Feltarbeid: Klesskapet mitt

1. Førebuing
A. Forstå sentrale fagomgrep
Før du skal gjennomføre feltarbeidet bør du forstå desse fagomgrepa:
forbruk og overforbruk
sirkulær økonomi
avfallshierarkiet
grøn vekst og nedvekst
grønt skifte
dei ulike aktørane staten, næringslivet og privatpersonar
B. Kva vil du undersøke?
Bestem deg for ein eller fleire ting du vil undersøke. Hugs at du skal bruke det du undersøker, til å vurdere korleis klesforbruket ditt kan bli meir berekraftig etterpå.
Forslag til ting du kan undersøke:
Kor mange plagg har eg totalt?
Kor mange av ein bestemd type plagg har eg?
Kor mange plagg har eg som eg ikkje har brukt det siste året?
Kor mange plagg har eg kjøpt den siste månaden?
Kva materiale består kleda mine av?
Kor god kvalitet har kleda? Blir dei raskt stygge, holete eller øydelagde?
Kvar er kleda mine produserte?
Kor mange klede har eg som er reparerte?
Kor mange klede inneheld plast (stoff som polyester, akryl, nylon)?
2. I felt: Undersøk klesskapet
Gå gjennom ditt eige klesskap. Ver systematisk og noter ned det du finn ut, slik at du kan bruke det etterpå. Ver tydeleg på kva du undersøker. Er det klesskapet ditt i dag? Eller alle kleda du har (òg ytterklede og klede som eventuelt er pakka bort)?
3. Etterarbeid
A. Systematiser funna
Lag ei kort oversikt over funna frå feltarbeidet. Du kan til dømes setje opp ein tabell der du har delt funna i ulike kategoriar, eller ei liste over alle nye plagg du har kjøpt den siste månaden.
B. Reflekter
Bruk informasjonen du har samla, og svar på oppgåvene under. Bruk døme frå feltarbeidet som døme i svara dine.
Kva kan du som forbrukar gjere for at klesforbruket ditt skal bli meir berekraftig?
Korleis kan staten endre systemet slik at klesforbruket skal bli meir berekraftig?
Korleis kan næringslivet gjere endringar som vil føre til at klesforbruket blir meir berekraftig?