Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Interaktivt innhald

Kartlegg nedbygging av natur

Her skal du undersøke kor mykje natur som har blitt bygd ned i nærområdet ditt. I tillegg skal du sjå på og vurdere område som skal byggast ned i framtida.

Tips til læraren

Jobb med heile verda

Viss du vil la elevane jobbe med heile verda, kan de bruke tenesta World Imagery Wayback, som svarer til Norge i bilder. Her er det òg fleire spennande funksjonar med moglegheit for å samanlikne to bilete eller lage ein animasjon over utviklinga. Kvaliteten på bileta er dessverre ikkje alltid den beste.

Kom raskare i gang

For at elevane skal komme raskast mogleg i gang med oppgåve 1, kan du gjere punkt A–C på førehand. Då får dei ikkje velje område sjølv, men dei vil sannsynlegvis komme raskare i gang med sjølve kartlegginga.

Utvid oppgåva

I oppgåve 1 har vi valt å berre fokusere på nedbygging. Denne oppgåva kan utvidast til å òg handle om arealbruksendringar. Då kan elevane skravere begge bileta/karta med ulike fargar og symbol for ulike typar arealbruk. Deretter kan elevane samanlikne dei to og reflektere over kva endringar som har skjedd.

Det går òg an å lage ein variant av oppgåva der elevane bruker nokre av verktøya som ligg i dei digitale kartverktøya. Elevane kan til dømes få i oppgåve å bruke måleverktøya og måle kor store areal som har blitt nedbygd i eit gitt område.

Løys oppgåva digitalt

Oppgåve 1 kan òg løysast heildigitalt ved å lage eit kartlag i Norgeskart ved hjelp av teikneverktøya der. Vi har valt å lage oppgåva meir analog då vi trur at dette senkar terskelen for å komme i gang for elevane.

1. Kartlegge nedbygging

I oppgåva skal du bruke karttenesta Norge i bilder. Vi forklarer korleis Norge i bilder fungerer i artikkelen "Bruk av digitale kartverktøy".

Gjennomføring

Du finn ei grundigare forklaring med biletdøme under punkt E.

  1. Vel eit område du vil kartlegge, og finn det i Norge i bilder.

  2. Sjå tilgjengelege bilete i høgre marg, og vel to år som ligg langt frå kvarandre i tid.

  3. Skriv ut eit kart eller flyfoto av området som du kan teikne på.

  4. Samanlikn dei to åra du valde, og teikn inn nedbygd natur på kartet. Bruk ulike fargar og symbol og lag ei .

  5. Når kartet er ferdig, kan du studere det og svare på desse spørsmåla:

    • Har det vore mykje nedbygging i området?

    • Kvifor (eller kvifor ikkje) har det vore mykje nedbygging i området du har kartlagt?

    • Er det nokre store område eller mange små område som er bygde ned?

    • Kva type natur har blitt bygd ned (til dømes myr, skog, snaufjell)?

    • Kva tenker du om denne nedbygginga? Har ho vore god og nødvendig? Eller er det døme på område som ikkje burde ha blitt bygd ned?

2. Undersøk planlagd nedbygging

Gruppearbeid

Jobb i grupper på to–fire personar. Finn nærområdet dykkar i kartet og diskuter spørsmåla under. Skriv ned svar på alle spørsmåla. Viss de vil bruke kartet i fullskjermmodus, kan de gå til Miljødirektoratets kart "Planlagt utbygging i Norge".

Når de har zooma inn i kartet, er det mogleg å trykke på areala som er markerte med ein farge, og få opp meir informasjon om kva området skal brukast til.

Spørsmål

  1. Finn de nokre område de synest det er greitt å bygge ned? Finn to konkrete døme og grunngi valet av område.

  2. Kva område bør det ikkje byggast i? Finn to konkrete døme på planlagde nedbyggingar de ikkje liker. Skriv ned nokre argument for kvifor de synest det er ein dårleg idé å bygge der.

  3. Korleis kan vi bruke naturen og areala på ein berekraftig måte? Bruk kartet og diskuter korleis areala i nærområdet dykkar kan brukast på ein berekraftig måte.

Relatert innhald



Skrive av Hans Græsli.
Sist oppdatert 31.03.2025