Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Video
Interaktivt innhald

Filmar og figurar i Ytre krefter

Her har vi samla filmar og figurar i emnet Ytre krefter. Vi har òg lenka til relevante fagartiklar og oppgåver.

Film: Introduksjon til Ytre krefter

Filmen (lengde 1:39) introduserer emnet ved å vise ulike landformer og prosessar og blir brukt i oppgåva "Introduksjon til Ytre krefter".

Video: Christina Svien / CC BY-ND 4.0

Film: Erosjon, transport og avsetning i elveløpet

Filmen (lengde 1:38) forklarer korleis elva eroderer, transporterer og avset lausmassar. Det kan du lese meir om i artikkelen "Slik arbeider elva".

Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Film: Danning av V-dalar

Filmen (lengde 1:05) forklarer korleis V-dalar blir danna, og blir brukt i artikkelen "Slik arbeider elva".

Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Film: Danning av meandersvingar

Filmen (lengde 1:37) forklarer korleis meandersvingar blir danna, og blir brukt i artikkelen "Slik arbeider elva".

Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Film: Danning av elvedelta

Filmen (lengde 1:21) forklarer korleis elvedelta blir danna når elva når stilleståande vatn. Han blir brukt i artikkelen "Slik arbeider elva".

Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Film: Franz Josef Glacier retreats 900 meters

Filmen (lengde 1:08) er ein timelapse som viser korleis breen beveger seg nedover dalen samtidig som han smeltar tilbake. Du finner meir om innhaldet i filmen i artikkelen "Slik arbeider isbreen".

Slutt på ikkje-tilgjengeleg innhald.

Film: Isbrear skurar og plukkar

Filmen (lengde 1:38) viser korleis isbrear både skurar og plukkar, og blir brukt i artikkelen "Slik arbeider isbreen".

Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Film: Brebevegelse og morenedanning

Filmen (lengde 1:27) forklarer korleis is beveger seg frå akkumulasjonsområdet til ablasjonsområdet, og korleis brear skaper morenar. Filmen blir brukt i artikkelen "Slik arbeider isbreen".

Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Film: Isbrear formar landskapet

Filmen (lengde 1:19) forklarer korleis isbrear formar landskapet på ulike måtar i istider og mellomistider, og blir brukt i artikkelen "Korleis istidene forma Noreg".

Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Film: Kvikkleire

Filmen (lengde 1:11) forklarer korleis kvikkleire blir danna, og korleis ho kan utløysast. Han blir brukt i artikkelen "Kvikkleire".

Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Film: Marin grense

Filmen (lengde 1:01) forklarer korleis havnivået låg høgare tidlegare, og kva marin grense er. Han blir brukt i artikkelen "Kvikkleire".

Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Film: Flaum

Filmen (lengde 1:30) viser døme på ulike flaumar. Du finn meir om innhaldet i filmen i artikkelen "Flaum og skred".

Video: usgs.gov / CC BY-ND 4.0
Slutt på ikkje-tilgjengeleg innhald.

Film: Skred

Filmen (lengde 1:46) viser døme på ulike typar skred. Du finn meir om innhaldet i filmen i artikkelen "Flaum og skred".

Video: NVE, usgs.gov, Physics to day / CC BY-ND 4.0
Slutt på ikkje-tilgjengeleg innhald.

Film: Landskapet i Noreg blir til

Filmen (lengde 2:07) forklarer korleis det norske landskapet er blitt danna og utvikla gjennom millionar av år, frå den kaledonske fjellkjedefaldinga til i dag. Filmen blir brukt i artikkelen "Noregs landskap: ei geologisk tidsreise".

Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Figur: Bondhusdalen i dag

Denne 3D-figuren viser Bondhusdalen i dag, med marin grense teikna inn. I tillegg er ein morene markert med grøn farge og eit delta med oransje. Figuren blir brukt i oppgåva "Digitalt feltarbeid: Kodekammer Bondhusdalen".

Figur: Bondhusdalen under den førre istida

Figuren viser korleis det kan ha sett ut i Bondhusdalen før landhevinga og då breen låg langt ned i dalen. I forkant av breen er det eit isranddelta. Figuren blir brukt i oppgåva "Digitalt feltarbeid: Kodekammer Bondhusdalen".

Figur: Oppbygninga av eit delta

Figuren viser korleis eit delta blir bygd opp med topplag, skrålag og botnlag der ei elv når havet (eller eit stilleståande vatn). Ved det ytste skrålaget blir deltaet brått brattare, og dette kallar vi ein marbakke. Figuren blir brukt i oppgåva "Digitalt feltarbeid: Kodekammer Bondhusdalen".

Figur: Isranddelta

Øvst blir eit delta bygd opp ved enden av breen, eit såkalla isranddelta. Den nedste teikninga viser korleis landskapet kan sjå ut etter landheving og elveerosjon i deltaet som vart bygd opp i figuren over. Figuren blir brukt i oppgåva "Digitalt feltarbeid: Kodekammer Bondhusdalen".

Figur: Morenedanning

Øvst bygger ein isbre opp ein morene. Morenen består av ein blanding av lausmassar i alle moglege storleikar, sidan breen både kan frakte små leirpartiklar, store kampesteinar og alt imellom. Nedst er det same landskapet etter at breen har trekt seg tilbake. Figuren blir brukt i oppgåva "Digitalt feltarbeid: Kodekammer Bondhusdalen".

Figur: Lidar

Kart over Bondhusdalen med eit Lidar-bilete lagt oppå. Lidar er ein fjernmålingsteknikk som bruker laser for å lage detaljerte 3D-modellar av terrenget. Figuren blir brukt i oppgåva "Digitalt feltarbeid: Kodekammer Bondhusdalen".

Figur: Sedimentkjerne

Figuren eller skjemaet viser informasjon vi kan hente ut av ein sedimentkjerne som vi hentar opp frå botnen av ein innsjø. Figuren blir brukt i oppgåva "Digitalt feltarbeid: Kodekammer Bondhusdalen".

Figur: Korleis botnbreen formar landskapet

Figuren viser korleis ein botnbre grev seg nedover og bakover i landskapet, og blir brukt i artikkelen "Korleis istidene forma Noreg".

Figur: Kvikkleire

Figuren viser korleis saltpartiklar held kvikkleira stabil, og at når dei blir vaska vekk, kan leira kollapse som eit korthus. Figuren blir brukt i artikkelen "Kvikkleire".

Figur: Tiltak mot kvikkleire

Figuren viser ulike sikringstiltak som kan gjerast for å forhindre kvikkleire i å kollapse, og blir brukt i artikkelen "Kvikkleire".

Figur: ROS-analyse

Figuren viser ei matrise som kan brukast i samband med risiko- og sårbarheitsanalyse, og blir brukt i artikkelen "Flaum og skred".

Skrive av Hans Græsli.
Sist oppdatert 25.06.2026