Migrasjon

Kva er migrasjon?
Når menneske flyttar, kallar vi det migrasjon. Det finst mange typar migrasjon.
Intern migrasjon er når folk flyttar innanfor landegrensene, og internasjonal migrasjon er når folk flyttar over grensa.
Å flytte til eit anna land for å studere er eit døme på frivillig migrasjon, mens det å flykte på grunn av krig kallar vi ufrivillig migrasjon.
Kvifor flyttar folk?
Det er like mange grunnar og historier bak flyttemønstera til folk som det er migrantar. Likevel kan vi dele årsakene til migrasjon inn i to store kategoriar: skyve- og drafaktorar.
Skyvefaktorar
Dersom årsaka til at du flyttar, er knytt til faktorar som skyv deg vekk frå staden du bur, kallar vi det skyvefaktorar, eller pushfaktorar.
Døme på skyvefaktorar er krig og konflikt, fattigdom, politisk ustabilitet og klimaendringar.
Drafaktorar
I nesten heile perioden 2006–2022 var den vanlegaste årsaka til innvandring i Noreg ønske om arbeid. Gode lønningar og god kronekurs gjorde at mange arbeidarar vart dregne til Noreg med løfte om økonomisk gevinst.
Når motivasjonen til flyttinga ligg i eit gode i staden du reiser til, blir du dregen mot denne staden, og då har vi ein drafaktor, eller pullfaktor. Arbeidsmoglegheiter og høgare lønn er vanlege drafaktorar, men vi har òg utdanning, tryggleik og politiske rettar.
Skyv- og drafaktorar verkar ofte saman
I verkelegheita er det ikkje slik at skyve- og drafaktorar verkar kvar for seg. Til dømes vil ein ung mann i Sør-Sudan som opplever krig, bli skyvd vekk frå landet, samtidig som han høyrer at det finst tryggleik og utdanning i Uganda, og det dreg han dit. Han flyttar ikkje berre på grunn av krigen, men òg fordi Uganda representerer ei betre framtid.
Strukturelle forhold
Sjå for deg at du bur i ei lita bygd i Noreg og jobbar i hjørnesteinsbedrifta der. Når bedrifta bestemmer seg for å flytte produksjonen for å spare pengar, står du overfor eit val: flytte etter jobben eller bli og finne ny arbeidsgivar.
Sjølv om valet er ditt, er denne "skyvinga" ut av bygda del av ein større samfunnstrend: nemleg sentralisering. Slik påverkar strukturar og trendar i samfunnet flyttemønstera til folk. Individuelle val blir alltid tekne i ein kontekst der slike trendar kan forsterkast eller svekkast av samfunnsstrukturar som blir styrte av økonomiske forhold, politiske forhold og geografi og klima.
Ulike døme på migrasjon
Vi kan dele migrasjon i ulike kategoriar mellom anna ut frå kva slags motivasjon folk har for å flytte. Arbeidsmigrasjon, flukt og familiegjenforeining er dei tre viktigaste bidragsytarane til innvandring i Noreg.
Arbeidsmigrasjon
I Noreg har vi i periodar hatt stor arbeidsinnvandring av handverkarar frå aust-europeiske land. Dette er ein type innvandring som har vore gunstig for Noreg og i stor grad for arbeidarane, men i denne kategorien finn vi òg arbeidsinnvandrarar til land som Qatar. Desse arbeider under slaveliknande forhold med lita til inga lønn og få rettar.
Flyktningar og asylsøkarar
Alle som kjem til Noreg, har rett til å søke asyl i landet. Om ein finn ut at personen som kjem til landet, har rett på vern, får hen flyktningstatus og opphaldsløyve. Noreg har ikkje lov til å sende asylsøkarar ut av landet dersom dei risikerer forfølging etter å ha blitt sende ut.
I tillegg til asylsøkarar tek Noreg årleg imot 2–3 000 kvoteflyktningar. Dette er personar som FN definerer som sårbare grupper, eller dei lever i spesielt utsette område, og Noreg har forplikta seg til å hjelpe dei.
Familiegjenforeining
Dersom du har fått opphald i eit land, har du rett på å bli gjenforeint med familien din. Dette gjeld dersom du har barn under 18 år eller mann eller kone i eit anna land.
Er innvandringa til Noreg slik som du trur?
Innvandring er ofte mykje diskutert og misforstått. Under finn du statistikk om innvandring i Noreg. Sjå gjennom og noter ting som var annleis enn du trudde, og ting som var som du forventa. Samanlikn gjerne med ein medelev og diskuter funna.
Er migrasjon bra eller dårleg?
Innvandring blir hyppig diskutert i politikken og ofte med stort engasjement. For å finne ut om migrasjon og innvandring er positivt eller negativt må vi vere einige om kva vi snakkar om, og kva perspektiv vi ser det frå: opphavslandet, mottakarlandet eller migranten sjølv.
For opphavslandet
I land med dårlege levekår ønsker mange å reise. Ofte er det dei mest ressurssterke, dei med høg utdanning og god økonomi, som klarer å dra. Dette kan føre til såkalla hjerneflukt. I krigsramma område er det ofte dei best utdanna som flyktar, mens dei med minst ressursar blir igjen. Det kan svekke verdiskapinga og forverre situasjonen i landet.
Samtidig sender mange migrantar pengar heim til familien. I Nepal utgjorde slike pengeoverføringar over 26 prosent av BNP-en i landet i 2023 (International Organization for Migration, 2024). Dette gir auka velstand, men kan òg skape avhengnad av støtte utanfrå og hindre langsiktig utvikling.
For mottakarland

Mottakarland kan få økonomiske gevinstar i form av auka arbeidskraft og skatteinntekter, spesielt når migrantar fyller reelle behov i arbeidsmarknaden. Innvandring kan òg bidra til eit meir mangfaldig samfunn, med ulike kulturar og perspektiv, språk og tradisjonar. Dette kan bidra til innovasjon og nytenking.
Men integrering kan vere krevjande. Språk, bustad og arbeid må på plass. I enkelte vestlege land har rask og stor innvandring ført til utfordringar med integrering og auka sosial spenning. Når mange kjem på kort tid, kan det vere vanskeleg å få alle til å delta fullt ut i samfunnet.
For migranten
Erfaringane som migrantar har, varierer. Mange får betre levekår, men nokre møter vanskelege arbeidsforhold med låg lønn, usikre kontraktar og få rettar. Då er det lett å bli lurt av falske løfte om arbeid eller opphald, og ein kan hamne i vanskelege situasjonar med lite arbeid og stor gjeld.


