Er Noreg det beste landet å bu i?

Korleis måler vi levekår?
Du har kanskje høyrt at Noreg er det beste landet i verda å bu i? Men kva betyr eigentleg det, og korleis kan vi vite det sikkert?
Noreg er eit rikt land, men pengar åleine forklarer ikkje alt. Til dømes er Qatar eit land med ganske lik økonomi som Noreg, men vi føler likevel at vi er meir like svenskane. Derfor må vi sjå på fleire faktorar enn berre pengar. No skal vi sjå på ulike måtar å måle levekår på og fordelar og ulemper med desse metodane.
1. Human Development Index (HDI)
HDI måler
kor lenge folk er forventa å leve (forventa levealder)
kor mykje utdanning folk får (kor lenge dei går på skule)
BNP per innbyggar i landet
HDI gir eit meir komplett bilete enn det vi får når vi berre ser på kor rikt eit land er, altså på kva BNP landet har. Likevel fangar ikkje HDI opp alt.
Dersom det er stor forskjell mellom fattig og rik, går det ikkje fram av BNP. Eit land som USA har relativt høg BNP, men veldig store sosiale forskjellar i landet. Dessutan måler ikkje HDI kor mykje miljøet blir skadd når landet produserer varer og tenester. Derfor kan land med stort økologisk fotavtrykk framleis få høg HDI-skår.
2. Inequality-adjusted Human Development Index (IHDI)
IHDI måler dei same faktorane som HDI: levealder, utdanning og inntekt. I tillegg justerer IHDI for ulikskapar mellom fattige og rike.
IHDI er meir rettferdig enn HDI fordi IHDI viser kor jamt ressursane er fordelte i eit land. To land kan ha same HDI, men om ressursane i landet er samla hos nokre få rike, seier HDI lite om kor bra folk flest har det. Serbia og Costa Rica er to land med lik HDI (0,833) og ulik IHDI (0,772 mot 0,678). Det er fordi det er større forskjellar på helse, utdanning og inntekt i Costa Rica. Dette fangar IHDI opp, men ikkje HDI.
Under er det to bilete frå Costa Rica. Stadene desse bileta er tekne, er nær kvarandre geografisk, men avstanden i ressursbruk er stor.
3. Happy Planet Index (HPI)
HPI måler
livskvaliteten til innbyggarane
kor lenge det er forventa at folk lever
kor mykje ressursar folk bruker (økologisk fotavtrykk)
HPI skil seg frå HDI fordi HPI seier noko om miljøet og kor bra folk har det. Her er økonomi teken ut av reknestykket. Tanken bak dette er at pengar ikkje er relevant med mindre det fører til auka livskvalitet.
Dei som er tilhengarar av HPI som mål, seier at det som betyr noko, er kvaliteten på liva vi lever, at vi har trygge gode liv (målt med forventa levealder), og at vi klarer å leve på ein berekraftig måte.
4. Gini-koeffisienten
Gini-koeffisienten måler kor ulikt pengar blir fordelte i eit land (inntektsulikskap).
I land med høg BNP kan det vere store forskjellar på fattige og rike, som igjen påverkar korleis folk har det sosialt og økonomisk. IHDI måler ulikskap, men gjer det innanfor alle faktorane som HDI måler. Gini-koeffisienten gir land eit tal frå 0 til 1. Dersom eit land får 0, har alle i landet like mykje pengar. Om landet får 1, er alle pengane hos éin person.
Noregs Gini-koeffisient var i 2023 på 0,28, mens eit land som USA hadde 0,41. Eit av landa med høgast Gini-koeffisient er Brasil med 0,52 i 2023. Det betyr at mesteparten av pengane i samfunnet høyrer til ein veldig liten del av befolkninga (Hassel, 2023).
Under ser du to stader i byen Rio de Janeiro. Ut frå bileta, trur du Brasil har ein høg eller låg Gini-koeffisient?
Er verda slik som du trur?
Under finn du eit verktøy der du kan undersøke ulike faktorar vi bruker til å måle levekår. Leik deg litt med det.
Er det land som skårar høgare enn du trudde? Eller er det land som skårar lågare?
Søk opp landet og sjå om du kan finne ut kvifor landet skårar betre/dårlegare enn du trudde. Kanskje har det skjedd endringar i landet i det siste som du ikkje var klar over?
Del gjerne det du har funne ut, med ein medelev eller resten av klassen.
Du kan endre kva data du vil ha i x- og y-aksen. Trykk på "expand" for å få grafen i fullskjermvisning.
Gir naturressursar eit godt livsgrunnlag?
Levekår handlar om korleis folk har det i kvardagen, til dømes om dei har nok mat, reint vatn, tilgang til helsetenester, skulegang og ein trygg stad å bu. Livsgrunnlag handlar om kva som gir folk moglegheita til å få dette, altså korleis eit samfunn skaffar seg og fordeler ressursar som pengar, mat og energi.
Fleire ting påverkar dette:
Naturressursar: Land med mykje ressursar kan bli rike, men dårleg styring kan føre til korrupsjon og problem.
Klima og geografi: Dårleg klima eller vanskeleg terreng kan gjere det vanskeleg å dyrke mat og bygge infrastruktur.
Politisk stabilitet: Stabile land har ofte betre levekår og jamnare fordeling av ressursar.
Globalisering: Nokre land tener på handel med andre land, mens nokre land kan bli utnytta eller miste jobbar gjennom globalisering.

