Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Feltarbeid: Ulike typar arealbruk i nærmiljøet

Vi kan bruke areala våre på mange måtar. Vi må ta omsyn til naturfarar, vi treng naturressursar, vi må ha arbeidsplassar, og vi må ta vare på natur og byar som gir oss gode opplevingar. No skal du få dra ut og undersøke kva areala blir brukte til i nærmiljøet ditt.

1. Førebuing

Jobb i grupper på to–fire personar. De skal forstå fem ulike fagomgrep som de skal finne døme på ute i felt.

Det kan òg vere nyttig å sjå litt på artikkelen "Feltarbeid i geografi" før de går ut.

Tips til læraren

Viss du ønsker å korte ned oppgåva, kan de velje ut nokre av omgrepa i punkt A og ikkje jobbe med alle. Det kan òg vere lurt å gå gjennom omgrepa felles i klassen før de går ut i felt.

A. Undersøk fem fagomgrep

Under er ei liste med fagomgrep som blir forklarte i tilhøyrande artiklar.

Vel dykk fem fagomgrep frå lista. Les artiklane som høyrer til fagomgrepa de har valt, og jobb deretter saman med å forstå kva fagomgrepa betyr. Skriv ned forklaringane på omgrepa.

PS: Det går an å søke etter forklaringar på nettet, men hugs at du skal forstå kva omgrepa betyr i geografifaget.

B. Gjer dykk klare til å reise i felt

  • Ta med forklaringane på omgrepa.

  • Eit kamera kan òg vere nyttig, då kan de fotografere døma de finn.

  • Skriv ut eit kart over området de skal besøke, slik at de kan markere døma de finn, på kartet. Bruk til dømes norgeskart.no.

2. Arbeid i felt

Dra ut i felt. Avklar med læraren dykkar kva område de kan dra til.

  • Leit etter døme på dei fem omgrepa de valde.

  • Skriv ned observasjonar de gjer.

  • Ta bilete av døma og marker dei på kartet.

Observer godt slik at de kan forklare for andre når de kjem tilbake i klasserommet.

3. Etterarbeid

A. Samanfatt i gruppa

Etter at de har vore ute, er det fint å samanfatte litt i gruppa. Kva omgrep hadde de valt? Kva døme fann dykk? Fann de fleire døme på nokre av omgrepa? Var det nokre omgrep de ikkje fann døme på? Finn fram karta, bileta og notata de tok i felt, og gjer dykk klare til å fortelje ei anna gruppe om kva de fann.

B. Del med ei anna gruppe

Gå saman to og to grupper. Del det de fann ut, med kvarandre. Vis gjerne bilete og kartet, og fortel kva de fann ut undervegs.

Skrive av Hans Græsli.
Sist oppdatert 07.06.2024