for alle husa i området er høgare per kvadratmeter, kan ein rekne med at dei som bur der, har betre økonomi og levekår enn i område med lågare kvadratmeterpris.

2. Gjennomføring i felt

Ta med nødvendig utstyr (skjema for registrering, penn, kart, mobilkamera). Arbeidet eignar seg til å gjennomføre i ein skuletime. Under feltarbeidet skal du observere

  1. bustadtypar (einebustader, blokker, rekkehus)

  2. vedlikehald av bygningar og uteområde

  3. tilgang til tenester (butikkar, kollektivtransport, skular, helsetilbod)

Du kan ta bilete av omgivnader og bygningar, men ikkje personar, med mindre du ber om løyve og får lov.

3. Etterarbeid

Når du er tilbake i klasserommet, må du behandle og analysere dataa. Dette kan du gjere ved å lage tabell eller ei anna grafisk oversikt over likskapar og forskjellar i dei to områda.

Etter å ha systematisert dataa du fann i felt, må du prøve å sjå etter mønster og samanhengar. Her er nokre spørsmål som kan hjelpe deg å tolke dataa:

  • Stemde funna dine med hypotesen du hadde på førehand?

  • Dersom det var forskjellar mellom områda, kvifor trur du det var det? Dersom ting var likt, kvifor trur du det var det?

  • Vi går gjennom ulike levekårsmål i artikkelen "Er Noreg det beste landet å bu i?". Kva faktorar i levekårsmåla blir ikkje blir fanga opp av ein analyse som dette?

  • Er det nokon svakheiter eller fallgruver ein burde vere klar over ved ei slik undersøking?

4. Presentasjon av arbeidet

Presenter observasjonane frå felt på ein av følgande måtar:

  • munnleg presentasjon med framvisning av bilete/film av observasjonar som er gjorde

  • skriftleg feltrapport med bilete

Skrive av Eirik Tengesdal Skogvold.
Sist oppdatert 06.02.2026