Ulike mål på forbruk og berekraft

Gode målemetodar gjer berekraftig endring enklare
Dei fleste nordmenn, Noreg som land og verda samla sett har eit overforbruk av ressursane på jorda. Gode målemetodar kan hjelpe oss å gjere noko med dette.
Ulike målemetodar gir kunnskap om fleire problematiske sider ved forbruket vårt og måten vi bruker naturressursar på. Dei er gode verktøy når vi skal bli meir berekraftige. Då kan vi måle og finne ut kva som er problematisk. Deretter kan vi gjennomføre tiltak og måle på nytt for å finne ut om endringane fungerer.
Du kan lære meir om overforbruket vårt i artikkelen "Forbruket vårt er ikkje berekraftig".
Tolegrensene til planeten
Tolegrensene til planeten er eit mål som seier noko om statusen til jordkloden og kor robust han er.
Forskarar har laga eit rammeverk med ni kategoriar for å måle tolegrensene til planeten. Dei ni kategoriane er klimaendringar, biologisk mangfald, endringar i arealbruk, biokjemiske kretsløp, forureining, havforsuring, aerosolar i atmosfæren og ozonlaget. I 2023 var vi utanfor dei trygge grensene i seks av dei ni kategoriane.
Vi kan ikkje bruke dette målet til å seie noko om enkeltpersonar lever berekraftig, men om befolkninga i verda samla sett gjer det. Forskarane er einige om at stadig fleire av tolegrensene til planeten blir overskridne, noko som er eit tydeleg teikn på at vi ikkje lever berekraftig.
Økologisk fotavtrykk
Økologisk fotavtrykk er eit mål på kor store område med natur forbruket vårt krev. Det handlar om kor mykje natur vi treng for å produsere alt vi forbruker, og for å handtere avfallet vi skaper.
For å finne ut korleis vi kan leve berekraftig, måler vi kor mykje produktiv natur vi har, og deler dette på talet på menneske på jordkloden. Då får vi eit mål på kor stort økologisk fotavtrykk vi kan ha. Når vi har befolkningsvekst, blir arealet kvar enkelt kan bruke, mindre, og det same gjeld viss vi bygger ned natur. I 2022 hadde vi ein økologisk kapasitet på 1,5 hektar per person i verda, mens nordmenn hadde eit avtrykk tilsvarande 4,5 hektar (Global Footprint Network, 2022).
Vi kan måle det økologiske fotavtrykket til enkeltpersonar, land eller verda samla sett. For land måler vi kor mange jordklodar vi hadde trunge for å dekke det økologiske fotavtrykket til innbyggarane dersom heile verda hadde hatt det same avtrykket. Dersom alle skulle ha hatt det fotavtrykket vi nordmenn har, hadde vi trunge tre jordklodar!

Earth overshoot day – overforbruksdagen
Kvart år bruker vi meir enn den økologiske kapasiteten til jorda. Den dagen vi har brukt like mykje som jorda klarer å produsere på eit år, kallar vi overforbruksdagen.
Tenk deg at du får heile årslønna di utbetalt i starten av året, men i august har du brukt opp heile lønna. Resten av året må du leve på kreditt eller få forskot på lønna for neste år. Dagen du har brukt opp lønna for i år, er litt det same som overforbruksdagen.
Alt vi bruker etter datoen for overforbruksdagen, er overforbruk av naturressursar som vatn, mineral, skog og jordsmonn.

Geografiske klimagassutslepp
Klimagassutslepp innanfor eit bestemt område, til dømes eit land, kallar vi geografiske utslepp eller territoriale utslepp.
I internasjonale klimaforhandlingar og samarbeid er dette den vanlegaste måten å måle utslepp på. Då får kvart enkelt land ansvaret for å få ned utsleppa i landet sitt. Det er bra, fordi det er enklast for Noreg og norske styresmakter å gjere noko med desse utsleppa.
Det denne målemetoden ikkje fangar opp, er alt det som skjer i såkalla internasjonale soner, som internasjonal luftfart og skipstrafikk. Kven skal ha ansvar for desse utsleppa? Ei anna utfordring er at tinga vi kjøper, gjerne er produserte i andre land. Dermed vil ikkje utsleppa knytte til kleda eg kjøper, eller mobilen min bli knytte til meg og Noreg, men bli ein del av dei geografiske klimagassutsleppa til heilt andre land.
Dersom vi berre bryr oss om geografiske utslepp, er det ein fare for at vi gløymer å gjere noko med overforbruket vårt av varer og tenester som er produserte i andre land, eller med overforbruk av naturressursar og forureining i andre land.
Figuren under viser norske klimagassutslepp totalt og fordelte på sektorar i perioden 1990–2023. Klimagassutsleppa er målte i millionar tonn CO2-ekvivalentar.
Klimaavtrykk

Klimaavtrykk (eller klimafotavtrykk) handlar om dei klimagassutsleppa som følger av forbruket vårt – anten vi snakkar om ein person, ei bedrift, eit produkt eller eit heilt land.
Når du kjøper ei vare, kan råvarene vere henta frå eit land og produksjonen gå føre seg i eit anna, og vara kan vere frakta over lange avstandar. Utsleppa skjer i ulike land og inngår i dei geografiske utsleppa deira. Men dei inngår òg i klimaavtrykket ditt fordi dei er knytte til forbruket ditt.
Å måle klimaavtrykk gir eit godt bilete på kor store utslepp vi eigentleg forårsakar gjennom livsstil og forbruk. Samtidig seier det berre noko om klimagassar – ikkje om alle sider ved berekraft. Likevel heng klimaavtrykk ofte saman med andre faktorar som energibruk og ressursbruk, og det er derfor eit nyttig mål på kor berekraftig forbruket vårt er.
Livsløpsvurderingar
Vi kan òg vurdere berekraft og forbruk ved å ta utgangspunkt i eit produkt. Livsløpsvurderingar er ei systematisk vurdering av berekraft gjennom heile livsløpet til eit produkt eller produktsystem. Då vurderer vi alt frå råvareinnsamlinga til produktet endar som avfall eller ressursar til nye produkt.
Gjennom gode livsløpsvurderingar kan vi få god oversikt over kor berekraftig produktet er, og kva delar av livsløpet det kan og bør gjerast noko med.
Film: Livsløpsvurderingar
Filmen (lengde 2:59) forklarer kva livsløpsvurderingar er, og kvifor heile livsløpet til eit produkt eller ei teneste er viktig.
Andre måtar å måle på
Det finst tallause måtar å måle kor berekraftig vi lever på, men ingen målemetode får med alt. Kva mål vi bruker, avheng av kva vi ønsker å undersøke. Her er døme på andre måtar vi kan måle kor berekraftig forbruket vårt er på:
Vassforbruk: Korleis er vassforbruket til ein person, eit land eller verda samla sett?
Energiforbruk: Kor stort energiforbruk har vi, og kor mykje kjem frå berekraftige energikjelder?
Living planet index: Korleis står det til med naturmangfaldet og alle artane?
Happy planet index: Kva er summen av kor bra folk har det, og kor stort klimaavtrykk dei har i eit land?
Materialfotavtrykk: Kor store mengder materiale forbruker eg og andre nordmenn i dag?