Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Vurderingsressurs
Interaktivt innhald

Demografi og levekår: Kva kan du no?

Når du jobbar med emnet Demografi og levekår, kan du bruke denne sida til å teste deg sjølv. Kan du sentrale fagomgrep? Har du forstått fagstoffet godt nok? Klarer du å drøfte utfordringar knytte til demografi, utvikling og levekår?
Tips til læraren

Lær fagomgrep med praterobot

Viss du vil la elevane lære fagomgrep ved hjelp av praterobot, har vi laga ein eigen artikkel om dette. Der kan elevane finne systeminstruks og fagomgrep frå ulike kapittel som kan leggast inn i prateroboten.

Fagartikkel: Lær geografiomgrep ved hjelp av praterobot

Del oppgåvene med elevane

Ønsker du å dele desse oppgåvene med elevane slik at dei kan notere i eit dokument på datamaskina si eller på læringsplattforma til skulen, kan du bruke denne fila:

Å lære å lære

I læreplanen står det at elevane skal lære å lære. Då må dei bli klar over sin eigen læringsprosess. Denne vurderingsressursen er laga med utgangspunkt i RAV-modellen. Han er knytt til Blooms taksonomi og er ein måte å dele inn læring på i tre nivå. Elevane kan bruke dette som eit verktøy for å bli klar over kva dei meistrar, og kva dei treng å trene på.

RAV (reproduksjon, anvending og vurdering)

I skulefaga skal eleven opparbeide seg kompetanse. For å ha kompetanse i noko må du både ha kunnskapar og ferdigheiter. I geografi skal elevane både lære faktakunnskap og ferdigheiter og tileigne seg evna til å diskutere og drøfte. For å hjelpe elevane å forstå kva dei skal kunne, kan vi dele dette inn i tre nivå: reproduksjon, anvending og vurdering. Denne inndelinga kallar vi RAV.

God kompetanse krev at elevane meistrar alle dei tre nivåa i RAV-modellen, og vurdering er det høgaste og vanskelegaste nivået. Likevel må vi ikkje ha ei for mekanisk tilnærming til dette. I nokre emne i faget kan til dømes god evne til attgiving gi høg måloppnåing, avhengig av kva målet er.

R = reproduksjon: Dette handlar om å kunne gi att og reprodusere fakta.

A = anvending: Dette handlar om å kunne bruke ferdigheiter, til dømes å lese informasjon frå eit kart eller ein graf, forklare korleis noko verkar, eller bruke det du har lært, i nye samanhengar.

V = vurdering: Dette handlar om å kunne analysere og drøfte. Då må du kunne gi att fakta, forklare korleis ting verkar, sjå ting i samanheng og vurdere dei ulike tinga og argumenta opp imot kvarandre.

Alle fagemna i geografifaget på NDLA har ein slik vurderingsressurs med oppgåver delt inn etter RAV-modellen.

Har du kontroll på sentrale fagomgrep og fakta?

Her kan du sjekke om du har fått med deg sentrale omgrep og viktig faktakunnskap frå emnet. Du kan bruke lista eller den interaktive oppgåva, vel det som passar best for deg.

