Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Video
Interaktivt innhald

Introduksjon til Demografi og levekår

Er vi for mange eller for få menneske på jorda? Kva gjer at nokre er rike og andre er fattige? Kva faktorar avgjer kor store familiar det er vanleg å ha i eit land? Dette prøver vi å finne svar på i dette emnet. Her får du ei kort innføring, og du kan finne ut kva du kan frå før.

1. Film med oppgåver

A. Aktiver forkunnskapar

Diskuter kort i mindre grupper eller felles i klassen før de ser filmen: Kva trur de emnet Demografi og levekår handlar om?

B. Sjå film

I filmen Introduksjon til Demografi og levekår (lengde 1:26) blir det stilt mange opne spørsmål. Desse skal de lære meir om og forhåpentlegvis kunne svare på når de er ferdige med emnet Demografi og levekår.

Video: Christina Svien / CC BY-ND 4.0

C. Diskuter spørsmåla

Bruk to–tre minutt på å reflektere over spørsmåla nedanfor åleine. Deretter går de saman i grupper og diskuterer spørsmåla.

  • Kva trur de emnet Demografi og levekår handlar om, no når de har sett filmen?

  • Kva trur de avgjer kor mange barn det er vanleg å få?

  • Kva er det som gjer at nokre land i verda er rike og andre er fattige?

Etter at de har diskutert spørsmåla i grupper, kan læraren gå gjennom dei i klassen. Er gruppene einige, eller har de ulike oppfatningar?

2. Kva kan du frå før?

Du har heilt sikkert plukka med deg kunnskap om emnet tidlegare. Under finn du ei rekke oppgåver om demografi og utvikling. Klikk deg gjennom for å sjå kva du kan frå før!

Skrive av Eirik Tengesdal Skogvold.
Sist oppdatert 23.01.2026