Naturressursar er ikkje nok til å få eit velfungerande samfunn. Bangladesh er eit land med få naturressursar. Likevel har landet nesten dobla HDI-skåren sin på 30 år. Det har skjedd på grunn av økonomisk vekst frå tekstilindustrien. Dei bruker billig arbeidskraft som ressurs til å løfte store delar av befolkninga ut av ekstrem fattigdom. Alle problem er likevel ikkje løste, og landet slit framleis med miljøproblem og forskjellar mellom fattige og rike.
Venezuela er eit land rikt på naturressursar, ikkje ulikt Noreg, med mellom anna olje. Likskapane mellom landa sluttar der; politisk uro og dårleg styring har gjort at det har vore lite økonomisk utvikling i Venezuela. Derfor er landet sin HDI-skår nesten uendra på 30 år.
Materiell velstand, lykke og berekraft
Gjer pengar oss lykkelege? Dersom ein har så lite at kvardagen er prega av bekymring, går det utover livskvaliteten. Men når grunnleggande behov som mat, bustad og klede er dekte, blir ein ikkje nødvendigvis lykkelegare sjølv om ein blir rikare.
I mange rike land ser vi auka stress og sosiale vanskar. Det kan vere vanskeleg å balansere draumen om karriere og familie og eiga helse. Kanskje mindre fokus på materielle godar ville vore betre både for innbyggarane og naturen?
Samtidig fører økonomisk vekst ofte til høgare forbruk og press på naturressursane. I 2024 var overforbruksdagen (Earth Overshoot Day) allereie 1. august. Det betyr at vi frå denne datoen brukte meir av ressursane på jorda enn planeten klarer å fornye på eit år.

I Noreg vart denne grensa nådd allereie i april. Dette viser at forbruket vårt ligg langt over det som er berekraftig. Det er grunnen til at mange snakkar om alternative måtar å organisere økonomien på, som nedvekst og sirkulær økonomi.
Sirkulær økonomi og nedvekst

Nedvekst betyr at auka handel ikkje treng å vere målet med økonomien, men at vi heller prioriterer det som gir oss eit godt liv, som venner, fritid og tryggleik.
Sirkulær økonomi handlar om å bruke og produsere ting smartare, ved å reparere, gjenbruke og resirkulere i staden for å kaste og kjøpe nytt. Desse løysingane kan gi oss gode liv utan at vi øydelegg naturen rundt oss.
Vegen vidare
Levekår, livsgrunnlag og lykke heng saman, men meir pengar betyr ikkje alltid betre livskvalitet. Dersom vi ønsker gode liv no og i framtida, må vi tenke nytt om korleis vi bruker ressursar. Kanskje rikdom i framtida ikkje handlar om pengar, men om korleis vi lever saman, tek vare på kvarandre og beskyttar planeten vår.



