Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Video

Introduksjon til Ytre krefter

Geografifaget handlar om å prøve å finne svar på spørsmålet "Kvifor er det slik akkurat her?". Utgangspunktet for emnet Ytre krefter er spørsmålet "Korleis har ytre krefter forma landskapet akkurat her?". Korleis trur du landskapet i nærområdet ditt har blitt som det har blitt?

1. Film med oppgåver

A. Aktiver forkunnskapane dine

Diskuter kort i mindre grupper eller felles i klassen før de ser filmen:

  • Kva trur de ein siktar til med ytre krefter?

  • Kva ytre krefter kjenner dykk til?

B. Sjå filmen

I filmen Introduksjon til Ytre krefter (lengde 1:39) blir det stilt mange opne spørsmål. Desse skal du lære meir om og forhåpentleg kunne svare på når de er ferdige med emnet Ytre krefter.

Video: Christina Svien / Avgrensa gjenbruk

C. Ytre krefter i Noreg

Reflekter rundt spørsmåla under åleine i to–tre minutt først. Diskuter deretter spørsmåla i grupper:

  • Korleis vil du beskrive landskapet der du bur?

  • Kva ytre krefter trur du har hatt størst påverknad på korleis landskapet og landformene i Noreg ser ut i dag?

  • Korleis trur du ytre krefter kan føre til naturfarar som flaum og skred?

Til slutt styrer læraren ein samanfattande klassesamtale.

2. Landskap og landformer i Noreg

  1. Del klassen i grupper på tre–fire elevar

  2. Diskuter og noter ned ulike landskap de kjenner til frå før. For kvart landskap noterer de ned kjenneteikn eller landformer som de meiner kan finnast her.

Lag gjerne eit tankekart mens de diskuterer. Då kan de òg teikne dei ulike kjenneteikna og landformene. Bruk gjerne fargeblyantar eller tusjar med ulike fargar.

Forskjellen på landskap og landform

Eit landskap er eit område av jordoverflata som er kjenneteikna ved ein bestemd utsjånad. Det kan vere naturleg, som fjell-, vidde-, skog- og kystlandskap, eller menneskeskapt, som byar og jordbrukslandskap.

Landformer er naturlege formasjonar med ein unik utsjånad som set preg på eit landskap. Døme er dalar, fjordar eller fjell. Dei blir delte inn i ulike typar etter kva naturkrefter som har forma dei.

Tips til læraren

Dersom elevane lagar tankekart: Ta vare på tankekarta eller heng dei opp i klasserommet til elevane har jobba meir med emnet Ytre krefter. Diskuter innhaldet undervegs i arbeidet med emnet, og be elevane legge til fleire element som er relevante å ha med.

Skrive av Sølvi Skeide.
Sist oppdatert 12.06.2025