Slik arbeider isbreen

Korleis formar breen landskapet?
Ein isbre beveger seg i landskapet ved å gli på underlaget. Når du står på ein isbre eller ser den frå dalbotnen, kan det vere vanskeleg å sjå for seg at han beveger seg, men det gjer han. Tyngdekrafta trekker isen ned gjennom landskapet. Nokre brear kan bevege seg med fart opp mot 30 meter i året, mens andre beveger seg så lite som 0,5 meter i året.
Film: Franz Josef Glacier retreats 900 metres
Bresprekkar er teikn på at breen beveger seg. Set ein saman bilete av breen over fleire år i ein såkalla timelapse, blir det tydeleg at breen flyt nedover som ei elv. Dette blir godt vist i filmen under (lengde 1:08), der ser vi òg korleis isbreane smelter. Legg merke til at brefronten på slutten av filmen ligg høgare opp i fjellsida enn på starten.
Filmen er utan lyd.
Film: Isbreen skurar og plukkar
Når isen glir, formar han landskapet gjennom to prosessar som vi kallar skuring og plukking. Desse prosessane gjer at dalane som breen eroderer ut, er ei blanding av polerte fjellsider laga av skuring og steile klippar danna av plukking.
Filmen under (lengde 1:38) viser korleis isbreen skurar og plukkar.
Skuring
Om du kastar ein istapp på bakken, knuser han som glas. Korleis kan då isen grave ut dalar i landskapet?
Inne i isen er det store og små steinar som er frosne fast. Nokre av dei er fanga inne i isen, andre ligg langs botnen. Når isen glir nedover landskapet, skrapar desse steinane mot berggrunnen under isen. Breen verkar då som eit sandpapir på underlaget og sliper det ned. Det er dette som er skuring.
Spor etter skuring kan vi finne på blottlagd berggrunn som små striper i fjellet. Desse stripene kallar vi skuringsstriper, og dei strekker seg i same retning som breen beveger seg.

Plukking
Breen smeltar litt på undersida på grunn av auka trykk, til dømes når han glir over ei forhøgning i terrenget. Vatnet strøymer til område under breen med lågare trykk og legger seg i sprekkar og søkk i terrenget. Når trykket minkar, frys vatnet på nytt, og breen riv laus steinar og blokker frå berggrunnen under. Denne prosessen kallar vi plukking fordi isen plukkar med seg stein frå underlaget.

Breen dannar landformer
Film: Brerørsle og morenedanning
Breen dannar mange landformer. Filmen under (lengde 1:27) forklarer nokre av dei.
Erosjonsformer danna av isbre
Breen lagar mange ulike erosjonsformer. Her er ei oversikt over nokre av dei.
U-dal
Breen glir i istidene ned i dalføre og skurar underlaget der han er tyngst. Over tid vil då breen utvikle ei U-form. Under ser du fleire døme på ulike U-dalar.
Botn
I mellomistidene ligg små brear i søkk i fjellet. Desse skurar underlaget og lagar ei skålform i landskapet: ein botn.
Egg
Når to brear sliper på kvar si side av eit fjell, vil ein få ein spiss egg. Denne har form som bladet på ein kniv, ein knivsegg.
Tind
Ein tind blir danna av dei same prosessane som eggar og botnar, men her er det isbre på fleire av sidene av fjellet slik at dei blir bratte. Ein tind kan derfor minne om toppen av ein pyramide.
Skuringsstriper
Når isen sklir over berggrunnen, frys steinar fast i botnen på han. Desse steinane lagar små striper, skuringsstriper, i fjellet i den retninga som breen beveger seg i.
Avsetjingsformer danna av isbre
Avsetjingsformer er landformer der lausmassar har blitt lagde igjen i terrenget. Under finn du bilete og døme på ulike avsetjingsformer breen har laga.
Endemorene
Steinar blir frakta til brefronten i, under og på toppen av breen. Når brefronten trekker seg tilbake, vil ein usortert grushaug ligge igjen som eit spor etter der brefronten ein gong låg. Denne grushaugen kallar vi ein endemorene. Haugar som blir avsette langs kanten, kallar vi sidemorenar.
Flyttblokk
Breen har både stein og lausmassar i seg. Når breen smeltar, vil desse steinane bli lagde igjen på tilfeldige stader i landskapet. Desse steinane kallar vi flyttblokker.