Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Interaktivt innhald

Demografisk detektiv

Den demografiske overgangsmodellen viser korleis befolkningsveksten endrar seg over tid. Men korleis ser dette ut i verkelegheita? Ved hjelp av Gapminder skal du samanlikne ulike land og sjå korleis fødselsrate og dødsrate har endra seg gjennom historia.

Førebuing

Du skal analysere korleis ulike land har bevegd seg gjennom fasane i den demografiske overgangsmodellen.

Vi tilrår at oppgåva blir løyst i grupper på to–fire personar, men det går òg an å jobbe individuelt

Les artikkelen "Den demografiske overgangsmodellen" før du set i gang med oppgåva.

Oppgåve

Vel fire ulike land du vil undersøke.

Bruk Gapminder og andre kjelder til å finne svar på desse spørsmåla:

  • Når gjekk landa frå éin fase til ein annan i den demografiske overgangsmodellen?

  • Kva kan forklare overgangen mellom dei ulike fasane i landa (til dømes økonomisk vekst, medisinske framsteg, krig eller politikk)?

  • Korleis skil utviklinga i dei ulike landa seg frå kvarandre?

Forslag til land

Desse fire landa har hatt ulik utvikling, og det er interessant å samanlikne dei:

  • Noreg – eit typisk vestleg land som fullførte overgangen tidleg

  • India – stor befolkning med rask nedgang i dødsrate på 1900-talet

  • Nigeria – land som framleis har høg fødselsrate og befolkningsvekst

  • Japan – land med svært låg fødselsrate og aldrande befolkning

Gjennomføring

  • Vel fire land med ulik utvikling gjennom den demografiske overgangen. Du kan til dømes undersøke dei fire landa ovanfor. Då kan du bruke den interaktive Gapminder-figuren nedanfor.

  • Følg utviklinga i landa frå 1800 til i dag.

  • Noter når du meiner landa går frå éin fase til den neste i modellen.

Tips til bruk av Gapminder

Viss du bruker Gapminder Tools i fullskjermmodus, kan du gjere mange justeringar av kva som skal visualiserast. Trykk i så fall på "expand" nede til høgre. Dette er noko av det du kan velje:

  • bestemme kva x-aksen og y-aksen skal vise

  • spele av utviklinga over tid ved å trykke på avspelingsknappen

  • velje å framheve nokre land

  • justere avspelingsfarten

Vi har valt dei fire landa vi foreslo som utgangspunkt. Vi har òg valt barn per kvinne ("Babies per woman") som eit mål for fødselsrate, sidan dette er eit mål det er data langt tilbake i tid på. For å undersøke dødelegheit kan du endre y-aksen til barnedødelegheit ("Child mortality rate"), dette finn du ved å trykke på aksen du vil endre og sjå under "Health".

Gapminder-figur: Barn per kvinne i Noreg, India, Nigeria og Japan

Tabell: Fødslar per kvinne i Noreg, Nigeria, Japan og India

Barn per kvinne

Land

1800

1850

1900

1950

2000

2023

Noreg4,324,454,402,521,851,41
Nigeria6,556,556,556,396,124,48
Japan4,084,684,693,561,351,21
India5,955,955,735,813,351,98

Oppsummering

Samanlikn funna dykkar i klassen og diskuter desse spørsmåla:

  • Kvifor beveger nokre land seg raskare gjennom fasane enn andre?

  • Kva faktorar trur de speler størst rolle i befolkningsutviklinga?

  • Kva trur de vil skje med desse landa i framtida?

Skrive av Eirik Tengesdal Skogvold.
Sist oppdatert 06.03.2026