Ytre krefter formar landskapet

Kva er ytre krefter?
Vi har to typar krefter som dannar landformer på jorda: indre og ytre krefter. Ytre krefter er naturlege prosessar som bryt ned og formar landskapet på jordoverflata. I Noreg har spesielt is og vatn hatt stor innverknad på korleis landskapet ser ut i dag. Dette er krefter som sliper ned fjell, grev ut dalar og flytter lausmassar.
Dei viktigaste ytre kreftene er
isbrear
vatn
vind
skred og skråningsprosessar
menneske
Erosjon
Har du nokon gong sett ei elv når det er flaum? Har du lagt merke til korleis vatnet har blitt brunt og skitent? Når elva fløymer, får vatnet høgare fart. Den høge farten gjer at elva grev langs botnen og kanten. Denne gravinga kallar vi erosjon. Erosjon er ein prosess der lausmassar eller bergartar blir brotne ned og blir flytta frå eit område.

Erosjonsformer er landformer der masse har blitt fjerna. Dei store dalane i Noreg er til dømes gravne ut av isbrear ved hjelp av erosjon. Dei andre ytre kreftene, som vatn og skred, lagar òg erosjonsformer når dei fjernar mykje frå eit område.

Avsetjing
Ei fløymande elv fraktar med seg lausmassar ned elveløpet, men kvar blir dei av? Når elva mistar fart, mistar ho evna til å transportere sand, stein og grus, og det dett ned på botnen av vassdraget. Dette kallar vi avsetjing.
Alle ytre krefter som eroderer, avset òg materiale. Ein bre legg igjen stein langs brefronten, og ei elv legg igjen lausmassar når ho mistar fart eller renn ut i eit stilleståande vatn.
Lausmassane som blir lagde igjen av brear, elvar og vind, dannar eigne landformer. Lausmassane i ei brun og fløymande elv vil til slutt ikkje bli transportert ned gjennom elveløpet og dannar då ein avsetjingsform. Stein og grus som blir dytta framfor ein bre, blir lagde igjen i store haugar som vi kallar morenar. Ein morene er altså ei avsetjingsform.
Sjå for deg at det har gått eit jordskred (sjå biletet under). Lausmassane sklir gjerne på berggrunnen nedover dalsida før dei stoppar nærare dalbotnen. Der fjellet er synleg, har lausmassane rasa ut, og vi ser ei erosjonsform. Lenger ned i dalsida stoppar dei, og vi ser ei avsetjingsform.

Avsetjingsform eller erosjonsform?
Dersom vi skal prøve å forstå korleis eit landskap er danna, er det ein god start å sjå etter avsetjingsformer og erosjonsformer. Om landskapet er prega av erosjonsformer, vil det vere søkke, som til dømes dalar, i terrenget som ei ytre kraft har grave ut. Avsetjingsformer kan vere grushaugar avsette av brear, morenar eller store flate sletter danna av vatn (delta). Desse landformene kan du lære meir om i artiklane "Slik arbeider isen" og "Slik arbeider elva".
Klarer du å finne ut kva delar av landskapet på biletet under som består av avsetjingsformer, og kva for nokre av dei som består av erosjonsformer? Trykk på plussikona for å få vite kva som er rett.
Forvitring
Ytre krefter bryt landskapet ned gjennom to ulike prosessar: erosjon og forvitring. Der erosjon bryt ned landskapet og transporterer lausmassen vekk, bryt forvitring ned lausmassane på staden utan transport. Forvitring kan delast i to hovudkategoriar: mekanisk forvitring og kjemisk forvitring.
Mekanisk forvitring

Mekanisk forvitring har vi når bergartar smuldrar opp i mindre bitar. Det kan vere ulike grunnar til at dette skjer. Ein vanleg grunn er det vi kallar frostsprenging.
Sjå for deg at vatn renn ned i ein sprekk i ei klippe i fjellet ein haustdag. Om natta blir det frost, og vatnet frys til is. Når vatn frys til is, aukar volumet med omtrent 10 prosent, og sprekken blir utvida. Neste dag blir det igjen plussgradar, og vatnet smeltar. Dette gjentek seg fleire gonger i det vi kallar fryse- og tineprosessar. Til slutt vil sprekken bli så stor at når isen smeltar, løyser steinen frå resten av fjellet. Dette er eit døme på mekanisk forvitring.
Kjemisk forvitring

Kjemisk forvitring skjer når samansetjinga av bergarten blir forandra. Dette skjer som regel i kombinasjon med vatn. Eit vanleg døme her er når kalkhaldige bergartar blir utsette for sur nedbør. Då kan noko av kalken i bergarten forandre struktur, mens andre delar av bergarten blir ståande uendra.
Kjemiske prosessar går raskare i varmare temperaturar og er derfor vanlegare lenger sør. Du har kanskje sett vatn med ein rustfarge i bekker? Dette er som regel eit resultat av rustdanning i jernhaldige bergartar, som er eit døme på kjemisk forvitring i Noreg.