Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Interaktivt innhald

Interessekonfliktar i Sápmi og nordområda

Sápmi og resten av nordområda er viktig for Noreg. Her er det naturressursar vi treng, og områda har mykje å seie for norsk sikkerheit. Men mange ulike interesser kan føre til konfliktar.

Er Sápmi og nordområda det same?

Sápmi og nordområda er ikkje det same sjølv om dei overlappar.

Nordområda er "land- og havområdene fra Sør-Helgeland i sør til Grønlandshavet i vest og Petsjorahavet (det sørøstlige hjørnet av Barentshavet) i øst" (Meld. St. 9 (2020–2021), s.10). Både havet nord for Noreg og Svalbard er altså i nordområda.

Sápmi er namnet på dei samiske områda i Noreg, Sverige, Finland og Russland.

Du kan utforske likskapane og forskjellane mellom nordområda og Sápmi i kartet "Nordområda og Sápmi".

Interessekonfliktar i Sápmi

Samane har levd i Noreg i fleire tusen år, hovudsakleg nord i landet. Gjennom mange generasjonar har dei lært seg å leve i og av naturen på ein berekraftig måte. Samtidig har den statlege interessa for ressursane i nord auka gradvis, og staten har ofte vilja bruke areala på andre måtar enn samane. Dette har ført til eit press på samisk kultur og interesser.

Samiske interesser blir pressa

Primærnæringar som reindrift, fiske og landbruk står sterkt i samisk kultur og sjølvforståing. Sidan det stort sett berre er samar som driv med reindrift, har denne næringa spesiell betydning for den samiske kulturen.

Industrialiseringa på 1800-talet skapte utfordringar for reindrifta. Staten har bygd vegar, kraftverk og opna for skogsdrift for å utnytte naturressursane. Dette fører stadig til mange små og store interessekonfliktar.

Fosen-saka

Det har vore fleire interessekonfliktar i Sápmi, og mange handlar om heilt vanlege utfordringar knytte til arealbruk. Fleire har òg handla om samiske interesser opp mot andre interesser. Men det er Fosen-saka som har fått størst mediemerksemd dei siste åra.

Fleire interesser stod mot kvarandre:

  • Staten ønskte å opne for vindkraftutbygging for å produsere fornybar energi.

  • Reindriftssamar ville halde fram med å bruke området som vinterbeite.

  • Miljøorganisasjonar ønskte å bevare naturen og naturmangfaldet i området.

Staten valde å ikkje høyre på innspel mot vindkraftplanane, og dei første vart gitt i 2004. I 2020 vart det siste vindkraftverket sett i drift.

I 2021 konkluderte derimot Høgsterett med at vindkraftutbygginga strir med dei samiske menneskerettane. Dommen tok ikkje stilling til om vindturbinane måtte fjernast. Dette førte til fleire markeringar og aksjonar før kraftprodusentane vart einige med samane om ein kompensasjon i 2023 og 2024. Dermed fekk vindkraftanlegga stå, og samane fekk tilgang til nye område til vinterbeite.

Interessekonfliktar i nordområda

Det er ei stadig aukande internasjonal interesse for nordområda. Dette handlar både om tilgang på ressursar og ikkje minst at områda har stor betydning.

Det er fleire interesser knytte til området, noko som kan skape konfliktar:

  • Geopolitiske interesser: På grunn av den strategiske betydninga av området har både Noreg og Nato sikkerheitspolitiske interesser i nordområda.

  • Havbruksressursar: Dei rike fiskebestandane i regionen krev samarbeid på tvers av landegrenser for å sikre berekraftig forvaltning.

  • Energiressursar: Det er store olje- og gassførekomstar i området. I tillegg er det potensial for utvikling av fornybar energi.

  • Berggrunnsressursar: Kobolt, nikkel og andre mineral finst i berggrunnen, og det er aukande interesse for å kartlegge og eventuelt vinne ut mineral frå havbotnen.

  • Miljø og klimaendringar: Regionen opplever rask oppvarming og er særleg sårbar for klimaendringar. Derfor er meir forsking og det å ta vare på økosystema avgjerande.

  • Urfolks rettar: Samisk kultur og rettar til landområde står sentralt i norsk politikk for nordområda og krev særleg omsyn og respekt.

Olje- og gassutvinning mot miljøvern og berekraft

Ein sentral interessekonflikt i nordområda handlar om utvinning av olje og gass. Olje- og gassnæringa er ei viktig næring for Noreg og norsk økonomi. Samtidig er naturen i nord sårbar og Det internasjonale energibyrået (IEA) konkluderer med at verda ikkje kan bygge ut nye olje- og gassfelt viss vi skal nå 1,5-gradersmålet.

I Barentshavet er det no tre utbygde felt på norsk sokkel. Det finst sannsynlegvis meir uoppdaga olje- og gass i området som det no blir leitt etter. Viss denne oljen og gassen skal vinnast ut, vil det føre til nye interessekonfliktar.

Sikkerheitspolitikk

Nordområda er viktige for både Noreg og Nato, sidan vi grensar til Russland her. Området har store energiressursar, og eit varmare klima gjer at meir skipstrafikk blir mogleg i Polhavet. Nordaustpassasjen, som tidlegare var dekt av is, kan no bli ei viktig sjørute om sommaren.


Test deg sjølv


Relatert innhald


Kilder

Biong, R. (2024, 10. april). Fosen: en tidslinje. Naturvernforbundet. https://naturvernforbundet.no/fosen-kort-forklart/

Hoel, A. H. & Askheim, S. (2025, 1. april). Petroleumsvirksomheten i Barentshavet. I Store norske leksikon. https://snl.no/Petroleumsvirksomheten_i_Barentshavet

Kystverket. (2024, 21. mai). Status 2024: Arktis – historie, næringer og skipstrafikk. https://www.kystverket.no/om-kystverket/status/status-2024/status-2024-arktis--historie-naringer-og-skipstrafikk/

Meld. St. 9 (2020–2021). Mennesker, muligheter og norske interesser i nord. Utenriksdepartementet. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-9-20202021/id2787429/

Pedersen, S. (u.å.). Oppdeling av det samiske territoriet. Samiske veivisere. Hentet 19. mai 2025 fra https://samiskeveivisere.no/article/oppdelingen-av-de-samiske-territoriet/

Senter for samiske studier, UiT Norges arktiske universitet. (u.å.) Våre tema. Reaidu. Hentet 14.  mars 2025 fra https://result.uit.no/reaidu/vare-tema/

Trosten, I. E., Knutsen, V., Mudenia, D. & Cubrilo, D. (2023, 11. oktober). Dette er Fosen-saken. NRK. https://www.nrk.no/sapmi/-dette-er-fosen-saken-1.16591367#intro-authors-expand

Østhagen, A. (2024). India vil ta mer plass i verden. Aftenposten innsikt, 11(4), s. 36–39. https://e.magasinpluss.no/p/aftenposten-innsikt/05-04-2024/r/19/36-37/7579/1454135

Skrive av Hans Græsli.
Sist oppdatert 30.08.2024