Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Video

Filmar og figurar i Ressursar og arealbruk

Her har vi samla filmar og figurar i emnet Ressursar og arealbruk. Vi har òg lenka til relevante fagartiklar og oppgåver.

Film: Introduksjon til Ressursar og arealbruk

Filmen (lengde 1:48) introduserer emnet ved å vise ulike naturressursar og former for arealbruk og blir brukt i oppgåva "Introduksjon til Ressursar og arealbruk".

Video: Christina Svien / Avgrensa gjenbruk

Film: Hvorfor trenger vi naturmangfald?

Filmen (lengde 1:38) er laga av Sabima og forklarer kvifor naturmangfald er viktig. Den blir brukt i artikkelen "Naturgode, naturforvaltning og naturkrise".

Video: Samiba / Avgrensa gjenbruk

Film: Oppsynsmannen om hytteutbygging

Filmen (lengde 4:18) er henta frå NRK-serien Oppsynsmannen og tek for seg nokre av utfordringane knytte til hytteutbygging. Han blir brukt i artikkelen "Arealplanlegging og arealbruk".

Film: Eitt areal – ulike interesser

Filmen (lengde 5:59) er ei fiktiv historie som viser korleis ulike grupper kan ha ulike interesser knytte til bruken av eit areal. Filmen blir brukt i artikkelen "Interessekonfliktar og arealkonfliktar" og i oppgåva "Utforsk interessene i ein arealkonflikt".

Video: Leidar / CC BY-NC-SA 4.0

Figur: Ulike gradar av fornybarheit

Figuren viser korleis vi kan dele ressursar i ulike kategoriar etter kor fornybare dei er. Han blir brukt i artikkelen "Naturressursar – livsgrunnlaget vårt".

Figur: Utryddingstrua artar

Figuren viser kor stor del av ulike typar artar som er utryddingstrua. Han blir brukt i artikkelen "Naturgode, naturforvaltning og naturkrise".

Figur: Risiko- og sårbarheitsmatrise

Figuren viser korleis risikoen for ei uønskt hending handlar om samanhengen mellom konsekvens og sannsyn. Han blir brukt i artikkelen "Arealplanlegging og arealbruk".

Kart: Nordområda og Sápmi

Kartet viser korleis nordområda og Sápmi overlappar, men òg er to ulike geografiske område. Kartet kan undersøkast nærare interaktivt i kartet "Nordområda og Sápmi", og det blir brukt i artikkelen "Interessekonfliktar i Sápmi og nordområda".

Kart: Nordvestpassasjen og Nordaustpassasjen

Kartet viser korleis Nordvestpassasjen og Nordaustpassasjen kan korte ned skipsrutene betrakteleg. Det blir brukt i artikkelen "Interessekonfliktar i Sápmi og nordområda".

Skrive av Hans Græsli.
Sist oppdatert 25.11.2025