Arealplanlegging og arealbruk

Arealplanlegging
Arealplanlegging handlar om å lage gode og langsiktige planar for korleis areala i kommunen skal brukast. Areal er eit knappleiksgode sidan tilgangen er avgrensa. Gode arealplanar sikrar plass til bustader, arbeidsplassar og natur, nødvendig infrastruktur, vernar matjord og skaper gode nabolag. Og viss vi skal forandre arealbruken, bør det bidra til reduksjon av klimagassutslepp.
Alle kommunar har ein kommuneplan med ein arealdel. Han beskriv kva dei ulike områda skal brukast til, og bestemmer kva vi kan bygge kvar. Å lage slike planar er ein lang prosess der innbyggarane kan komme med innspel. Arealplanleggarar i kommunen gir faglege råd, men det er politikarane som vedtek planen.
For mindre område kan kommunen lage meir detaljerte planar, kalla reguleringsplanar. Viss eit større område er sett av til bustader i arealplanen, lagar kommunen ein eigen reguleringsplan som beskriv korleis husa i området skal byggast.
Utbygging må vere i tråd med areal- og reguleringsplanane til kommunen. Av og til kan kommunen likevel gi ein dispensasjon. Det betyr at nokre får lov til å bygge annleis enn det som står i planen, dersom fordelane med prosjektet er klart større enn ulempene.

Tenk over
Vi ser ofte på naturen ut frå menneske sine behov. Dette perspektivet blir kalla antroposentrisme. Men er det rett? Har naturen ein verdi i seg sjølv, eller betyr han berre noko for oss fordi vi kan bruke han?
Mange ulike omsyn
Kommunen må ha arbeidsplassar, attraktive bustadområde, bruke naturressursane på ein god måte, ta vare på ulike landskapsverdiar og sørge for at det er trygt å leve og bu i kommunen.
Arealplanlegging er derfor utfordrande, og kommunen møter på mange dilemma. Vi skal sjå nærare på nokre av dei viktigaste omsyna kommunane må ta.
Naturfarar

Vi vil bu og leve trygt. Derfor må vi ta omsyn til naturfarar når vi skal bestemme arealbruken. Med god arealplanlegging kan vi unngå mange naturfarar.
Kommunane gjer derfor såkalla risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS-analysar). Då vurderer dei kor stor sjansen er for at noko skal skje, opp imot dei eventuelle konsekvensane. Det er kanskje greitt at sjansane for at noko skjer, er store så lenge konsekvensane er små. Men viss konsekvensane kan vere katastrofale, gjer vi det kan for å unngå at det skjer.
Samfunnsnyttige formål
For at samfunnet skal fungere, treng vi god infrastruktur som vegar og straumkablar. Vi treng òg avfallsanlegg, hamnar, fengslar, energiproduksjon og industriområde. Men det er ikkje alt vi ønsker å ha tett på oss. NIMBY – "not in my backyard" ("ikkje i bakgarden min") – er eit sentralt fagomgrep her. Arealplanlegginga må både ta omsyn til alt det samfunnet treng, og at det er mykje som folk ikkje vil ha i nabolaget sitt.
Visste du at staten kan gjere krav på eigedommen din? Dette blir kalla ekspropriasjon. Då kan staten ta eigedom frå privatpersonar mot ei erstatning. Det skjer ikkje ofte, og som regel blir partane einige utan at denne retten blir teken i bruk. Men for at staten skal kunne gjennomføre store samfunnsnyttige prosjekt som vegbygging, kraftutbygging eller bygging av ein ny flyplass, er mogelegheita for ekspropriasjon heilt nødvendig.
Næringsinteresser
Næring er det som skaper økonomisk aktivitet som handel, industri og landbruk. Næringsinteresser bidreg til å skape og drive økonomisk aktivitet. For å få dette må kommunen setje av areal til butikkar, bruk av naturressursar, foredling av naturressursar, kontorlokale og andre formål knytte til næringsverksemd.
Alt naturen gir oss
Vi får utruleg mange gode frå naturen, derfor kan vi seie at naturen er livsgrunnlaget vårt. Det kan både vere naturressursar vi kan utnytte direkte som sand, eple og potet, og det kan vere andre gode naturen gir oss, som at plantar bind jorda saman og hindrar ras, og vakre naturområde å dra på tur i.
Andre landskapsverdiar
Både naturlandskap og kulturlandskap kan ha stor estetisk verdi og opplevingsverdi. Dette kan vere landskapsverdiar som gjer kommunen attraktiv å bu i. Det kan vere eit gammalt arbeidarklassestrøk som seier noko om historia vår, ei vakker urørt strand eller eit flott stølsområde.
Berekraftig arealbruk
Formålet med å lage arealplanar er å bruke areala på ein gjennomtenkt og berekraftig måte. Likevel er det utfordrande å vege dei ulike omsyna opp imot kvarandre. Det finst fleire måtar å bruke areala betre og smartare på.
Fortetting
Eit viktig prinsipp, spesielt i sentrumsområde, er fortetting. Det handlar om å bygge hus og bygningar tettare saman. I mange område blir store tomter delte opp, og der det før stod éin einebustad, står det no fleire hus eller rekkehus. Då får vi plass til fleire bustader utan å bygge ned ny natur. Når folk bur tettare, blir det lettare å lage gode bussruter, vi treng færre vegar, og fleire får kort veg til sentrum, butikken og idrettsanlegg.
Arealnøytralitet
Arealnøytralitet betyr at ein kommune ikkje kan bygge ned meir natur enn han gir tilbake. Kommunen bør derfor bygge tettare der det allereie er bygd, i staden for å bruke nye naturområde.
Viss kommunen likevel bygger ned ny natur, må han gi eit like stort område tilbake til naturen. Dette blir gjort gjennom naturrestaurering. Det betyr å reparere eller attskape natur som har blitt øydelagt. Naturrestaurering er ofte dyrt, og derfor blir kommunen meir varsam med å bygge ned ny natur.
Grå areal
Grå areal er rett og slett område som allereie er bygde ned. Nokre slike grå areal er ikkje i bruk, mens andre kanskje har plass til fleire bygningar eller kan brukast til noko anna. Grå areal er alt frå nedlagde industriområde og gamle steinbrot til parkeringsplassar som kanskje kan brukast på andre måtar. I staden for å bygge ned natur prøver arealplanleggarar no å heller bruke grå areal. På den måten kan vi bygge nytt utan å øydelegge naturressursar og andre naturgode.

Test deg sjølv
Relatert innhald
Lær om korleis flaum og skred oppstår.







