Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Video
Interaktivt innhald

Naturgode, naturforvaltning og naturkrise

Visste du at 75 prosent av landjorda er vesentleg omdanna av menneske? Vi treng naturen til meir enn berre å hente ut naturressursar. Derfor må vi forvalte naturen godt og komme oss ut av den naturkrisa fleire meiner vi no står midt oppe i.

Tips til læraren

Dette temaet er stort, og sidan geografifaget er eit lite fag, har vi gjort eit lite utval av relevant fagstoff i denne artikkelen. Det er mogleg å utvide dette temaet i mange ulike retningar. Her er nokre tips til relevante tema det går an å fordjupe seg i:

  • trua natur og raudlista artar

  • FNs naturpanel og internasjonale avtalar

  • naturrestaurering

Det går òg an å fordjupe seg i eitt eller fleire døme frå NRK-serien Oppsynsmannen, til dømes denne snutten om glanshovudbilla.

Økosystemtenester – eit anna ord for naturgode

Det er lett å forstå at tømmer og fisk er nyttig for oss menneske. Men for at skogen skal vekse og det skal bli mykje fisk i havet, må heile økosystemet fungere. Økosystemtenester er alle dei ulike goda eller tenestene vi får frå naturen. Naturgode er eit anna ord for økosystemtenester.

Vi får mange gode frå naturen: Økosystema bind karbon, bremsar flaum, gir tur- og naturopplevingar, pollinerer matplantane våre, gir oss tilgang på drikkevatn og er grunnlaget for produksjon av medisinar.

Når vi skal bestemme korleis naturen blir brukt, hjelper omgrepet økosystemtenester oss. Det gjer det enklare å ta omsyn til alt det naturen gir oss. Når vi får betre forståing av økosystemtenestene, er det ikkje sikkert at det lønner seg å bygge bustader i det vesle skogholtet eller å bygge eit nytt kjøpesenter på myra.

Ein analyse frå 2015 viste til dømes at verdien av naturen i norske byar var verd over to milliardar kroner årleg, berre knytt bruk av naturen til rekreasjon (Magnussen, Reinvang & Løset, 2015). Når vi veit at naturen i tillegg bidreg til mellom anna å reinse luft og vatn, bremse flaum, hindre ras og betre luftkvaliteten, hjelper det oss med å forstå at ein fungerande natur har enormt stor verdi for oss.

Naturkrise?

Naturen er på mange måtar livsgrunnlaget vårt. Vi er avhengige av naturen for å ha gode liv, som Norsk institutt for naturforskning understrekar: "Naturen er grunnlaget for vår eksistens og livskvalitet. Den gir oss mat, medisiner og rent vann. Den reduserer luftforurensningen, binder karbon og beskytter oss mot endringer i klimaet" (Norsk institutt for naturforskning, 2022).

I Noreg og i verda ser vi at stadig meir natur forsvinn eller blir påverka negativt av menneskeleg aktivitet. Då la fram den første hovudrapporten sin i 2019, sa biologen Sandra Diaz: "Bevisene er krystallklare: Naturen er i trøbbel. Derfor er vi i trøbbel" (Tvedt, 2019).

I rapporten frå naturpanelet frå 2024 slår forskarar fast at naturmangfaldet minskar i heile verda, og at dette får mange negative konsekvensar som går ut over oss menneske. Det går mellom anna ut over økosystema, tilgangen på vatn, vasskvaliteten, matsikkerheita og kor godt vi toler klimaendringane (IPBES, 2024). Vi bruker ikkje naturen på ein berekraftig måte no, mange meiner derfor at vi har ei naturkrise. vår har rett og slett ikkje vore god nok.

Naturmangfald

Naturmangfald (òg kalla biologisk mangfald) er mangfald internt i ein art, mellom artar og mellom økosystem. Det er greitt å forstå at vi treng ein del natur for å få alle naturgoda. Men kvifor treng vi eigentleg så stort naturmangfald?

Film: Kvifor treng vi naturmangfald?

Filmen (lengde 1:38) forklarer at mange artar trengst for at økosystemet skal fungere og halde oppe funksjonen sin.

Video: Samiba / Avgrensa gjenbruk

Korleis måler vi naturmangfald?

