Den demografiske overgangsmodellen

Kva er demografi?
Demografi handlar om befolkning – korleis vi fordeler oss, kor mange vi er, og korleis befolkninga endrar seg over tid. Når vi studerer demografi, ser vi mellom anna på kor mange som blir fødde, kor mange som døyr, og korleis folk flytter mellom stader. Den demografiske overgangsmodellen er ein måte å beskrive desse endringane på.
Den demografiske overgangsmodellen
Den demografiske overgangsmodellen beskriv eit lands utvikling frå eit lite utvikla samfunn til eit moderne ved å sjå på kor mange som døyr, og kor mange som blir fødde. Dette måler vi med fødselsrate og dødsrate. Fødselsrate er talet på levandefødde i eit år per tusen innbyggarar, mens dødsrate er talet på døde i eit år per tusen innbyggarar.
Modellen er delt inn i fem fasar frå høg fødsels- og dødsrate til låg fødsels- og dødsrate. Kor raskt eit land beveger seg gjennom fasane, avheng mellom anna av økonomi, helsevesen og utdanning.
Film: Den demografiske overgangsmodellen
I denne animasjonsvideoen (lengde 3:19) får du sjå nærare på kva den demografiske overgangsmodellen er, og kva faktorar det er som driv han.
Dei fem fasane i modellen
Fase 1: Høg fødselsrate og høg dødsrate
I fase 1 er både fødselsraten og dødsraten høg, noko som gir låg naturleg tilvekst. Mange døyr tidleg av sjukdom, lite mat og dårlege leveforhold. Det finst ikkje eit fungerande helsevesen, og hygienen er dårleg.
Familiar får mange barn for å sikre at nokre overlever til vaksen alder, og fordi barn er viktige som arbeidskraft og tryggleik i alderdommen. Det finst ikkje pensjonar eller velferdsordningar, så folk er avhengige av familien.
I dag er ingen heile land i fase 1, men enkelte små stammesamfunn lever framleis slik.

Livet i fase 1
Folk bur på landsbygda og lever av jordbruk og jakt. Heile familien jobbar for å skaffe mat, vatn og ved. Når nokon blir sjuke, er det ikkje mykje hjelp å få. Mange barn døyr, men familien og lokalsamfunnet stiller opp for kvarandre. Fellesskapen er sterk, og tradisjonar og seremoniar er viktige.
Fase 2: Høg fødselsrate og søkkande dødsrate
I fase 2 begynner dødsraten å falle på grunn av betre hygiene, vaksinar og medisinar. Folk lever lenger, men familiane held fram med å få mange barn. Når ein får like mange barn, men fleire overlever, får ein ein positiv naturleg tilvekst.
Samfunnet opplever her forbetringar innan helse og økonomi. Betre tilgang på mat, reint vatn og medisinar gjer at fleire overlever. Likevel får familiane mange barn fordi dei framleis er viktige som arbeidskraft til dømes på garden.
Kor mange barn ein får i eit samfunn, er òg avhengig av kultur. Når det er vanleg å få mange barn, tek det tid å forandre folk si oppfatning av kor mange barn dei ønsker, derfor tek det tid før fødselsraten søkk.

Livet i fase 2
Fleire barn veks opp, og familiane blir større. Nokre får høve til å gå på skule. Byar veks fram, og marknadene blir fylte med varer og menneske. Håpet om eit betre liv blir styrkt, men mange lever framleis med hardt arbeid og avgrensa ressursar.
Fase 3: Søkkande fødselsrate og låg dødsrate
I fase 3 begynner fødselsraten å søkke. Dødsraten held seg låg, og den naturlege tilveksten minkar gradvis. Dette skjer når samfunnet blir rikare og fleire får utdanning og betre jobbar.
Kvinner får betre høve til utdanning og karriere, og det blir vanleg å planlegge familiar med færre barn. Prevensjon blir meir tilgjengeleg, og det blir dyrare å ha barn, spesielt i byar.

Livet i fase 3
I fase 3 veks byane og blir meir livlege, det er eit teikn på at folk flytter frå landsbygda for å finne arbeid, og betre levekår. Bustadene er moderne med vatn, lys og oppvarming, noko som gjer livet tryggare og meir komfortabelt. Stadig fleire barn går på skule, og utdanning blir ein naturleg del av oppveksten. Folk får meir fritid, dei går på kino og driv med musikk og idrett. Optimismen er sterk sjølv om dei sosiale forskjellane framleis er tydelege.
Fase 4: Låg fødselsrate og låg dødsrate
I fase 4 av den demografiske overgangsmodellen er både fødsels- og dødsratane låge, noko som resulterer i låg eller ingen naturleg tilvekst.
Samfunnet har utvikla seg til eit høgt økonomisk og teknologisk nivå, med høg levestandard, eit godt helsevesen og utdanningssystem.
Urbanisering og høg yrkesdeltaking, spesielt blant kvinner, bidreg til at folk får færre barn. I denne fasen har barn mista den økonomiske funksjonen som arbeidskraft, og familieplanlegging og tilgang til prevensjon er vanleg.

Livet i fase 4
Folk flest bur i byar, har trygge jobbar og god tilgang til teknologi. Barn veks opp med skulegang og fritidsaktivitetar som sjølvsagt. Velferdsstaten sørger for tryggleik ved sjukdom og alderdom.
Fase 5: Negativ befolkningsvekst
I fase 5 søkk fødselsraten under dødsraten, og vi har ein negativ naturleg tilvekst. Fleire land i denne fasen har ei aldrande befolkning, og mange pensjonistar skal forsørgast av færre yrkesaktive.
Mange vel å få få eller ingen barn på grunn av lange utdanningar, høge bukostnader og eit ønske om meir fridom. Når det blir færre unge, kan det oppstå mangel på arbeidskraft og helsepersonell.
Nokre land prøver å snu utviklinga ved å tilby betre permisjonsordningar og økonomisk støtte til familiar som ønsker barn.

Livet i fase 5
Samfunnet er velståande, men mange bekymrar seg for framtida. Sjukeheimar og helsetenester er pressa, og politikarar prøver å motivere til høgare fødselstal gjennom økonomiske støtteordningar og betre permisjonsordningar.