Lese og tolke tematiske kart

Introduksjon
Oppgåva har tre delar. I den første delen skal de jobbe individuelt, i den andre delen i grupper, og den tredje delen tek dykk i plenum. Før de startar, må de gå saman i grupper på tre–fem elevar.
1. Individuelt: Tolk og vurder kvart dykkar kart
Vel kvart dykkar kart under.
Skriv ned nokre av vala kartteiknaren har gjort (fargar, fargeskalaer, bruk av symbol, kva informasjon er teken med og så vidare). Er det noko du ville ha løyst annleis?
Tolk informasjonen kartet gir. Skriv ned stikkord til spørsmåla under slik at du kan presentere det for resten av gruppa etterpå.
Kva viser kartet?
Er det noko du stussar på eller ikkje heilt forstår?
Synest du dette er eit godt og tydeleg kart? Kvifor eller kvifor ikkje? Har du forslag til noko som kan gjere kartet tydelegare eller betre?
Svar på spørsmåla som står over kartet.
Kart de kan velje
2. Arbeid i gruppa: Diskuter karta saman
Gå gjennom eitt og eitt kart som de jobba med i del 1. Den som jobba med kartet, styrer gjennomgangen. Følg gjerne desse punkta:
Kva viser kartet?
Er det noko du stussar på eller ikkje heilt forstår?
Synest du dette er eit godt og tydeleg kart? Kvifor eller kvifor ikkje? Har de forslag til noko som kan gjere kartet tydelegare eller betre?
Svar på spørsmåla som står over kartet.
3. Debrifing: Samanfatt i klassen
Læraren samlar trådane i ein klassesamtale. Kva kart likte klassen? Kvifor? Kva kjenneteiknar eit godt kart? Er det vanskeleg å lese informasjon ut av tematiske kart?
Snakk litt om korleis prosessen i gruppene har vore, og korleis diskusjonane gjekk.

