Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Video
Interaktivt innhald

Kvifor er nokon rike og andre fattige?

Alle samfunn som har hatt velstand og ressursar, har hatt ulikskap. Pengar og ressursar verkar, nærast som ei naturlov, å bli samla hos enkeltpersonar. Fattigdom ser derimot ut til å gå i arv. Kvifor er det slik?

Film: Global ulikskap

Kvifor er nokre rike og andre fattige? Kvifor slit fattige land med å komme ut av fattigdommen? Filmen under (lengde 3:42) går kort gjennom avhengnadsteorien og moderniseringsteorien, som kan hjelpe oss med å finne svar på desse spørsmåla.

Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Avhengnadsteorien

Ifølge avhengnadsteorien blir ikkje naturressursane i fattige land brukte til å bygge opp velstand i dei landa, men snarare til å auke velstanden i rike land. På denne måten blir forskjellen mellom fattig og rik berre større.

Ofte er det ikkje naturressursane som er hovudgrunnen til denne ulikskapen. Til dømes kjem 60 prosent av kakaobønnene i verda frå Ghana og Elfenbeinskysten. Bøndene som produserer kakao, får dårleg betalt, mens foredling og sal skjer i rikare land. Dette gjer at mindre enn 6 prosent av kakaoomsetninga blir igjen i Ghana og Elfenbeinskysten (Fairtrade International, 2024). Om bøndene prøver å stille krav og ta betre betalt, vil dei store selskapa velje andre å kjøpe råvarer frå, og bøndene står igjen på berr bakke.

Ifølge avhengnadsteorien er det ein føresetnad for heile systemet at nokre skal vere fattige og bli utnytta, for at dei rike skal tene på handelen. Derfor er det mange som meiner at dagens er djupt urettferdig.

Når rike land utnyttar fattige land for å utvikle rikdommen sin, minner dette om korleis europeiske stormakter utnytta andre land i kolonitida. Sjølv om desse landa i dag er sjølvstendige, er dei framleis økonomisk avhengige. Avhengnadsteorien viser altså at strukturane frå kolonitida er bevarte i internasjonal handel.

Tenk over

Ei løysing på problema som avhengnadsteorien understrekar, er å lønne arbeidarane og bøndene på kakaoplantasjen betre.

Kva ville konsekvensen for oss i Noreg bli dersom vi gjer dette, trur du? Kva ville skjedd om vi gjer dette med alle råvarene som blir produserte i andre land?

Moderniseringsteorien

Moderniseringsteorien går ut på at alle land går gjennom ei utvikling frå "tradisjonelle" samfunn via "industrisamfunn" til "moderne" samfunn. Det tradisjonelle samfunnet blir kjenneteikna ved råvareproduksjon, mens det moderne er eit effektivt samfunn som leverer tenester og teknologi.

I Søraust-Asia har vi ei gruppe land som ser ut til å ha hatt ei slik utvikling. Det dreier seg om Sør-Korea, Taiwan, Singapore og Hong-Kong, og desse landa blir kalla dei asiatiske tigrane.

På 1960-talet var Sør-Korea og Taiwan prega av råvareindustri, og ifølge avhengnadsteorien skulle dei ha vore fortapte til ei slik rolle på grunn av urettferdig handel, men det skjedde ikkje. Fram til tusenårsskiftet gjekk desse landa frå å vere råvareksportørar til å bli høgteknologiske samfunn som leverte avansert teknologi og tenester til andre land. Dei satsa aktivt på utdanning, teknologi og eksport gjennom mange år og gjekk frå å vere tapande til å bli vinnande land. Dette skulle jo eigentleg ikkje vere mogleg, ifølge avhengnadsteorien.

Ikkje alle land har lik utvikling

Kva med dei fattige landa sør for Sahara? Er dei dømde til ei framtid utan utvikling og fattigdom? Desse landa har hatt glede av utviklinga i rikare land. Det er mange gode døme på dette. Teknologi som er utvikla i rikare land, blir masseprodusert og rimelegare, og det kjem òg dei fattige landa til gode.

4,8 millionar menneske i afrikanske land sør for Sahara har fått elektrisitet for første gong i 2024 (Hedley, 2025). Dette hadde ikkje vore mogleg utan at rikare land hadde satsa på solcelleteknologi og gjort han billigare. 160 millionar afrikanarar fekk tilgang på breiband frå 2019 til 2022, då fekk fleire tilgang på sparing, kunnskap og utdanning (World Bank Group, 2024). Det hadde heller ikkje skjedd utan utviklinga i rikare land.

Verda er sjeldan i svart-kvitt

Både moderniseringsteorien og avhengnadsteorien har gode poeng og gjer oss i stand til å beskrive trekk ved verkelegheita, men verda er samansett og sjeldan i svart-kvitt.

Det finst land i verda i dag som lid under måten vi produserer varer på, og måten vi driv handel på. Det betyr ikkje at all utviklinga og handelen vi har, er negativ. Det finst òg land som viser seg å ha sterk utvikling som følge av den same handelen. Mange menneske på jorda har fått det betre på grunn av den teknologiske utviklinga som den internasjonale handelen har ført med seg.

Test deg sjølv

Kjelder

Fairtrade International. (2024, 23. september). Position paper on the increased Ghanaian farmgate and Ivorian farmgate prices and Fairtrade intervention. https://www.fairtrade.net/en/get-involved/Press-centre/position-paper-on-the-increased-ghanaian-farmgate-and-ivorian-fa.html

Hedley, N. (2025, 3. april). In numbers: Africa’s off-grid solar revolution is boosting electricity access. The Progress Playbook. https://theprogressplaybook.com/2025/04/03/in-numbers-off-grid-solar-is-expanding-electricity-access-in-africa/

World Bank Group. (2024, 18. januar). Digital Transformation Drives Development in Africa. https://www.worldbank.org/en/results/2024/01/18/digital-transformation-drives-development-in-afe-afw-africa

Skrive av Eirik Tengesdal Skogvold.
Sist oppdatert 02.02.2026