Introduksjon til Forbruk
1. Film med oppgåver
A. Aktiver forkunnskapane dine
Diskuter kort i mindre grupper eller felles i klassen før de ser filmen:
Kva trur de ein siktar til med forbruk?
Korleis heng forbruk og berekraft saman?
B. Sjå filmen
Sjå filmen Forbruk (lengde 1:46 min).
C. Diskuter spørsmåla
Reflekter rundt spørsmåla under åleine i to–tre minutt først. Diskuter deretter spørsmåla i grupper. Korleis heng forbruk og ressursbruk saman?
Lever eg berekraftig? Kvifor eller kvifor ikkje?
Korleis kan vi forbruke meir berekraftig?
Til slutt styrer læraren ein samanfattande klassesamtale.
2. Introduksjonsøving
A. Individuelt: Kor mange naturressursar bruker vi?
Finn fram penn og papir.
Start ei nedteljing på to minutt.
Skriv ned konkrete naturressursar du omgir deg med og bruker i kvardagen (til dømes tømmer, litium og bomull). Råstoff kan òg vere naturressursar. Skriv ned så mange som mogleg før dei to minutta er over.
B. I grupper: Reflekter
Gå saman i grupper på to–fire elevar og diskuter spørsmåla:
Kor mange naturressursar kom de på til saman?
Er de medvitne alle naturressursane vi omgir oss med og er avhengige av?
Vi må bruke naturressursar for å overleve og ha det greitt. Men korleis kan vi bruke naturressursane mest mogleg berekraftig?
B. I klassen: Kva har dei andre tenkt?
Læraren styrer ein felles gjennomgang i klassen. Kvar gruppe kan kort presentere éin ting dei diskuterte.