Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Video
Interaktivt innhald

Interessekonfliktar og arealkonfliktar

Det er ikkje alltid like lett å bli einige om korleis vi kan og bør bruke areala rundt oss. Ulike grupper kan ha ulike ønske og meiningar om korleis vi bør bruke areala. Det kan skape konfliktar.

Kva er interessekonfliktar?

Når folk har ulike interesser i bruken av eit areal eller ein ressurs, har vi ein interessekonflikt. Interessekonfliktar oppstår som regel når det er snakk om å forandre bruken av eit areal. Då kallar vi det òg ein arealkonflikt eller ein arealbrukskonflikt. Det kan til dømes vere nokon som ønsker å bygge nye bustader i ein skog, mens andre ønsker å bevare skogen som turområde.

Ein interessekonflikt kan bestå av to eller fleire motstridande interesser. Det betyr at ikkje alle kan få det dei ønsker, og dermed kan det bli ein konflikt.

Arealkonflikt eller interessekonflikt?

Både arealkonflikt, arealbrukskonflikt og interessekonflikt blir brukt i geografifaget. Men er det eigentleg nokon forskjell på omgrepa?

I geografi handlar det som regel om ueinigheit om korleis eit areal skal brukast. Sidan vi vil få fram dei ulike ønska som er grunnen til slike konfliktar, har vi valt å bruke omgrepet interessekonflikt. I tillegg er interessekonflikt eit litt breiare omgrep som kan brukast òg når det ikkje er snakk om konkrete areal. Spørsmålet om vi skal avvikle eller utvikle oljenæringa, er eit døme på ein interessekonflikt som ikkje nødvendigvis handlar om eit konkret areal, men som likevel er ein interessant diskusjon i faget.

Ulike interesse- og arealkonfliktar som kan oppstå

  • Landbruk mot bustader: Vi har eit ganske sterkt jordvern i Noreg (reglar for å ta vare på landbruksjord). Likevel er landbruksjord ofte attraktive område for å bygge vegar og bustader, og det kan skape konfliktar.

  • Tilgang til strandsona mot hytter og privatliv: Mange har gjerne lyst på ei hytte heilt nede ved sjøen. Andre meiner at strandsona må vere tilgjengeleg for alle.

  • Naturmangfald mot næringsutvikling: Vi får stadig mindre naturmangfald, sjølv om vi er avhengige av det. Men viss nokon ønsker å bygge ein stor industripark i ein kommune som slit med fråflytting, kan det bli vanskeleg å ta vare på naturen.

  • Vakkert kulturlandskap mot utbygging: På Røros er nok dei fleste einige om å bevare slagghaugane. Men område med vakkert kulturlandskap er ofte òg attraktive for utbygging av til dømes hytter.

NIMBY, ekspropriasjon og allmenningstragedien

Vi skal sjå litt nærare på tre omgrep som er forbundne med interesse- og arealkonfliktar.

NIMBY

NIMBY står for "not in my backyard" (ikkje i bakgarden min). Det handlar om at det er ein del ting samfunnet treng, men som ingen vil ha tett på der dei bur. Det kan vere ein veg med mykje trafikk, eit avfallsanlegg, vindmøller eller eit fengsel. Viss vi skal unngå arealkonfliktar, må vi ta omsyn til NIMBY.

Ekspropriasjon

For at store samfunnsnyttige skal bli gjennomførte, har staten faktisk rett til å gjere krav på privat eigedom. Dette blir kalla ekspropriasjon. Ekspropriasjon er viktig for større prosjekt knytte til vegbygging, jernbane og kraftutbygging. Som regel blir staten og grunneigarane som er ramma, einige om ein passande kompensasjon før ekspropriasjon blir nødvendig.

Allmenningstragedien

Allmenningstragedien er eit fagomgrep som beskriv ein situasjon der eigeninteressa folk har, går ut over ein fellesressurs. La oss seie at fellesressursen er eit fiskevatn. Alle kan fiske så mykje dei vil. Viss alle fiskar to fiskar kvar dag, rekk fisken å reprodusere seg. Men kva skjer viss nokon bestemmer seg for å fiske tre fiskar i staden for to? Dei vil då få meir fisk på kort sikt. Men viss alle gjer det same, vil fisken til slutt forsvinne frå vatnet. Ingen får fisk lenger, og alle taper på det. Dette blir kalla allmenningstragedien.

Film: Eitt areal, ulike interesser

I denne fiksjonsfilmen (lengde 5:59) møter vi fleire personar som har ulike interesser i eit skogholt. Kva interesser blir presenterte i filmen? Og kan det vere fleire interesser knytte til dette skogholtet?

Video: Leidar / CC BY-NC-SA 4.0

Kva interesser skal vinne fram i ein arealkonflikt?

Kven skal eigentleg få viljen sin? Kva interesser er viktigast? Fleire faktorar avgjer utfallet av ein interessekonflikt.

Planane til kommunen styrer

Det er i utgangspunktet kommunane som bestemmer korleis areala skal brukast. Heilskaplege arealplanar gjer at kommunane kan areala på ein god måte. Arealplanane styrer kva som kan gjerast, og der det kan byggast. Vil du bygge vindmøller i eit område som er sett av til hytter, får du ikkje lov. Kommunen kan likevel gi dispensasjon viss fordelane er vesentleg større enn ulempene.

Nasjonal politikk legg føringar

Staten har nokre overordna planar som påverkar arealplanane til kommunane. Dette kan til dømes handle om berekraftig utvikling, friluftsliv, klimautslepp, bevaring av natur og vegbygging. Til dømes må kommunane tilpasse seg klimaendringane i tråd med nasjonal politikk.

Lovverk og forskrifter set nokre rammer

Ulike lover og forskrifter regulerer bruken av areal. Her er nokre døme:

  • Jordlova skal sikre at vi tek vare på all god landbruksjord.

  • Reindriftslova skal verne samiske rettar knytte til reindrift.

  • Naturmangfaldlova skal sikre at vi tek vare på det biologiske mangfaldet.

  • Kulturminnelova skal sikre at vi tek vare på kulturminne.

Dette er nokre av lovene som påverkar kva interesser som vinn fram i arealbruksspørsmål.

Vurdering av ulike faktorar

Økonomiske faktorar, miljøomsyn og berekraftig utvikling vil alle ha noko å seie for kva interesser som skal vinne fram. Viss ein distriktskommune slit med fråflytting, kan det vere vanskeleg å seie nei til ei stor bedrift som vil etablere seg og skape arbeidsplassar.

Retten – siste utveg

Nokre interessekonfliktar endar i rettssystemet. Då avgjer ein domstol kva interesser som skal få gjennomslag, ofte basert på ei avveging mellom ulike lover og reglar.


Test deg sjølv


Kjelder

Almenningens tragedie. (2024, 26. november). I Store norske leiksikon. https://snl.no/allmenningens_tragedie

Regjeringen.no. (2024, 18. november). Kommunale planoppgaver. https://www.regjeringen.no/no/tema/plan-bygg-og-eiendom/plan_bygningsloven/planlegging/plansystem_prosess/kommunale_planoppgaver/id2836162/

Skrive av Hans Græsli.
Sist oppdatert 07.06.2024