Noregs landskap: ei geologisk tidsreise

Korleis vart det norske landskapet til?
Noreg har eit variert landskap med djupe fjordar, høge fjell, store vidder og skjergard. For å forstå korleis landskapet vart slik, må vi sjå på både indre og ytre krefter og mange millionar år med forandringar. Resultatet er eit landskap med ei blanding av gamle og unge landformer.
Film: Landskapet i Noreg blir til
Animasjonen under (lengde 2:07) viser i grove trekk nokre sentrale hendingar som har påverka landskapet i Noreg.
Tenk over
Kva landformer i Noreg trur du blir rekna som gamle landformer, og kva blir rekna som unge landformer?
Gamle landformer
Nokre landformer i Noreg er veldig gamle, kanskje opp mot 100 millionar år. Vi kallar desse for gamle landformer fordi dei vart danna før istidene.
Typiske gamle landformer er
flate vidder
avrunda fjell og åsar
kyst med skjergard
Noreg låg ein gong i nærleiken av ekvator, så klimaet var varmare då. Dette påverka korleis det gamle landskapet vart danna. I tillegg har berggrunnen spelt ei viktig rolle. To hendingar har sett preg på det gamle landskapet: danning av den kaledonske fjellkjeda og landhevinga av Noreg.
Den kaledonske fjellkjeda

For omtrent 430 millionar år sidan krasja to store kontinentalplater saman, Grønland og Noreg. Kollisjonen varte i om lag 100 millionar år og skapte ei stor fjellkjede, like høg som Himalaya. Under kollisjonen vart lag med bergartar skyvde oppå kvarandre, som skyvedekke. Kollisjonen førte òg til eit høgt trykk som gjorde om og falda bergartar.
Etter kollisjonen vart fjellkjeda utsett for indre og ytre krefter som gjorde at ho kollapsa og vart broten ned. Uro i jordskorpa gjorde at kontinenta byrja å drive frå kvarandre. På overflata vart fjellkjeda sliten ned av erosjon og forvitring. Til slutt var det som var igjen, eit lågt slettelandskap med elvedalar og avrunda fjell.
Landheving

For rundt 55 millionar år sidan begynte kontinenta å drive frå kvarandre, og Norskehavet opna seg. Då vart jordskorpa til Noreg pressa oppover, spesielt i vest. Det førte til at landskapet der vart heva opp og forma, og det er grunnen til at vi har høge fjellområde i område som Jotunheimen og Ofoten i dag.
I aust og midt i landet vart det ikkje like mykje heving, så der er landskapet flatare. Elvene i vest fekk større kraft og grov ut djupe dalar. Landhevinga gjorde at det gamle slettelandskapet vart løfta opp og vart til høgtliggande vidder, som Hardangervidda.
Unge landformer
Landskapet i Noreg består ikkje berre av gamle landformer. Dei siste 2,6 millionar åra har ytre krefter som isbrear og elver laga nye former i landskapet. Desse kallar vi unge landformer.
Typiske unge landformer er
djupe dalar og fjordar
bratte fjell med spisse tindrer og eggar
avsetjingsformer frå isbrear og elver
Istider
For rundt 2,6 millionar år sidan vart klimaet kaldare, og istidene starta. Det har vore fleire istider og varmare mellomistider i løpet av denne tida. Under istidene dekte isen store delar av Noreg. Isen har erodert og slipt ned landskapet i fleire omgangar.

Isbrear og elver har over tid grave ut dalar og fjordar og flytta på store mengder jord og stein. Erosjon frå is og vatn har ført til at det har blitt liggande igjen lausmassar i landskapet, som har gitt tydelege avsetjingsformer som morenar og elvedelta. Mellom istidene har botnbrear danna alpine landformer med spisse tindar og eggar fleire stader i Noreg.
Sjølv om isen har forandra mykje av det norske landskapet, finst det framleis spor etter det gamle landskapet. Nokre bergartar er så harde at dei har tolt erosjonen gjennom istidene betre. Derfor ser vi både gamle og unge landformer side om side i Noreg i dag. I tillegg har prosessar som skred og flaum sett spor i landskapet.
Kan du kjenne igjen kva som blir rekna som gamle og unge landformer i biletet nedanfor?