Jobb kreativt med berekraft og det gode liv

Oppgåve
Lag ei historie eller ein presentasjon som seier noko om korleis vi kan ha eit berekraftig forbruk og samtidig leve gode liv i framtida.
Kva er problemet i dag? Kvifor lever vi ikkje berekraftig?
Korleis kan vi klare å endre samfunnet?
Korleis kan eit berekraftig og godt liv sjå ut i framtida?
Forma er valfri, men vi har lagt inn tre ulike forslag under.
Forslag til form
1. Lag slampoesi om forbruk og det gode liv
Lag slampoesi med bodskap om korleis eit godt liv med berekraftig forbruk kan vere. Kva er vi opptekne av då? Korleis lever vi? Kva kjøper vi?
Slampoesi (eller poesislam) er ei diktform inspirert av ulike sjangrar som teater, standup, hiphop og rapp. Dikta har ei fri form, men er ofte artige, leikne og rytmiske. Sjølve framføringa er ein viktig del av slampoesien.
Søk gjerne på slampoesi på nettet eller sjå Åsmunds Seips framføring av "Eg vil merkast av livet" på Vimeo dersom du treng å sjå nokre døme.
2. Krafta til sommarfugleffekten
Skriv ei forteljing om forbruket i framtida der ei lita hending har sett i gang store endringar i heile verda. Dette blir gjerne kalla sommarfugleffekten.
Sommarfugleffekten betyr at ei lita hending kan få store følger. Namnet kjem frå idéen om at eit lite vengeslag frå ein sommarfugl på den eine sida av jorda kan setje i gang små endringar i lufta, som til slutt kan bidra til å endrevêret på den andre sida av jorda. Poenget er at små ting av og til kan vekse og få mykje større konsekvensar enn vi kunne føresjå.
Viss du treng inspirasjon, kan du sjekke ut Knutsen og Ludvigsens song "Eventyret om ein melodi".
3. Biletforteljing om framtida
Lag ei biletforteljing av korleis ei verd med eit meir berekraftig forbruk kan sjå ut.
Tre forslag til korleis dette kan løysast:
Teikn bilete og set det saman med tekst. Det bør vere minst fire ulike bilete.
Teikn ei teikneseriestripe med teikningar og tekst. Det bør vere minst seks teikneserieruter.
Lag ei digital biletforteljing. Det bør vere minst åtte bilete sette saman med tekst og lyd som til saman utgjer ei god forteljing.