Ein måte å måle naturmangfaldet på er å undersøke ulike artar og kor trua dei er, altså kor stor sjansen er for at arten blir utrydda. Raudlista er ei slik oversikt, og det finst både ei norsk raudliste og ei internasjonal raudliste. Figuren under viser statusen for nokre typar artar i verda. I Noreg er til dømes ulven kritisk trua, mens jerv, gaupe og ål er sterkt trua (Artsdatabanken, 2021).

Når heile artar eller mange individ i ein art forsvinn, blir naturmangfaldet mindre. Dette går ut over naturgoda vi får frå naturen. Og som regel veit vi ikkje kva artar som er avgjerande for at naturen skal fungere.

Nedbygging truar naturmangfaldet

Når vi bygger i område som før var prega av natur, kallar vi det nedbygging. Dette er ei form for endring av arealbruken som truar naturmangfaldet. Når nye hyttefelt, bustadområde, veg eller vindmølleparkar skal byggast, fører det som regel til nedbygging av natur, i større eller mindre grad.

I Noreg har vi hatt ei bit-for-bit-nedbygging av natur. Det betyr at vi har bygd ned litt natur her og litt natur der. Kvart enkelt inngrep har ikkje nødvendigvis vore så stort, men når vi ser på det store biletet, har vi bygd ned mykje natur i Noreg. På verdsbasis blir det òg bygd ned mykje natur, og ein reknar til dømes med at "75 prosent av alle landområder er enten blitt lagt om til åkre, dekket av betong, druknet i demninger eller er på annen måte betydelig omdannet" (Tvedt, 2019).

Det er nok ingen som ønsker å bygge ned mest mogleg natur. Grunnen til at det likevel skjer, handlar om at kommunane må ta mange ulike omsyn når dei skal bestemme korleis areala skal brukast. Det kan du lese meir om i artikkelen "Arealplanlegging og arealbruk".


Test deg sjølv

Kjelder

Artsdatabanken. (2021, 24. november). Norsk rødliste for arter 2021. http://www.artsdatabanken.no/lister/rodlisteforarter/2021.

Intergovernmental Science-Policy Platform on Biodiversity and Ecosystem Services (IPBES). (2024, 20. desember). Summary for policymakers of the thematic assessment report on interlinkages among biodiversity, water, food and health (IPBES/11/12/Add.1). https://ipbes.canto.de/s/PVHPG?viewIndex=0&column=document&id=cj0uc5396d1ed5418tsuic2r45

Magnussen, K., Reinvang, R. & Løset, F. (2015). Økosystemtjenester fra grønnstruktur i norske byer og tettsteder (2015/10). Vista Analyse AS. https://www.miljodirektoratet.no/globalassets/publikasjoner/m378/m378.pdf

Meld. St. 25 (2023–2024). Bærekraftig bruk og bevaring av natur. Klima- og miljødepartementet. https://www.regjeringen.no/contentassets/c8122f7641734da2b892738b796d4725/no/pdfs/stm202320240035000dddpdfs.pdf

Miljødirektoratet. (2024, 17. desember). Ny rapport: 71 tiltak for å løse klima- og naturkrisen. https://www.miljodirektoratet.no/aktuelt/nyheter/2024/desember-2024/ny-rapport-71-tiltak-for-a-lose-klima--og-naturkrisen/

Norsk institutt for naturforskning. (2022, 24. oktober). Å verdsette naturen riktig er viktig for å løse naturkrisen. Storymaps, ArcGIS. https://storymaps.arcgis.com/stories/1802025cc5b544e6a88528fe773d6753

Støstad, M. N., Mon, S. T. & Solvang, R. (2024, 6. januar). Norge i rødt, hvitt og grått. NRK. https://www.nrk.no/dokumentar/xl/nrk-avslorer_-44.000-inngrep-i-norsk-natur-pa-fem-ar-1.16573560

Tvedt, K. (2019). FNs naturpanel: Menneskelig aktivitet truer eksistensen til én million arter. FN-sambandet. https://fn.no/Nyheter/FNs-naturpanel-Menneskelig-aktivitet-truer-eksistensen-til-en-million-arter

Aasen, K. R., Kristensen, M. & Vestrheim, A. S. (2024, 18. desember). Naturpanelet: Fem grep for å redde naturen. NRK. https://www.nrk.no/klima/slik-vil-naturpanelet-endre-samfunnet-1.17171178

Relatert innhald

Skrive av Hans Græsli.
Sist oppdatert 07.06.2024