Forstå verda betre: oppgåver om demografi
Kva er ein befolkningspyramide?
Ein befolkningspyramide er ein figur som viser korleis befolkninga i eit land er fordelt etter alder og kjønn.
Alderen blir vist frå yngst nedst til eldst øvst.
Menn blir viste på venstre side, kvinner på høgre.
Breidda viser kor mange menneske det er i kvar aldersgruppe.
Ein befolkningspyramide kan fortelje oss om ein stor andel av befolkninga er ung, eller om det er stor andel menn eller kvinner i befolkninga. Kva trur du dette kan fortelje oss om samfunnet pyramiden beskriv?

1. Utforsk befolkningspyramidar
A. Kva for eit land passar til kva for ein pyramide?
Klikk deg gjennom befolkningspyramidane under og gjett kva land som høyrer til dei ulike pyramidane.
Kva fortel pyramidane oss om forholda i landa?
Samanlikn Brasil, Afghanistan og Sør-Korea. Kvar i den demografiske overgangsmodellen trur du desse landa er?
B. Kva seier ein historisk pyramide oss?
Nedanfor finn du ein befolkningspyramide som viser befolkningssamansetjinga frå 1950 med framskrivingar til 2100. Studer pyramiden og svar på spørsmåla under. Prøv åleine først, deretter kan du diskutere svara med ein medelev.
Kva seier befolkningspyramiden frå 1950 om korleis verda var på dette tidspunktet? Var det ei meir velståande verd enn den vi lever i i dag?
Kva seier pyramiden om korleis verda er, og korleis ho vil bli?
2. Utforsk befolkningsgrafar
Denne oppgåva er enklare å løyse dersom du har lese artikkelen "Den demografiske overgangsmodellen".
A. Klarer du å finne dei ulike fasane?
Nedanfor finn du eit diagram med fødselsrate og dødsrate for England og Wales og eit med fødselsrate og dødsrate for Sverige.
Har landa hatt lik utvikling til same tid?
Klarer du å kjenne igjen nokon historiske hendingar i fødsels- og dødsratane?
Studer endringar i ratane og forsøk å tidfeste når dei ulike landa gjekk gjennom dei ulike fasane i den demografiske overgangen.
B. Fødsels- og dødsrate globalt
Nedanfor er det ein graf som viser dødsrate på x-aksen og fødselsrate på y-aksen. Fargane representerer verdsdel, og storleiken representerer talet på innbyggarar. Dra glidaren frå venstre mot høgre (merk at skalaen på x-aksen endrar seg når du dreg i glidaren).
I kva verdsdelar fell fødselsraten og dødsraten først?
Klikk på Asia i høgremargen, då er det berre land frå Asia som blir viste. Hald musepeikaren over Kina og India, og noter ned kvar stor befolkninga var, og kva dødsraten og fødselsraten var i 2023 og i 1950.
Korleis har fødselsraten og dødsraten i Kina og India utvikla seg?
Er det nokon samanheng mellom korleis befolkningsstorleiken har utvikla seg, og korleis fødselsraten og dødsraten var i 1950?
Klikk på Afrika og noter ned befolkningsstorleiken og fødsels- og dødsraten til Nigeria, Angola, Tanzania og Niger i dag. Samanlikn desse med det du fann om Kina og India for 1950.
Er det likskapar?
Kva skal til for at dei afrikanske landa vil få same utvikling som India og Kina?
Er det sannsynleg at dei afrikanske landa ikkje vil få same utvikling som India og Kina? Kvifor, i så fall?
3. Utforsk demografiske kart
Denne oppgåva er enklare å løyse dersom du har lese artikkelen "Er vi for mange eller for få?".
A. Kva land har høg og låg fødselsrate?
Studer kartet nedanfor. Det viser samla fruktbarheitstal i verda. Finn døme på land med høg fødselsrate og land med låg fødselsrate.
Kva utfordringar kan høg og låg fødselsrate føre til på lang sikt, både for enkeltland og for verda som heilskap?
Vurder kvifor demografiske endringar i store land, som til dømes Kina, kan få langt større globale konsekvensar enn tilsvarande endringar i små land som Noreg. Grunngi svaret med utgangspunkt i befolkningsstorleik.
B. Samanheng mellom fødselsrate og medianalder
Sjå for deg at du stiller alle menneska i ei befolkning på rekke etter alder. Alderen til personen midt på rekka, er medianalderen. Halvparten av befolkninga vil då vere yngre enn medianalderen, og den andre halvparten vil vere eldre enn medianalderen.
Nedanfor finn du eit kart over medianalderen i verda. Studer dei same landa som du undersøkte i oppgåve A.
Ser det ut til å vere nokon samanheng mellom land med høg eller låg fødselsrate og medianalderen?
Om du fann nokon samanheng, kvifor trur du det er ein slik samanheng?