Oppgåve
Interaktivt innhald
Digitalt feltarbeid: Kodekammer Bondhusdalen
Klarer du å tolke landskapet og komme deg gjennom eit digitalt feltarbeid utforma som eit kodekammer (escape room)?

1. Forarbeid
Velkommen til digitalt feltarbeid! Er du klar for ei utfordring?
For å komme deg gjennom feltarbeidet og kodekammeret må du observere, tolke og forstå. Dette er mykje enklare om du har førebudd deg og kan fagstoffet du skal undersøke. Derfor er det lurt å ha jobba med emnet Ytre krefter før du startar.
2. Dra på digitalt feltarbeid
Spel Kodekammer Bondhusdalen
3. Gå gjennom kodekammeret saman
Etter at de har jobba med feltarbeidet ei stund, tilrår vi at de går gjennom kodekammeret i klassen. Ta opp kodekammeret på storskjerm og diskuter det de ser.
På kvart stopp kan de snakke om desse spørsmåla:
Kva ser vi eigentleg her?
Kva for ytre krefter har forma dette landskapet?
Kvar finn vi gode hint når vi skal tolke landskapet på dette stoppet?
Kva for landformer eller fenomen må vi tolke for å få kodeorda?