Korleis istidene forma Noreg

Ein bre oppstår
Om du har vore i høgfjellet i Noreg på sommaren, har du antakeleg sett ei snøfonn. Sjå for deg no at det kvar vinter kjem litt meir snø enn det smeltar på sommaren. Snøen samlar seg i søkkingar i terrenget, og viss han ikkje smeltar om sommaren, blir det danna ei snøfonn. Om snøfonna veks seg stor nok, vil vekta av snøen gjere om snøen under til is. Til slutt vil snøfonna bli så tung at ho startar å skli langs botnen nedover fjellsida. Vi har då fått ein isbre.
Istider
Det er inga ytre kraft som har sett så stort avtrykk i landskapet i Noreg som isbrear.
For 117 000 år sidan starta den siste istida og varte i omtrent 100 000 år. For om lag 20 000 år sidan var den førre istida på sitt største. Isen dekte då eit område frå Svalbard i nord til Tyskland i sør, frå kysten på Vestlandet til langt inn i Russland i aust. Ein trur at isen på det meste var over 3 000 meter tjukk. Det er spora etter denne store ytre krafta vi finn i dei djupe dalane i landet vårt.
Dei siste 2,6 millionar åra har vi hatt over 40 istider som alle har vore med på å grave ut dei djupe dalane vi finn i Noreg i dag. Under siste istid fraus så mykje vatn til is at havnivået sokk mange meter. Så mykje sokk det at ein kunne gått tørrskodd frå Frankrike til England, altså der den engelske kanalen ligg i dag!

Film: Isbrear formar landskapet
Filmen under (lengde 1:19) viser korleis isbreen har forma landskapet ulikt i istidene og mellomistidene.
Istider og mellomistider dannar ulike landformer
Dei siste 2,6 millionar åra har Noreg hatt over 40 istider. Mellom kvar istid har det vore ei mellomistid, noko som betyr at vi har hatt like mange av dei.
Når isbrear formar landskapet, er det viktig å skilje mellom kva som skjer i istidene og mellomistidene.
Istider
Heile landet er dekt av is.
Isen strøymer gjennom dalane og grev ut djupe U-dalar som Sognefjorden og Gudbrandsdalen. Over toppane er det lite brerørsle.
Mellomistider
Mykje av isen smeltar, men mindre botnbrear blir igjen i høgfjellet.
Botnbrear grev ut alpine landformer som spisse tindar og skarpe eggar.
Store platåbrear, som Jostedalsbreen, Folgefonna og Svartisen, dekker framleis store område.
Det kan vere litt vanskeleg å forstå korleis det alpine landskapet utviklar seg i mellomistidene. Under er nokre illustrasjonar som viser korleis botnbreen over tid et seg bak i fjellsida.
Trykk på merka under for å sjå korleis botnbreen har forma landskapet i Hurrungane gjennom mellomistidene.
Noregs historie kan lesast i landskapet
Om du nokon gong har vore på Vestlandet eller i Nord-Noreg, har du kanskje lagt merke til at landskapet der er prega av bratte dalar med steile kantar. På toppane, derimot, kan det ofte vere paddeflatt. Kanskje har du sett Noregs nasjonalfjell, Stetind, med sine blankskura fjellsider. På toppen derimot er det nesten heilt flatt. Korleis blei det slik?

Før istidene var Noreg i stor grad prega av eit flatt høgfjellslandskap, ikkje ulikt det vi finn på Hardangervidda eller Finnmarksvidda i dag. I istidene la breane seg i V-dalar i terrenget og starta å grave ut dei store dalane vi finn i dag. På Austlandet grov dei ut Hallingdal og Gudbrandsdalen, i vest grov dei ut dei store fjorddalane som Sognefjorden, og i nord grov dei ut store fjorddalar, som den ved Stetind i biletet over. I mellomistidene vart dei alpine landformene gravne ut.
I dag kan vi sjå spor etter alle desse epokane i terrenget. Dei flate toppane er ein rest etter landskapet før istida, dei djupe dalane er spor etter istidene og iserosjon, mens dei alpine landformene er spor etter arbeidet til isen i mellomistidene.
Utforsk stadene i 3D-kart
I 3D-kartet kan du utforske Hardangervidda, Finnmarksvidda, Hallingdal, Gudbrandsdalen, Sognefjorden og Stetind. I tillegg finn du døme på platåbre, dalbre, botnbre, tind og egg. Oppe til høgre i kartet ligg det snarvegar til stadene. På venstre side finn du knappar for å zoome, panorere og rotere.