Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Podkast

Podkast: Korleis bør vi bruke naturen her?

Bli med til Alta og lær om kvifor interessekonfliktar oppstår, og korleis vi kan bruke naturen på ein god måte. Forskingsdirektør i NINA Christian Steel hjelper oss med å forstå dette.

1. Kva kan du frå før?

Skriv ned to setningar eller nokre stikkord til kvart av spørsmåla. Viss det er nokre punkt du ikkje kan noko om, er det lov å tippe litt.

  • På kva måtar er vi menneske avhengige av naturen?

  • Kvifor kan det oppstå konfliktar om korleis vi skal bruke areala våre?

Ukjende ord og omgrep i podkasten?

I podkasten blir det nemnd ein del ord, omgrep og namn. Her er nokre som ikkje blir forklarte i episoden, men som det kan vere fint å forstå før du høyrer på episoden.

Livsgrunnlag
alt vi er avhengige av for å kunne leve. Vi menneske treng mat, vatn, klede og ein stad som gir ly for vêr og vind.
Utbygging
blir brukt om bygging av nye bygningar, veg eller andre større konstruksjonar i eit område.
Arealbruk
handlar om kva vi bruker areala/områda våre til.
Interessekonfliktar
ueinigheit som oppstår mellom personar eller grupper når ulike interesser står mot kvarandre. I geografifaget dreier dette seg som regel om korleis vi skal bruke eit område. Då kan det òg kallast arealkonflikt eller arealbrukskonflikt.
Grå areal
areal som allereie er bygde på, der det ikkje lenger er natur. Viss vi bygger på eit nedlagt industriområde eller ein gammal parkeringsplass, slepp vi å bygge ned meir natur.
Nedbygging
utbygging som skjer i naturen. Viss vi bygger ned i naturen, øydelegg vi naturen, naturgoda og økosystema som er der.
Urørt natur
natur utan menneskelege inngrep. Der er økosystema intakte fordi dei har fått utvikle seg over lang tid. Derfor er urørt natur viktig.

2. Lytt til podkasten

Klar, ferdig, geo!

Ressursar og arealbruk

Bli med til Alta og lær om kvifor vi får interessekonfliktar, og korleis vi kan bruke naturressursane på ein god måte. Forskingsdirektør i NINA Christian Steel hjelper oss med å forstå dette.

0:00
-0:00
Podkast: Moderne Media / CC BY-SA 4.0

3. Oppgåver til podkasten

  1. Skriv ned fem døme på ulike naturressursar, nokre levande og nokre ikkje-levande.

  2. Kva ulike interesser stod mot kvarandre i interessekonflikten i Alta?

  3. Kvifor kan ein ikkje berre flytte reinsdyra?

  4. Skriv ned fem ulike ting vi kan ønske å bruke areal og område til.

  5. Kven er det som styrer arealbruken i Noreg?

  6. Kva er økosystemtenester?

  7. Korleis synest du vi bør bruke naturen på ein god måte? Skriv minst fem punkt som du synest er viktig.

  8. Var det noko av det Christian Steel fortalde som du synest var ekstra interessant?

4. Skriv eit samandrag av podkasten

  • Skriv ditt eige samandrag av podkasten på rundt 200 ord.

  • Samanlikn samandraget ditt samandraget til ein medelev.

  • Juster samandraga viss de ønsker.

For å lære noko må du jobbe med stoffet. Då er det nyttig å øve seg på å gjenfortelje og forklare det med eigne ord. Då blir du òg meir klar over kva du forstår, og kva du ikkje forstår like godt.

Skriveramme til samandraget

Bruk desse punkta som disposisjon for samandraget ditt om du ønsker.

  • Historia frå Alta

  • Ulike interesser i Alta – kraftproduksjon, reindrift og miljøvern

  • Naturressursar

  • Korleis kan vi unngå konfliktar?

  • Kven avgjer kvar vi kan bygge?

  • Økosystemtenester

  • Lur bruk av naturen i Noreg

Skrive av Hans Græsli.
Sist oppdatert 15.10.2024