Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Video

Introduksjon til ressursar og arealbruk

Geografifaget handlar om å prøve å finne svar på spørsmålet "Kvifor er det slik akkurat her?". Utgangspunktet for emnet Ressursar og arealbruk er spørsmålet "Korleis bør vi bruke naturen og areala her?". Her er ein introduksjon til emnet.

1. Film med oppgåver

A. Aktiver forkunnskapane dine

Diskuter kort i mindre grupper eller felles i klassen før de ser filmen:

  • Kva siktar ein til med ressursar og arealbruk?

B. Sjå film

Sjå filmen Introduksjon til Ressursar og arealbruk (lengde 1:48).

Video: Christina Svien / Avgrensa gjenbruk

C. Diskuter spørsmåla

Reflekter rundt spørsmåla under åleine i to–tre minutt. Gå deretter saman i grupper og diskuter spørsmåla:

  • Forstår de meir av kva som ligg i ressursar og arealbruk, etter å ha sett videoen?

  • Kva ressursar finst i nærmiljøet dykkar, og korleis blir areala brukte?

  • Veit de om nokre døme der bruk av areal har skapt konflikt?

Til slutt styrer læraren ein klassesamtale om kva de tenker. Var de ueinige om noko i gruppene? Har de fått nokre nye idéar etter å ha sett videoen?


2. Berekraftig bruk av naturressursar og areal

Naturressursar er altså ting i naturen vi menneske kan ha nytte av, og areal er alle områda rundt oss. No skal de diskutere korleis vi kan bruke ressursar og areal på ein berekraftig måte.

Her er det ikkje berre eit rett svar. Formålet er at de skal tenke sjølve, diskutere og argumentere for ulike løysingar.

A. Plasser naturressursar og areal på ein skala

Jobb i grupper på tre–fem personar.

Plasser desse døma på naturressursar og arealbruk på ein skala frå minst berekraftig til mest berekraftig:

  • jernbane

  • solcellepark

  • åker

  • motorveg

  • skule

  • dagbrot

  • gammalskog

  • bylandskap

Bruk gjerne bileta i Word-dokumentet for å løyse oppgåva: Klipp dei ut og plasser dei på skalaen frå minst til mest berekraftig.

B. Argumenter og få innspel frå KI

Jobb i dei same gruppene.

  • Hald fram med å jobbe med døma i lista i oppgåve A. Ta for dykk eit og eit døme og skriv ned eit argument eller to for at det er berekraftig eller ikkje. Døme: "Solcelleparkar er (ikkje) berekraftige fordi ..."

  • Bruk NDLAs praterobot eller ein annan språkmodell. Ta igjen for dykk eit og eit døme frå lista i oppgåve A. Be prateroboten om argument for og imot at det aktuelle dømet er berekraftig bruk av naturressursar og areal. Døme: "Lag ei kort punktliste med argument for og mot at solceller er berekraftig bruk av ressursar og areal."

  • Diskuter argumenta til språkmodellen. Etterpå kan de justere dykkar eiga plassering på skalaen og lista med argument de har skrive. Hugs: Det finst ikkje eitt rett svar her.

C. Diskusjon i klassen

Gå rundt i klasserommet og sjå på løysingane til dei andre gruppene.

Diskuter saman i klassen:

  • Er det noko de er ganske einige om? Kvifor?

  • Er det noko de er ganske ueinige om? Kvifor?

  • Gav språkmodellen dykk nokre nye tips og perspektiv?

Skrive av Hans Græsli.
Sist oppdatert 19.09.2025