Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Interaktivt innhald

Forbruket vårt er ikkje berekraftig

Vi bruker for mange ressursar og for store areal og slepper ut store mengder klimagassar. Forbruket vårt er rett og slett for stort, og på mange område er vi nordmenn blant dei med størst avtrykk i verda.

Forbruket vårt

Kva er forbruk?

Alt vi skaffar oss, bruker og kvittar oss med, som varer eller tenester, er forbruk. Sjølv om shopping gjerne er det første ordet som dukkar opp når vi høyrer ordet forbruk, er det altså meir enn det.

Straum, mat, klede, skylagring, ein busstur, eit kinobesøk og ein hårklipp er forbruk. Noko kjøper vi, noko låner vi, og noko leiger vi. Noko bruker vi berre ein gong, som til dømes mat. Andre ting kan vi bruke mange gonger, til dømes ein sykkel. Som menneske må vi forbruke. Ein del ting treng vi rett og slett for å overleve og ha det greitt.

Kor stort forbruk vi har, avgjer om vi lever berekraftig eller ikkje. Då handlar det både om oss som enkeltindivid og om samfunnet samla sett.

Utfordringar ved forbruket vårt

Utfordringa er at alt forbruk krev naturressursar, energi og areal. Forbruk skaper òg avfall, forureining og klimagassutslepp. Forbruket vårt påverkar jordkloden på ganske mange måtar, og no overforbruker vi. Vi bruker meir enn vi treng, og det går ut over naturen og evna naturen har til å tilfredsstille behova våre i framtida.

  • Rapportar frå Global Footprint Network viser at vi bruker meir naturressursar enn naturen klarer å regenerere (u.å.).

  • Biologane Sverdrup-Thygeson, Vandvik, Hessen og Steel slår fast at vi har ei naturkrise, òg i Noreg, på grunn av måten vi naturen på (2025).

  • Miljødirektoratet slår fast at klimagassutsleppa våre fører til global oppvarming og meir ekstremvêr (2022).

  • Miljødirektoratet seier òg at vi produserer store mengder avfall, og mykje av det kjem på avvegar og forureinar (2024).

Døme: Forbruk av kopar

Vi treng straum, både til å la mobilen, få lys i huset og bruke elsparkesykkelen. I Noreg blir straum stort sett produsert av vasskraft, og straumen kjem til huset vårt via straumnettet. Det som gjer dette mogleg, er at det er kopar i straumleidningane.

I ei verd som blir elektrifisert meir og meir, aukar behovet for kopar. Kopar er eit metall som blir henta ut frå . For å få ut eitt kilo rein kopar må ein ofte vinne ut heile 100 kilo koparmalm. Eitt kilo kopar gir 99 kilo avfall allereie før vi har laga noko av det! I tillegg krev prosessen med å vinne ut og prosessere kobbar store mengder energi.

Koparutvinning har med andre ord hatt stor miljøpåverknad allereie før det har blitt eit stoff vi kan bruke i produksjon av elsparkesyklar, elbilar og leidningar. Dette viser korleis alt forbruk òg har ein stor kostnad, både for menneske og naturen.

Forbruket vårt er ikkje berekraftig

Vi kan måle om vi lever berekraftig, ved å undersøke tolegrensene til planeten. Då ser forskarar på om jorda har det som skal til for å gi oss menneske høve til å leve gode liv. Forskarane er einige om at vi overskrid stadig fleire av tolegrensene til planeten, noko som er eit tydeleg teikn på at vi overforbruker og ikkje lever berekraftig.

Global oppvarming er ein annan indikasjon på at levemåten vår og forbruket vårt i dag ikkje er berekraftig. Les meir i fagartikkelen "Ulike mål på forbruk og berekraft".

Ikkje alle forbruker like mykje

Dei 10 prosent rikaste har på grunn av klimautslepp stått for to tredjedelar av den globale oppvarminga (Tandon, 2025; Fløtre & Strand, 2025). Alle som har ei årsinntekt på minst 500 000 kroner, er blant dei 10 prosent rikaste, og dette gjeld mange nordmenn. Så forbruket er skeivt fordelt, og veldig mange nordmenn er blant dei som overforbruker mest og lever minst berekraftig.

Når vi ser på forbruket vårt, er det store forskjellar mellom ulike land og store forskjellar internt i land. Vi kan derfor finne enkeltpersonar og grupper som lever berekraftig i alle land, og nokre land som lever innanfor tolegrensene til planeten.

Figuren viser forskjellar mellom land i energiforbruk. Energiforbruk seier òg noko om kor berekraftig forbruket vårt er.


Test deg sjølv

Kjelder

Conway, E. (2024). Material World. W H Allen.

Fløtre, I. A. & Strand, H. H. (2025, 3. juni). Hva er vanlig lønn i Norge? Statistisk sentralbyrå. https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/lonn-og-arbeidskraftkostnader/artikler/hva-er-vanlig-lonn-i-norge

Global Footprint Network. (u.å.). Past Earth Overshoot Days. http://overshoot.footprintnetwork.org/newsroom/past-earth-overshoot-days/

Miljødirektoratet. (2022, 4. april). Ekstremvær. https://www.miljodirektoratet.no/ansvarsomrader/klima/fns-klimapanel-ipcc/dette-sier-fns-klimapanel/sjette-hovedrapport/ekstremvar/

Miljødirektoratet. (2024, 21. oktober). Mikroplast. https://www.miljodirektoratet.no/ansvarsomrader/avfall/plast-i-havet/mikroplast/

Nilsen, H. R. (2023, 18. februar). Planetens tålegrenser. I Store norske leksikon. https://snl.no/planetens_tålegrenser

Riise, A. B. (2021). Mitt klimaregnskap. Res publica.

Sverdrup-Thygeson, A., Vandvik, V., Hessen, D. O. & Steel, C. (2025, 10. juli). Naturkrisen er dessverre en realitet, også i Norge. Noregs miljø- og biovitskapelege universitet. https://www.nmbu.no/forskning/naturkrisen-er-dessverre-en-realitet-ogsa-i-norge

Tandon, A. (2025, 7. mai). Two-thirds of global warming since 1990 caused by world’s ‘wealthiest 10%’. Carbon brief. https://www.carbonbrief.org/two-thirds-of-global-warming-since-1990-caused-by-worlds-wealthiest-10/

Skrive av Hans Græsli.
Sist oppdatert 30.09.2025