Slik arbeider elva

Erosjon, transport og avsetjing
På elva si reise gjennom landskapet vil rennande vatn og frakt av lausmassar i ulike storleikar vere med å forme landskapet. Måten elva arbeider og formar landskapet på, kan delast inn i tre prosessar: erosjon, transport og avsetjing.
Erosjon handlar om at elva grev seg djupare ned i botnen og sidene av elveløpet. Dette vil føre til at sidene på elva blir brattare og kan rase ut. Lausmassar frå raset vil hamne i elva og forsterke erosjonen i elvebotnen. Elva eroderer mest når ho har mykje vatn og lausmassar med seg, til dømes når det er flaum.
Transport handlar om at elvar fraktar med seg lausmassar frå ein stad til eit annan. Dei tyngste lausmassane blir frakta langs botnen av elva (botntransport), mens lettare lausmassar kan flyte høgare oppe i vassmassane (slamtransport).
Avsetjing handlar om at elva ikkje får frakta lausmassane med seg vidare, og dei blir liggande igjen. Dette skjer når vasshastigheita til elva søkk, til dømes i flate område. Lausmassane blir sorterte ved at dei tyngste lausmassane blir avsette først og deretter dei lettare lausmassane.
Film: Erosjon, transport og avsetjing i elveløpet
I denne animasjonsfilmen (lengde 1:38) får du sjå nærare på korleis elva eroderer, transporterer og avset lausmassar på si reise gjennom landskapet.
Landformer danna av elvar
Over tid vil elva forme landskapet rundt oss og setje tydelege spor. Erosjonen i eit elveløp er ofte størst i bratt terreng, mens avsetjinga går for det meste føre seg i flatare område. Dei vanlegaste landformene som elver dannar, kan delast inn i to typar: erosjonsformer og avsetjingsformer.
Erosjonsformer
Nokre typiske landformer som er danna på grunn av elveerosjon, er V-dalar, meandersvingar, canyonar og ravinar.
V-dalar

V-dalar blir danna ved at elva eroderer i elvebotnen og grev seg djupare ned i terrenget. Ras frå sidene gjer at elva får tilført meir lausmassar, noko som bidreg til at erosjonen i elvebotnen blir forsterka. Over tid vil dalen få ei tydeleg V-form med smal dalbotn og bratte fjellsider.
I denne animasjonsfilmen (lengde 1:05) kan du sjå korleis V-dalar blir danna.
Meandersvingar

Meandersvingar blir danna ved at elva eroderer i yttersvingar der vatnet har størst fart, og avset lausmassar i innersvingar der vatnet har minst fart. Slike svingar blir danna i område med slakt terreng. Meandersvingane kan bli større over tid og kan kollidere med kvarandre. Vatnet i elva vel då raskaste veg vidare, og ein kroksjø blir liggande igjen i landskapet.
I denne animasjonsfilmen (lengde 1:37) kan du sjå korleis meandersvingar blir til.
Canyonar
Canyonar blir danna ved at elva eroderer seg nedover i harde bergartar. Her vil ikkje sidene rase ut. Over tid vil dette gi bratte dalsider i fjellet med ein smal dalbotn der elva renn. I mindre skala blir slike landformer ofte kalla for elvegjel eller juv, mens i større skala blir dei kalla for canyonar.

Ravinar
Ravinar blir danna ved at rennande vatn i elvar og bekker eroderer i lausmasseavsetjingar, ofte leire. Dette dannar små V-forma dalar som blir kalla ravinar eller bekkedalar. Eit større område med fleire slike dalar blir kalla eit ravinelandskap.

Avsetjingsformer
Delta og elvevifter er døme på landformer som er danna på grunn av elveavsetjing.
Delta

Når elva renn ut i stilleståande vatn i havet eller i ein innsjø, minkar hastigheita, og lausmassane vil søkke ned til botnen. Lausmassane som blir avsette, blir sorterte på botnen ved at dei største partiklane blir avsette først, mens dei mindre partiklane blir frakta lenger ut før dei fell til botnen. Over tid vil avsetjingane legge seg lag på lag og bygge seg opp til eit delta, som kan nå vassoverflata.
I denne animasjonsfilmen (lengde 1:21) kan du sjå korleis eit elvedelta blir danna.
Elvevifte
Når sideelvar i ei bratt dalside kjem ned til ein flat dalbotn eller fjord, vil hastigheita til elva minke, og lausmassar blir liggande igjen. Lausmassane blir sorterte og avsette ved at dei største partiklane blir avsette først, og så dei mindre. Avsetjingane vil spreie seg utover med form som ei vifte, og vi får ei elvevifte.

Elva – ein ressurs eller ein trussel?
Elva som ein ressurs
Elva er ein viktig del av vasskrinsløpet og bidreg til å frakte vatn og lausmassar mellom ulike område. Når elvar eroderer i fjell og dalar, fraktar dei med seg mineral og næringsstoff som legg seg i jordsmonnet. Dette gjer at jorda blir svært fruktbar for jordbruk, til dømes ved elvedelta. I tillegg er ferskvatnet i elva ein ressurs i seg sjølv for oss menneske ved at det mellom anna kan brukast til hushald, energiproduksjon og transport.

Elva som ein trussel
Sjølv om elva er ein nødvendig ressurs, kan ho òg bli sett på som ein trussel for oss på grunn av flaumfare og auka erosjon. Store nedbørsmengder eller snøsmelting kan gjere at elva får auka vasstilførsel og større hastigheit. Dette kan føre til flaum og øydeleggingar i naturen eller i utbygde område. Konsekvensar av klimaendringar kan bidra til at elva i framtida vil utgjere ein endå større trussel enn i dag. Det er derfor viktig at vi forstår korleis elva arbeider, slik at vi kan utnytte ressursar på ein trygg måte samtidig som vi sikrar oss mot farar.