Liste: Sentrale fagomgrep og fakta
fødselsrate
eit mål på kor mange som blir fødde i løpet av eitt år; blir vanlegvis målt i talet på levandefødde per tusen innbyggarar
dødsrate
eit mål på kor mange som døyr i løpet av eitt år; blir vanlegvis målt i talet på døde per tusen innbyggarar
naturleg tilvekst
forskjellen mellom mengda fødde og døydde i ei befolkning; kan vere positiv (vekst i folketalet) eller negativ (nedgang i folketalet)
befolkningsvekst
ei endring i folketalet over tid; blir påverka av naturleg tilvekst og netto migrasjon (innflytting minus utflytting)
samla fruktbarheitstal (SFT)
kor mange barn ei kvinne i gjennomsnitt vil få i løpet av fruktbar alder (15–49 år); eit SFT på rundt 2,1 er nødvendig for at befolkningstalet skal vere stabilt i land utan innvandring
urbanisering
ein auke i andelen av befolkninga som bur i byar eller tettstader, som ofte går ut over busetjinga i distrikta
Human Development Index (HDI)
ein indeks som måler utviklingsnivå i land basert på forventa levealder, utdanning og inntekt
Inequality-adjusted Human Development Index (IHDI)
ein justert versjon av HDI som tek omsyn til ulikskap i fordeling av helse, utdanning og inntekt i eit land
Gini-koeffisient
eit mål på økonomisk ulikskap i eit samfunn; verdien varierer frå 0 (full likskap) til 1 (maksimal ulikskap)
Happy Planet Index (HPI)
mål på kor berekraftig gode liv eit land gir innbyggarane sine, sett i forhold til kor mykje naturressursar landet bruker
naturressursar
noko vi hentar ut frå naturen og bruker og eventuelt behandlar, til dømes vind, sand, tre, fisk, plantar og olje
globalisering
prosessar som knyter verda tettare saman gjennom handel, teknologi, migrasjon og kulturell utveksling
den demografiske overgangsmodellen
ein modell som viser korleis fødsels- og dødsratar endrar seg etter kvart som eit land utviklar seg; vanlegvis delt inn i fleire fasar frå høg til låg befolkningsvekst
demografisk tregleik
fenomenet der befolkninga held fram med å vekse sjølv etter at fødselstala har sokke, på grunn av ein stor del unge menneske
moderniseringsteori
ein teori som forklarer utvikling som ein prosess der samfunn går frå tradisjonelle til moderne gjennom industrialisering, utdanning og teknologisk utvikling
avhengnadsteori
ein teori som forklarer underutvikling som eit resultat av økonomiske og politiske maktforhold mellom rike og fattige land
migrasjon
flytting av menneske i eller mellom land
nettomigrasjon
forskjellen mellom innvandring og utvandring i eit land
skyvefaktorar
faktorane som gjer at du får lyst til å flytte frå der du bur, og dermed kan bidra til migrasjon
drafaktorar
faktorane som gjer at du får lyst til å flytte til ein stad, fordi det kan gi deg ei betre framtid
nærande befolkning
den delen av befolkninga som er i arbeid og bidreg til verdiskaping gjennom å betale skatt og produsere varer og tenester
tærande befolkning
den delen av befolkninga som i liten grad deltek i arbeidslivet, og som i større grad får offentlege ytingar og tenester
befolkningspyramide
ei grafisk framstilling av alders- og kjønnsfordelinga i ei befolkning

Interaktiv oppgåve


Kan du bruke det du har lært?

Gå gjennom oppgåvene under. Klarer du å bruke kompetansen din til å svare godt og løyse oppgåvene? Eller er det nokre ting du treng å jobbe meir med for å forstå?

Den første oppgåva er interaktiv. Resten er spørsmål utan løysingsforslag slik at du sjølv må vurdere om du har kompetanse til å svare godt på dei.

Var det noko du ikkje kunne svare på?

Les ein eller fleire av fagartiklane under.

Side 1: Er vi for få eller for mange? og Den demografiske overgangsmodellen

Side 2: Er vi for få eller for mange?

Side 3: Er Noreg det beste landet å bu i?

Side 4: Migrasjon

Side 5: Kvifor er nokre rike og andre fattige?

Kan du diskutere, drøfte og vurdere?

Det å kunne diskutere, drøfte og vurdere er komplisert og utfordrande. Du må både forstå ein del fagomgrep, du må kunne forklare korleis ting fungerer, og så må du bruke alt dette til å vurdere ulike svar, argument og løysingar opp mot kvarandre.

Vel eit av punkta under og diskuter i par eller grupper.

  • Kva utfordringar har samfunnet i dei ulike fasane i den demografiske overgangsmodellen?

  • Kva for nokre positive og negative følger kan migrasjon få for migranten, mottakarlandet og opphavslandet?

  • Kvifor er det slik at naturressursar ikkje nødvendigvis fører til gode levekår? Gjer undersøkingar og finn gode døme på land som er rike på naturressursar, men som har dårlege levekår.

Skrive av Eirik Tengesdal Skogvold.
Sist oppdatert 13.02.2026