Nærmiljøet ditt 2.0: Arealkonsulentane

Oppstart
Del dykk i basisgrupper med minst fire elevar i kvar gruppe. Kvar basisgruppe skal vere eit konsulentselskap som skal komme med løysinga si for nærmiljøet 2.0.
Fordel temaa under på medlemmene i gruppa. De skal no bli eksperten i konsulentselskapet på kvart dykkar tema.
Førebuingar
Individuelt arbeid
Fordjup deg i dei gitte artiklane og svar på spørsmåla under temaet ditt.
Tidsbruk: 20 minutt.
Ekspertgrupper
Set dykk saman i ekspertgrupper. Viss du har om kart, skal du no sitje saman med dei andre som òg har om kart (som då er frå andre basisgrupper/konsulentselskap).
Del det de har funne ut. Hjelp kvarandre med å forstå stoffet og bli ekspertar på temaet dykkar.
Tidsbruk: 10 minutt.
Deling og diskusjon i konsulentselskapet
Set dykk tilbake i basisgruppene og presenter for kvarandre det de har funne ut. Kvar ekspert får tre–fire minutt til å presentere sitt ekspertområde for dei andre.
Tidsbruk: 10–15 minutt.
Oppdraget til konsulentselskapet
No har de blitt ekspertar på kvart dykkar område. Dermed er konsulentselskapet klart for oppdraget "Nærmiljøet 2.0".
De skal no lage ein plan for bruket av areala i nærmiljøet der de får plass til
eit nytt idrettsanlegg
minst 50 nye bustader
meir bruk av ein naturressurs (gjerne ein som ikkje blir utnytta i området i dag)
eit nytt kjøpesenter eller noko anna som kan skape økonomisk aktivitet
Presentasjonen til konsulentselskapet
Sluttproduktet skal vere ein presentasjon som overtyder om at dykkar konsulentselskap har den beste planen for nærområdet. De må bruke fagomgrep, forklare kvifor de har valt dei plasseringane de har gjort, og argumentere for kvifor dette er ei god løysing.
Følgande må med i presentasjonen:
Kart som viser plassering. Her må de ha berekna den faktiske plassen slik at innteikningane er realistiske.
Bilete som viser korleis det skal sjå ut. Biletbruken bør gjere oss overtydde om at dette er eit nabolag vi vil ha. Søk gjerne opp bilete de kan bruke, på nettet.
Argument som overtyder oss om kvifor dette er ei god løysing. Bruk fagomgrep på ein måte som viser at de forstår dei. Planen må vere god og gjennomtenkt.
Fagomgrep som bør brukast: naturfarar, interessekonfliktar, naturressursar, naturgode og nedbygging av natur.
Andre aktuelle fagomgrep: flaum, skred, kvikkleire, landskapsverdiar, berekraft, samfunnsnytte, næringsinteresser, fortetting, grå areal, naturmangfald, naturforvaltning, økosystemtenester, grad av fornybarheit, ekspropriasjon og NIMBY.
Tips til bruk av KI
Presentasjonen skal innehalde nokre visuelle element i tillegg til kartet. Viss de ikkje finn bilete på nettet, kan de generere bilete ved hjelp av KI. De kan òg bruke KI for å lage logoen til konsulentselskapet (logoen øvst i denne oppgåva er laga ved hjelp av KI).
Hugs å bruke godkjende biletrobotar. NDLAs biletrobot finn du når du loggar inn på Min NDLA. Alle KI-robotane til NDLA er personvernsikre, tek omsyn til opphavsrett og er spesielt tilrettelagde for bruk i opplæring.