Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Interaktivt innhald

Landskapet rundt oss

Å sjå geografisk er å bruke blikket til å forstå kvifor eit område ser ut som det gjer. No skal vi øve på å sjå etter dei ytre kreftene som har forma landskapet ulike stader i landet.

Før du byrjar med oppgåva, bør du ha jobba med artikkelen "Ytre krefter formar landskapet". Det vil òg hjelpe å ha litt kunnskap om korleis is og elver formar landskapet. Det får du ved å lese artikkelen "Slik arbeider isbreen" og artikkelen "Slik arbeider elva".

Å sjå geografisk

Skal ein meistre det å sjå geografisk, må ein opparbeide seg ein del kunnskap over tid, men det fine er at ein ikkje treng så mykje kunnskap for å øve.

I denne oppgåva blir du presentert for ei rekke bilete av naturlandskap frå ulike stader i Noreg. Du skal prøve å forklare kvifor det ser ut som det gjer på bileta.

Oppgåva passar best å løyse i grupper på to–fire personar, men du kan òg løyse ho åleine.

Når ein skal svare på store spørsmål, kan det vere lurt å dele dei opp i nokre mindre spørsmål. Her er derfor nokre spørsmål du kan ta utgangspunkt i:

  1. Ser du nokre teikn etter eller i biletet?

  2. Kva slags ytre kraft trur du har forma landskapet i biletet?

  3. Kjenner du igjen nokre konkrete i biletet?

Kvar er bileta frå?

Når ein ser fine bilete frå naturen, kan ein jo byrje å lure på kvar ein skal dra for å oppleve desse stadene. Her er ei liste over dei ulike stadene i oppgåva:

  1. Vøringsfossen, Eidfjord kommune, Vestland fylke

  2. Besseggen, Vågå kommune, Innlandet fylke

  3. Marmorslottet, Rana kommune, Nordland fylke

  4. Nordre Øyeren naturreservat, Enebakk kommune, Akershus fylke

  5. Templet, Spitsbergen, Svalbard

  6. Trolltunga, Ullensvang kommune, Vestland fylke

  7. Kannesteinen, Stadt kommune, Vestland fylke

  8. Kyrkja, Lom kommune, Innlandet fylke

  9. Bøyabreen, Sogndal kommune, Vestland fylke

  10. Gaula, Melhus Kommune, Trøndelag fylke

Skrive av Eirik Tengesdal Skogvold.
Sist oppdatert 22.05.2025