Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Verktøy og metodar for geografen

Oppgåve
Interaktivt innhald

Få geografisk oversikt

Det er artigare å jobbe med geografifaget om du veit omtrent kvar Nilen renn, kvar Himalaya er, og kvar Beijing er hovudstad. Denne oppgåva kan du bruke til å få litt geografisk oversikt over verda.

Få oversikt over verda

Treng du å bli litt betre kjend med verda før du vil teste deg? Under finn du eit verdskart med land, byar, elver og fjell, som du kan zoome inn og ut i. Dersom du vil sjå på kartet i fullskjermmodus, finn du kartet på NDLAs ArcGIS-side.

1. Land i Europa

Klarer du å plassere alle landa i Europa på kartet? Først skal du plassere landa nord i Europa. På dei neste sidene skal du plassere landa sør i Europa. Du kan dra landa til rett boks, eller du kan trykke på namnet på eit land og deretter trykke på boksen du vil plassere det i.

2. Nokre sentrale land i verda

I denne oppgåva skal du sjå om du kjenner igjen nokre sentrale land i verda på eit kart.

3. Hovudstader

I denne oppgåva kan du sjekke om du har kontroll på nokre viktige hovudstader i verda. Du skal svare på totalt 15 spørsmål.

4. Hav, fjell og elver

I denne oppgåva skal du bla deg gjennom tre sider der du skal plassere nokre viktige hav, fjellkjeder og elver på verdskartet.

5. Geografiske nøtter

Under kan du prøve deg på nokre geografiske nøtter om fjelltoppar, strete, kanalar og øyer. Oppgåva har seks sider.

Skrive av Hans Græsli.
Sist oppdatert 27.01.2025