Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video
Interaktivt innhald

Kvikkleire

Store delar av landet vårt er bygd på kvikkleire. Denne kan vere ustabil og føre til alvorlege skredhendingar om vi ikkje tek omsyn til ho. Her skal vi undersøke korleis kvikkleire oppstår, og korleis vi kan leve trygge, gode liv i område med kvikkleire.

Korleis oppstår kvikkleire?

Når ei elv renn ut i havet, mistar ho farten, og som stein, sand og leire blir avsett. Leira er den mest finkorna av desse massane og flyt lengst vekk frå elvemunninga før ho dett ned på havbotnen og får salt i seg. Saltet forsterkar bindingane i leira og gjer ho stabil.

Etter siste istid vart landet hevt, og leira kom over havnivået. Saltet vart sakte, men sikkert vaska vekk. Når salt som ein gong har gjort leira stødig, blir borte, får vi ei ustabil leire som blir kalla kvikkleire.

Film: Kvikkleire

Filmen under (lengde 1:11) viser korleis kvikkleire blir danna.

Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Marin grense

Landet vart som nemnt hevt etter siste istid, noko som førte til at vi fekk kvikkleire fleire stader i Noreg, men korleis skjedde dette?

Under siste istid pressa vekta av isen jordskorpa ned. Dette gjorde at havnivået var opp mot 200 meter høgare enn det er i dag. Etter som isen smelta, vart vekta fjerna, og landet hevde seg sakte, men sikkert til nivået i dag. Det høgaste nivået havet stod etter siste istid, kallar vi marin grense. Det er under den marine grensa vi kan finne kvikkleire i Noreg i dag.

Vi kan framleis sjå spor etter den marine grensa i landskapet, som terrasselandskap og delta. Dei finst i store delar av landet.

Film: Marin grense

Filmen under (lengde 1:01) forklarer landhevinga i Noreg etter siste istid.

Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Når det går skred

Det kan vere vanskeleg å svare på kor lenge leira har vore ustabil, men det er grunn til å tru at det er snakk om fleire tusen år, kanskje så mykje som 12 000 år. Med andre ord har leira lege i bakken utan salt svært lenge utan å røre på seg, så kvifor kan ho byrje å rase ut?

For at eit skred skal gå, må leira gjerast meir ustabil. Det kan skje ved at vekt blir lagd på området, eller ved at lausmassar som støttar opp leira, blir fjerna. Dette kan både skje naturleg og som følge av menneskeleg påverknad.

Ein bekk kan til dømes grave vekk lausmassar. Då mister leira støtte. Det var dette som skjedde under skredet i Gjerdrum i 2020. Ein bekk hadde grave vekk jord i underkant av kvikkleira, noko som gjorde at leira vart ustabil og raste ut.

Menneske kan òg forandre kreftene som held leira stabil, som å grave ut ein veg gjennom ei kvikkleiresone. Vi kan òg tilføre ekstra vekt ved å bygge hus og annan infrastruktur.

God planlegging gir trygge samfunn

Naturlege endringar i kreftene som stabiliserer eller destabiliserer kvikkleira, skjer ofte gjennom langsame prosessar som vi kan ta omsyn til om vi veit kvar leira er. Rikeleg og god kunnskap om kvar vi har kvikkleire, er derfor viktig. Då kan vi følge med på desse områda og sørge for at kvikkleira ligg trygt i bakken.

Det enklaste er å unngå store inngrep i soner med kvikkleire, men av og til er ikkje det mogleg. Fleire av dei største byane våre, som Trondheim og Oslo, har så store førekomstar av kvikkleire at det er vanskeleg å unngå bygging i desse områda. For å unngå ulykker må ein setje inn tiltak for å stabilisere leira i byggeprosessane.

Under er ei oversikt over ulike årsaker som kan fjerne støtte til eller tilføre vekt på ustabile område, noko som kan føre til skred.

Test deg sjølv


Skrive av Eirik Tengesdal Skogvold.
Sist oppdatert 31.03.2025